Den største skilnaden mellom vårt distrikt og områder med lengre vekstsesong er val av vekstar. Fleirårig raigras er dominerande i andre distrikt, noko som ikkje går her da den ikkje greier overvintringa. Vi må så dei blandingane vi brukar elles i enga, noko som er meir usikkert enn raigras. Raigraset og raudkløver har store frø, engsvingel har ganske store frø, og klarar seg derfor godt i ei isåing. Timotei og engrapp har små frø og klarar seg dårlegare.


  • Isåing i ei open 1. eller 2. års eng har stort sett fungert bra.
  • Isåinga bør gjerast tidleg om våren, det må vera tørre forhold når arbeidet vert gjort og det bør vere jamn og godt tilgang på fuktighet etterpå.
  • Ein skal ikkje så for djupt, nokre grasfrø spirar ikkje i det heile om dei vert sådd under 2,5 cm.
  • Tommelfingerregelen er at diameteren på frøet gange 10 er lik så djupna. Høveleg så djupn for grasfrø er mellom 1-2,5 cm.
  • Det betyr mindre kva maskintype som vert brukt, men grasfrøet må komma i kontakt med laus jord. Jorda skal vere luftig og porøs slik at luft kjem til, og vatnet vert drenert bort. Sjølvdrenerande sandjord egnar seg bra. Unngå for mykje dødt plantemateriale i overflata, da dette produserar spirehemmande stoff. Mange utprøvingar har vist at «alt» fungerer så lenge grunnprinsippa er på plass.
  • Det nytter ikkje å så inn i gammal eng med tett grasbotn der konkurransen frå andre planter er stor, som tunrapp og kveke. Da er det full jordarbeiding som må til. I gammel eng gjelder jungelloven: Den sterkeste overlever. -og det er ikke nyspirt timoteifrø (sitat: Siv Nilsen)
  • På areal med opne flekkar har ein positive erfaringar med å direkteså etter slåtten
  • Om det er store areal med overvintringsskade og ein ikkje rekk å pløye all gamalenga, kan det å så eittårig raigras vere eit alternativ, for å få avling dette året.

Er det store problem med overvintringskader må ein vurdere om det er tilstanden i jorda som kan betrast. Pløying for å løse opp Jordpakking, drenering, kalking mm. Mylding med svartkalk er vanleg i områder med lang vinter.

Kjelde:
Forsøk i Oppdal etter overvintringskader, 1997
Fagmøte om grovforavlingar og isåing 2013 på Jæren av Ragnvald Gramstad
Er forenkla jordarbeiding aktuelt i eng? Tekst: Siv Nilsen, NLR Sør-Trøndelag