Det grønkast på solvende bøar, kvitrar frå vipa og luktar hevd. Sikre vårteikn. På denne tida passar det å ta seg ein tur i enga for å gjera opp status etter vinteren.

Så kva gras veks det eigentleg i enga mi?

Tidleg vargjodsling 2020 Foto Bard Oliver Gjellestad
Timotei i ny eng. Foto Bård Oliver Gjellestad

Timotei

Timoteien har matte blad. På våren kan den ofte vera litt lilla når det er sol og kjøleg vêr. Står som enkelte skot/planter som buskar seg seinare på våren. Open bladslire, ikkje bladøyre.

Kveke danner matter Foto Bjorg Karin Dysjaland
Kveke kan likna på timotei ovanfrå - stikk ein spade i jorda om du lurer! (bla for å sjå jordstenglane) Foto Bjørg Karin Dysjaland
Kvekeroter Foto Bjorg Karin Dysjaland
Kveke kan likna på timotei ovanfrå - stikk ein spade i jorda om du lurer! (bla for å sjå jordstenglane) Foto Bjørg Karin Dysjaland

Kveke

Ein annan med matte blad er kveka. Samanlikna med timoteien, så ligg den nok litt treigare an i utviklinga på våren. Ofte håra på nederste bladslire og under bladplata. Når den kjem, står den mange gonger som eit jamt teppe av like skot i nokre kvadratmeter av enga. Er du usikker på om det er kveke? Stikk ein spade nedi og sjå etter dei krypande jordstenglane.

Fleirarig raigras Foto Bjorg Karin Dysjaland
Fleirårig raigras, mørk farge og bretta blad. Foto Bjørg Karin Dysjaland

Fleirårig raigras

Dette er det mørkegrøne graset i enga som vaknar til live først. Står som spreidde skot med ein utruleg evne til å dekka opp arealet i buskinga seinare på våren. Ei ny eng ser ut som eit teppe, på gammal eng er det gjerne berre grøne dottar igjen som har overlevd. Har nokså smale blad med ein tydeleg brett i og blank underside.

Italiensk raigras danner hogreiste tuer Foto Bjorg Karin Dysjaland
Italiensk raigras, høgreiste tuer. Tidleg gras som er blank på undersida av bladplata (som alt raigras og engsvingel). Foto Bjørg Karin Dysjaland
Alt raigras og engsvingel har blank underside av blad Foto Bjorg Karin Dysjaland
Italiensk raigras, høgreiste tuer. Tidleg gras som er blank på undersida av bladplata (som alt raigras og engsvingel). Foto Bjørg Karin Dysjaland

Italiensk raigras

Det eitt- og toårige raigraset kan ein skilja ut som høgreiste tuer, som er veldig tidleg i gang. Blada er mykje breiare enn fleirårig raigras, og skotet rulla. Blank på undersida av bladet. Gras som er blankt på undersida er enten ein type raigras eller engsvingel.

Hundegras danner tuer Foto Bjorg Karin Dysjaland
Hundegras veks i tuer og har tydeleg bretta blad. Foto Bjørg Karin Dysjaland

Hundegras

Hundegraset er òg eit gras med matt farge, ganske mørk grøn det meste av sesongen, men faktisk lys og bleik akkurat nå ved vekststart. Tidleg på an både til våren og med skyting til slått. Veks i tydelege tuer, og har tydeleg brett i blada og bretta skot.

Tunrapp Foto Bjorg Karin Dysjaland
Tunrapp har bretta blad med båtkjøl i enden. Foto Bjørg Karin Dysjaland

Tunrapp

Tunrappen dannar småe tuer. Heile planten vert ikkje særleg høg nokon gong i sesongen. Blada er bretta og har båtkjøl i enden. Det er vanleg at fleire blad har rynker som ser ut som tyggemerke. I vårt milde klima er det liv i den både sein haust og tidleg vår, og me fann den skytande nå i mars..

Tett botngras i gammal eng Foto Bjorg Karin Dysjaland
Tett botngras i gammal eng. Desse mattene er mange gonger rapp- eller kvein-artar. Vanskeleg å lukkast med direktesåing her fordi ein ikkje får god nok jordkontakt med frø.

Kva synst du om det du fann?

Når du veit kva du har og kor tett det er av kulturgras, så har du utgangspunkt for å meina noko om det.

Kva og om du bør setta inn tiltak avheng av kva avlingsmengder og kvalitet du treng? Ugras- og jordtilstand. Kva hausteregime satsar du på? Og er du utfordra av beitepress frå villt?

Her finst ikkje ein fasit som passar for alle, men me rådgjevarar i NLR er meir enn gjerne med på å diskutera oss fram til den beste løysinga for deg!