Hausteteknikk, vèrforhold, ensileringsprosess, silotype, utfôringsteknikk og avgjørelsane personen bak arbeidet gjer har ein del å seie for kor mykje av ein klarar å behalde av næringskvaliteten i graset.

Hausting og innlegging.

Ved direktehausting er det lite tap på enga, men ved fortørking må ein vere obs på at fleire omgangar med handtering gjev mekanisk tap som t.d. bladdryss særleg jo tørrare graset blir. Og i blada sit mykje av næringa som vi skal ta vare på. Minst mogleg handtering utover det som er nødvendig er viktig. Etter at graset er slått og før det er innlagt skjer det samtidig ei anding frå graset so lenge det er fuktigheit til stades. Andingstapet kan vere mellom 2- 5 % av tørrstoffet pr. dag desse forholda er tilgjengeleg, særleg om det er fuktig og varmt vêr. I tillegg vil uønska bakteriar, som et av næringsstoffane vi ønskar å bevare, stortrivast når det er oksygen og fuktigheit til stades og bryte graset ned til kompost. Vêrforhalda må ein og ha i tankane, kor det er viktig med ei rask opptørking av graset før innlegging for å redusere næringstapet. Nedbør uti fortørkinga er verre enn i det graset er nyslått, ettersom spalteopningane i planta då er meir opne og næringstoffane lettare vaskast ut. Tørrstofftapet kan då bli opptil 3 %.

Det er om å gjer å fortørke graset raskt, helst opp til 30 % tørrstoff, i gode vèrforhald med minst mogleg handteringsprosessar og pakke det raskt inn for å hindre vidare oksygentilgong.

For innlegginga sin del vil næringstapet påverkast av innleggingshastighet, størrelse på silooverflata og pakkegrad. Liten innleggingshastighet i silo med stor silooverflate vil gje større risiko for meir næringstap og skjemt fôr enn ved motsatte forhald. God pakking er viktig for å hindre luftboblar i massen kor det fortsatt vil vere nedbrytingsaktivitet ei god stund til, noko som gjev større næringstap og varmeutvikling.

Ensileringsprosessen.

Før innlagt gras er lagringstabilt er det vist seg at næringstapet kan utgjere opp til 20 % av totalt innhausta tørrstoffmengde. Årsaka er bakterieaktivitet som jobbar før mjølkesyrebakteriane har fått senka pH lågt nok til å stoppe all aktivitet. Det kan gå alt ifrå ei veke frå innlegging til opptil ein månad før massen når dette nivået og massen blir lagringsstabil. Tapet går ut som vatn, varme og ulike gassar. I forsøk gjort av Sveriges Landbruksuniversitet (SLU) vart 12 plansiloar, 3 tårnsiloar og 120 rundballar undersøkt, kor resultatet vart sprikandes tørrstofftap for dei ulike løysningane. Tap av tørrstoff var 14,1 % i plansilo, 23,2 % i tårnsilo og 1,1 % i rundball. Tapet i siloane hadde stor variasjon mellom gardane, noko som visar at ein god metode for innlegging av silo har meir å seie enn type silo. Garden i forsøket som hadde minst tap hadde langsam innlegging, noko som gav meir tid til pakking mellom kvart lass. Meir pakking redusera at oksygeninnslepp frå kantane og ved uttak når langt inn i massen. Rundballane hadde lågast næringstap i og med dei hadde god pakking, høgare tørrstoffinnhald og vart brukt med ein gong dei vart opna.

Ha difor fokus på god tetting og pakking i og med godt pakka og tette siloar kan ha inntil 10 % mindre tørrstofftap enn dårleg pakka og utette siloar. For rundballar er det t.d. viktig med aukande plastlag jo høgare ein ligg i tørrstoffprosent, samt minst mogleg flytting utover i lagringsperioden. Gjer det og vanskeleg for eventuelle skadedyr å nå rundballane.

Sjølv om direktehausta fôr har mindre tørrstofftap enn fortørka fôr før innlegging, har direktehausta fôr meir tap i pressaft enn i fortørka fôr. Pressafta tek t.d. gjerne med seg ein del kalium og vatnløselege vitamina utav massen. Tørrstofftapet via pressaft variera frå 0 til 20 % avhengig av tørrstoffinnhald i graset ved innlegging. Jo lågare tørrstoffinnhald, jo meir pressaft. Direktehaustar ein ved 18- 20 % tørrstoff i graset, må ein regne med at ¼ av massen kjem ut igjen i form av pressaft, og at tørrstofftapet er på om lag 5-7 %.

Uttak og utfôring.

SLU forsøket viste og at den tida siloen står open ved uttak utgjer den store tapsforskjellen mellom silo og rundball, då rundballen forbrukast raskt etter opning. Næringstapet er lite ved opning av silo, men aukar jo lengre siloen står open. Oksygentilførselen gjev då liv i uønska mikrobiell aktivitet i surfôret, som igjen aukar tørrstofftapet av næring som heller kunne gått i dyra. Massen har lett for å suge oksygen langt inn i massen på grunn av undertrykk, så i silo bør ein difor ta ut minst 5 cm av laget kvar dag for å unngå feilgjæring. Helst en del meir om tørrstoffinnhaldet er høgt, pakkinga har vore svak eller om ein riv ut fôret.

I same SLU forsøket var tapet via vraka fôr hos dyra målt til 2 % tørrstofftap av produsert fôr. Dyra er selektive og plukkar ut det beste surfôret om råd er, så det er om å gjer at prosessane i forkant har bevart mest mogleg av næringa i surfôret så fôret fortsatt er appetitteleg. Unngå at tilbydd fôr blir liggande utsett for nedbør, forurensing eller lufttilgang over lang tid. Andre faktorar som blant anna sukkerinnhald, plantesamansetning, kuttelengde, haustetidspunkt og forhold hos dyret spelar og ei innverknad på kor mykje fôr som blir ete utan at ein går nærmare inn på dette no.

Nlr 46481665789
Figur 1. Illustrerer kva faktorer som gjev mest tørrstofftap til ulik tørrstoffnivå. Minst tørrstofftap får ein om ein fortørkar til rundt 30 %. Har ein blaut grasmasse blir det ein del næringstap via pressaft, mens ved tørrare forhold mistar ein gjerne meir næring i bladdryss ved handtering. Ånding og gjæringstap er til stade heile tida på grunn av mikrobeaktivitet og anding, særleg i fuktige forhold. Foto: LNV

Oppsummert reknar ein med at om lag 12 - 20 % av tørrstoffinnhaldet i fersk gras går tapt når det vert til surfôr og massen er gitt til dyra. Gjer deg gjerne opp ein tanke kor du trur tapet er størst i din surfôrproduksjon og prøv å forbetre dette området no i år.

Rundballer