God beitedrift gjev høve til lave fôrkostnader

I store delar av landet kan småfe og storfe ha klima for beiting frå mai til oktober. Det kan utgjere over 40% av året. Det er også gjort registreringar som viser at beitande mjølkekyr har eit opptak av beitegras på 10 kg ts og høgare i beitesesongen. På mange gardsbruk kan det vere ei realistisk målsetting for beitedrifta at kua tek opp 30% av årsbehovet for grovfôr på beiteareala.

Statistikken frå husdyrkontrollen viser at om lag 10% av forseddelen i dag består av beitegras. Mange mjølkeprodusentar har truleg eit stort potensiale for betre lønsemd gjennom meir beiting. Likevel er det mange som synest det er vanskeleg å sjå at deira drift kan ha eit slikt potensiale.

Mange opplever beitedrift som utfordrande

Ei av utfordringane som blir nemnt er opptrakking og gjørmete område, m.a. i tilknyting til driftsvegane mellom fjøs og beiteareal og i områda inn og ut av beiteareala. Dei mange nye fjøsane med omkring 60 mjølkekyr er i tillegg ein ny situasjon for mange gardbrukarar; det at det er ei stor gruppe dyr som no skal vandre mellom fjøs og beiteområde.

Erfaringane frå drift av fellesbeita kan vere gull verdt

På 1980- talet vart det rundt i landet opparbeidd fellesbeite i mange bygder. Store areal på fjellet vart dyrka opp, det vart sett opp ei enkel fjøsbygning, og dyr frå mange buskapar vart samla til ein flokk. Gjerne frå 50 – 120 kyr. Mykje likt det som er buskapsstorleiken på mange av dagens robotfjøsar.

Løysingar som fungerte på fellesbeita

Nok og gode driftsvegar

I samband med etablering av fellesbeita vart det ofte dyrka opp areal, gjerne område med eit tynt torvlag over morene. Det vart dyrka opp relativt store samanhengande område med djupe opne kanalar mellom. Kanaloppkastet; undergrunnsjord med varierande samansetning av silt, sand, grovare partiklar, vart jamna ut oppe på kanalkanten. På dette kanaloppkastet vart det sletta til driftsvegar både for dyr og maskiner. Med ei tjukne på 20 – 30 cm på kanaloppkastet blir det etablert eit stabilt dekke, som når det blir pakka er hardt i overflata. Eit viktig poeng er at det ikkje blir blanda inn humus/organisk materiale i massen, samt at det må vere eit godt fall på overflata, slik at vatn ikkje blir ståande inne på dekket. Dersom det er mykje skarpkanta stein i kanaloppkastet, har det vore lagt ei stripe med fin natursand langs midten av driftsvegen. Denne stripa vart føretrekt av dyra.

2013 05 072011 04 40
Gode undergrunnsmassar godt egna til omgraving og til bygging av driftsvegar. Frå Fræna i Møre og Romsdal. Foto Landbruk Nordvest.
DSCF0010
Treflis som matte i overgang mellom driftsveg og beiteareal må vere så grov at vatn drenerer ned gjennom laget

Planlegg områda for inn og utgang av beitearealet