Halm frå korndyrkinga og frøhøyhalm har slike eigenskapar, og det blir år om anna frakta mange trailerlass med slikt grovfôr hit til Nordvestlandet. Dette er ein grovfôrkvalitet vi bør kunne produsere sjølve.

Sinkufor i rundball
Rundballe med sinkufôr. Foto Maud Grøtta

Enkelt forsøk gjennomført hos Skodje Samdrift

Sommaren 2020 vart det, i velvillig samarbeid med Skodje Samdrift, gjennomført prøveproduksjon av sinkufôr på to teigar hos samdrifta. Grassvoren var eldre blandingseng. Det var planlagt slikt opplegg

  • Arealet skulle gjødslast etter mal for produksjon av engfrø (frøhøy)
  • Arealet skulle haustast ein fineversperiode omring månadsskiftet juli-august.
  • Arealet kunne gjødslast på att for ein andre slått i første halvdel av september
  • Gjødslinga skulle om mogleg gje lavt innhald av kalium i fôret
  • Forprøver skulle takast ut, og foret skulle vurderast om det var egna til erstatning for halm/frøhøyhalm i ein sinku-rasjon

Opplegget vart gjennomført etter plan. Første slått vart hausta 25. juli og godt fortørka. Fôret vart lagra i rundballar.

Sent hosta grovfor
Slik såg det seint hausta foret ut ved opning av rundball 15.september. Foto Maud Grøtta

Tilfredsstillande lågt

Det vart teke ut prøve for analyse. Næringsinnhaldet viser som venta eit lågt proteininnhald, grunna svak nitrogengjødsling. Energiinnhaldet er tilfredsstillande lågt, sjølv om det er noko høgare enn for ubehandla halm. I følgje fôringsrådgivar Bozena Farstad i TINE er dette egna som sinkufôr, men det må kanskje tilførast noko protein i rasjonen.

Liknande analyseresultat i ei førsteårs eng

I samband med eit forsøk hos Stordal samdrift vart det sett att ein ugjødsla kantsone rundt forsøksfeltet. Grassvoren bestod i hovudsak av timotei. Denne vart hausta 10. august og sluttørka på varmluftstørke.

Energiinnhaldet i denne forprøven var enno lågare enn i fôret på Skodje (NEL 20: 5,07 MJ pr kg TS mot 5,14). Det same med proteininnhaldet (32 gr./kg TS mot 62).

Grovforanalyse skodje 1 2020
Analyseresultatet frå prøve av sinkuforet til Skodje samdrift.
Grovforanalyse mineral skodje 1 2020
Analyseresultatet frå prøve av sinkuforet til Skodje samdrift.

Vil det ha noko for seg å produsere sinkufôret sjølv?

  • Dette er nok mest aktuelt for den som har rikeleg med areal, og som har kapasitet til å gjere jobben sjølv.
  • Du vil få lågare avling pr dekar på arealet
  • Der vil kanskje bli litt ekstra arbeid knytt til denne produksjonen
  • Har du nok areal og litt ledig tid vil du truleg ha brukbart betalt for denne produksjonen. Ved innkjøp av frøhøyhalm eller vanleg halm frå austlandet ser det ut til at prisen ligg på omkring 2,50- 2,70 kr pr kg levert. Ein rundball med ts% omkring 75 veg omlag 450 kg. Dersom din eigenproduksjon av sinkufôr kan erstatte innkjøpt halm vil du altså kunne rekne deg ei bruttoinntekt på om lag 1100 kr pr ball.
  • Det er kanskje av dei betre betalte aktivitetane på garden?

Skodje samdrift vil etter kvart starte fôring med det eigenproduserte sinkufôret. Vi vil følgje dette opp i fôringsperioden.

Grovfor 3
Streng av 1. års eng hausta 10.08.2020. Ugjødsla kantsone rundt forsøksfelt i Stordal. Foto Jon G. Lied.

Takk til

Skodje samdrift med Halvar, Petter Arne, Mikal og Eirik for dugnadsinnsatsen. Vidare TINE v Bozena Farstad samt Asle, Per Kristian og Per Ivar for nyttige drøftingar.