Artikkelen er første gang publisert i Buskap nr 3 - 2017.
I store delar av landet kan småfe og storfe ha klima for beiting frå mai til oktober. Det kan utgjere over 40 prosent av året. Det er også gjort registreringar som viser at beitande mjølkekyr har eit opptak av beitegras på 10 kg tørrstoff (ts) og høgare i beitesesongen. På mange gardsbruk kan det vere ei realistisk målsetting for beitedrifta at kua tek opp 30 prosent av årsbehovet for grovfôr på beiteareala.
Statistikken frå Kukontrollen viser at om lag 10 prosent av fôrseddelen i dag består av beitegras. Mange mjølkeprodusentar har truleg eit stort potensial for betre lønsemd gjennom meir beiting. Likevel er det mange som synest det er vanskeleg å sjå at deira drift kan ha eit slikt potensiale.
Beitedrift er utfordrende
Ei av utfordringane som blir nemnt er opptrakking og gjørmete område, mellom anna i tilknyting til driftsvegane mellom fjøs og beiteareal og i områda inn og ut av beiteareala. Dei mange nye fjøsane med omkring 60 mjølkekyr er i tillegg ein ny situasjon for mange gardbrukarar; det at det er ei stor gruppe dyr som no skal vandre mellom fjøs og beiteområde.
På 1980-talet vart det rundt i landet opparbeidd fellesbeite i mange bygder. Store areal på fjellet vart dyrka opp, det vart sett opp ei enkel fjøsbygning, og dyr frå mange buskapar vart samla til ein flokk. Gjerne frå 50 – 120 kyr. Mykje likt det som er buskapsstorleiken på mange av dagens robotfjøsar. Desse erfaringane er gull verdt.
Planlegg områda for inn- og utgang av beitearealet
Løysingar som fungerte på fellesbeita
Nok og gode driftsvegar
I samband med etablering av fellesbeita vart det ofte dyrka opp areal, gjerne område med eit tynt torvlag over morene. Det vart dyrka opp relativt store samanhengande område med djupe opne kanalar mellom. Kanaloppkastet; undergrunnsjord med varierande samansetning av silt, sand, grovare partiklar, vart jamna ut oppe på kanalkanten. På dette kanaloppkastet vart det sletta til driftsvegar både for dyr og maskiner. Med ei tjukne på 20 – 30 cm på kanaloppkastet blir det etablert eit stabilt dekke, som når det blir pakka er hardt i overflata. Eit viktig poeng er at det ikkje blir blanda inn humus/ organisk materiale i massen, samt at det må vere eit godt fall på overflata, slik at vatn ikkje blir ståande inne på dekket. Dersom det er mykje skarpkanta stein i kanaloppkastet, har det vore lagt ei stripe med fin natursand langs midten av driftsvegen. Denne stripa vart føretrekt av dyra.
Hos somme bønder vil det vere vanskeleg å finne undergrunnsjord av høveleg kvalitet. Der vil ei aktuell løysing vere å legge duk over aktuelle massar, for så å legge eit høveleg berelag (berre kutrafikk klarer seg med tynnare lag enn der ein også skal køyre med tunge maskinar). Dette laget må ha evne til å sette seg godt. Ikkje alt for grove knuste steinmassar, med eit topplag av fin natursand over, vil ofte fungere. Det er også her viktig å bygge vegen slik at vatn renn av raskast mogeleg. Veggrøft er derfor heilt avgjerande.
Driftsvegar på tvers i terrenget
Det er viktig å få fjerna overflatevatn inne på beiteareala så raskt som mogeleg, for å redusere faren for opptrakking av grassvoren i samband med regnversperiodar. I hallande terreng vil det vere gunstig å legge driftsvegane på tvers av terrenget, slik at veggrøfta kan samle opp eventuelt overflatevatn.
Ei rundløype for kyrne kan vere ein fordel
Dersom det er mogeleg å etablere eit vegnett slik at dyra får einvegskøyring på sine turar mellom fjøs og beiteareal, vil det truleg vere ein fordel, særskilt for området der ein går inn og ut av beitearealet. Det er i denne overgangen mellom eit hardt fast vegdekke og matjorda inne på beiteområdet, at ein oftast opplever at det blir opptrakka og blautt; av og til så utriveleg at dyra kvier seg for å gå over arealet.
Å etablere ei rundløype der dyra har inngangen til arealet lengst borte frå fjøsen, og kan beite seg heimover mot fjøsen og ha utgang frå arealet i området nærast vil redusere trakkbelastninga på dei mest utsette områda.
Gode beite krev investeringar
På dei fleste gardsbruk vil tilrettelegging for beitedrift krevje både arbeid og investeringar. Men god beitedrift har potensial til stor gevinst både ved lågare kraftfôrkostnader, og lågare totale grovfôrkostnader.
Opparbeiding av driftsvegar vil truleg vere den største investeringa. Derfor er det viktig å lage til gode løysingar som både dyra og røktarane er godt nøyde med. Legg vinn på å utforme varige løysingar med minst mogeleg vedlikehaldsbehov.