Våt jord

Ugras siv
Siv, både knappsiv og lyssiv, likar seg på våte beite. Foto: Lars Kjetil Flesland

Dersom det er våt jord vil som regel finne større mengder av desse plantane: Knereverumpe, paddesiv, sølvbunke, mannasøtegras, krypsoleie, engsoleie og lyssiv. Nokre av desse vil vi også finne der jorda er sterkt pakka, og difor har lite porevolum (knereverumpe og paddesiv).

Tiltak ved våt jord:

Drener dei våte partia. Det er sjeldan lønsamt med systematisk grøfting av beite. Men ei og anna open avskjeringsgrøft har stor effekt og vil ofte heve beitekvaliteten mange hakk.


Sur jord

Ugras matsyre a
Beite der matsyre dominerer. Foto: Lars Kjetil Flesland

Dersom det er sur jord vil ein som regel finne større mengder av ein eller fleire av desse plantene:

Engsyre, småsyre, engkvein, sølvbunke, stemorsblom.

Tiltak ved sur jord:

Kalking kan gjerast heile året, så lenge det er køyrbart. Sjekk alltid pris pr. tonn opp mot CaO-verdien på varen. Det går bra å køyre 400 kg kalk/daa i beitene. Der er ikkje noko problem å kalke medan det går dyr på beitet.

Du kan kalke beita heile året!

Kalking av beite kan skje heile året, når vi brukar moderate kalkmengder. For store mengder med kalksteinsmjøl, eller dersom vi bruka brent- eller halvbrent kalk, er det fare for at graset vert svidd.


Næringsfattig jord

Ugras kystmaure
Kystmaure. Foto: Lars Kjetil Flesland.

Dersom jorda er næringsfattig vil vi som regel finne større mengder av ein eller fleire av desse plantene:

Kvein, raudsvingel, småsyre, følblom, mose, finnskjegg, smyle. kystmaure, gulaks.

Tiltak ved næringsfattig jord:

Auka gjødsling. Dersom arealet er godkjent som spreieareal, vil husdyrgjødsel ofte gjere underverk på slik jord. Dette tilfører organisk materiale i tillegg til lett tilgjengeleg næring og stimulerer dermed jordlivet. Er beitet ikkje godkjent som spreieareal vil gjødselslag som Helgjødsel eller Fullgjødsel 22-2-12 og Fullgjødsel 18-3-15 vere gode alternativ.


Hardt beitepress

Ugras mose
Sterkt beita sauebeite, der engmose har tatt over. Foto: Lars Kjetil Flesland

Dersom beitet er utsett for hardt beitepress vil ein som regel finne større mengder av ein eller fleire av desse plantene:

Vassarve (god jord), kjeldeurt (våt jord), mose. Hardt beitepress vil ofte føre til trakkskader der eit- toårige ugras kan etablera seg. Slike som myrtistel og revebjølle.

Tiltak ved for hardt beitepress:

Redusert beitepress eller auka gjødslingsnivå. Vassarve og kjeldeurt er begge eittårige, og vil raskt forsvinne dersom graset ikkje vert snaubeita.


Næringsrik jord

Brennesle pa beite
Sau på beite med brennesle. Foto: Dagfinn Ystad.

Bringebær og brennesle indikerer at det er god og næringsrik jord (veks ofte bak utedoen og liknande). Dermed er rådet mot denne å bekjempe planta ved gjentatt slått (3 gonger i året), eller kjemisk (ved Starane/Tomahawk/Cleave/Roundup) og eventuelt så i med beitegrasblanding. NB! Brennenesle spreier seg via krypande jordstenglar. Ver derfor forsiktig med å flytte jord frå staden der brennenesla har stått då du risikerer å ta brennenesla med deg.


Godt beite

I eit beite der kalktilstanden er i orden, og som er balansert gjødsla, vil engrapp, markrapp og raigras dominere. Ofte finn vi godt med kvitkløver. Men her vil også mange ugras også lika seg, slike som høymole og løvetann.

Ugras lovetann
Løvetann likar seg i godt gjødsla grasmark. Foto: Lars Kjetil Flesland


Planter omtala i teksten over