Einstape er ei bregne som kan breia seg over store område gjennom rot-utløparar. Den har namnet sitt frå dei store enkeltblada som kjem i koloniar og kan kvela det meste som veks under. Sjølv om ein tenker på einstape som ei utmarksplante kan den òg bli svært dominerande der den har fått innpass i kulturbeita. Planta er giftig og blir normalt ikkje beita. På sauebeiter vil den auka i omfang medan tråkk frå storfe kan halda den i sjakk.

Mekanisk ugraskamp kan gjerast ved å slå blada i mange år. To gonger årleg slått er betre enn ein gong. Ved ein gongs kutting er rette tida i juli. Enkelte bruker ein pisk og knekker stilken slik at bladet blir hengande og visna. Det er ikkje funne forskjell i verknad på full avkutting eller knekking av stengelen. Mekanisk kamp mot einstape er eit langsiktig arbeid. Men sjølv om ein vel kjemisk bekjemping bør ein følga opp på gjenveksten etter eit par år. Ugras-artar med stort rotsystem bør ein følga opp over litt tid.

Einstape 1 2021 01 01 122648
Einstape på beite i Etne. Bilde 1 juli 2015 før sprøyting. Bilde 2 Juni 2016, etter sprøyting .Foto: Tor Arne Sandvik
Einstape 2
Einstape på beite i Etne. Bilde 1 juli 2015 før sprøyting. Bilde 2 Juni 2016, etter sprøyting .Foto: Tor Arne Sandvik