Gode driftsvegar avgjerande for god beitedrift

25.04.2017 (Oppdatert: 25.04.2017)

Ei av utfordringane knytt til beitedrift med mjølkande kyr er at dyra skal ut på beiteareala helst to eller fleire gonger i døgnet. Gjennom beitesesongen blir transportetappen fjøs – beiteområde relativt hardt belasta både gjennom trakkbelastning, men og ved tilførsel av husdyrgjødsel. Når ein i tillegg, i alle fall somme stadar i landet, må pårekne ein god del nedbør gjennom beitesesongen, kan resultatet bli ganske gjørmete.

Flyfoto som viser områda til dåverande Engesetsetra beitelag på Sunnmøre. Beitelaget la stor vekt på å unngå opptrakking av sårbare område. FOTO: Skog og landskap

Skrevet av:
Jon Geirmund Lied, rådgiver Landbruk Nordvest, jon.geirmund.lied@nlr.no

Artikkelen er første gang publisert i Buskap nr 3 - 2017. 

 

I store delar av landet kan småfe og storfe ha klima for beiting frå mai til oktober. Det kan utgjere over 40 prosent av året. Det er også gjort registreringar som viser at beitande mjølkekyr har eit opptak av beitegras på 10 kg tørrstoff (ts) og høgare i beitesesongen. På mange gardsbruk kan det vere ei realistisk målsetting for beitedrifta at kua tek opp 30 prosent av årsbehovet for grovfôr på beiteareala. 

Statistikken frå Kukontrollen viser at om lag 10 prosent av fôrseddelen i dag består av beitegras. Mange mjølkeprodusentar har truleg eit stort potensial for betre lønsemd gjennom meir beiting. Likevel er det mange som synest det er vanskeleg å sjå at deira drift kan ha eit slikt potensiale. 

 

Beitedrift er utfordrende

Ei av utfordringane som blir nemnt er opptrakking og gjørmete område, mellom anna i tilknyting til driftsvegane mellom fjøs og beiteareal og i områda inn og ut av beiteareala. Dei mange nye fjøsane med omkring 60 mjølkekyr er i tillegg ein ny situasjon for mange gardbrukarar; det at det er ei stor gruppe dyr som no skal vandre mellom fjøs og beiteområde. 

På 1980-talet vart det rundt i landet opparbeidd fellesbeite i mange bygder. Store areal på fjellet vart dyrka opp, det vart sett opp ei enkel fjøsbygning, og dyr frå mange buskapar vart samla til ein flokk. Gjerne frå 50 – 120 kyr. Mykje likt det som er buskapsstorleiken på mange av dagens robotfjøsar. Desse erfaringane er gull verdt. 

 

Løysingar som fungerte på fellesbeita

Nok og gode driftsvegar

I samband med etablering av fellesbeita vart det ofte dyrka opp areal, gjerne område med eit tynt torvlag over morene. Det vart dyrka opp relativt store samanhengande område med djupe opne kanalar mellom. Kanaloppkastet; undergrunnsjord med varierande samansetning av silt, sand, grovare partiklar, vart jamna ut oppe på kanalkanten. På dette kanaloppkastet vart det sletta til driftsvegar både for dyr og maskiner. Med ei tjukne på 20 – 30 cm på kanaloppkastet blir det etablert eit stabilt dekke, som når det blir pakka er hardt i overflata. Eit viktig poeng er at det ikkje blir blanda inn humus/ organisk materiale i massen, samt at det må vere eit godt fall på overflata, slik at vatn ikkje blir ståande inne på dekket. Dersom det er mykje skarpkanta stein i kanaloppkastet, har det vore lagt ei stripe med fin natursand langs midten av driftsvegen. Denne stripa vart føretrekt av dyra. 

Hos somme bønder vil det vere vanskeleg å finne undergrunnsjord av høveleg kvalitet. Der vil ei aktuell løysing vere å legge duk over aktuelle massar, for så å legge eit høveleg berelag (berre kutrafikk klarer seg med tynnare lag enn der ein også skal køyre med tunge maskinar). Dette laget må ha evne til å sette seg godt. Ikkje alt for grove knuste steinmassar, med eit topplag av fin natursand over, vil ofte fungere. Det er også her viktig å bygge vegen slik at vatn renn av raskast mogeleg. Veggrøft er derfor heilt avgjerande. 

Driftsvegar på tvers i terrenget

Det er viktig å få fjerna overflatevatn inne på beiteareala så raskt som mogeleg, for å redusere faren for opptrakking av grassvoren i samband med regnversperiodar. I hallande terreng vil det vere gunstig å legge driftsvegane på tvers av terrenget, slik at veggrøfta kan samle opp eventuelt overflatevatn. 

Ei rundløype for kyrne kan vere ein fordel

Dersom det er mogeleg å etablere eit vegnett slik at dyra får einvegskøyring på sine turar mellom fjøs og beiteareal, vil det truleg vere ein fordel, særskilt for området der ein går inn og ut av beitearealet. Det er i denne overgangen mellom eit hardt fast vegdekke og matjorda inne på beiteområdet, at ein oftast opplever at det blir opptrakka og blautt; av og til så utriveleg at dyra kvier seg for å gå over arealet. 

Å etablere ei rundløype der dyra har inngangen til arealet lengst borte frå fjøsen, og kan beite seg heimover mot fjøsen og ha utgang frå arealet i området nærast vil redusere trakkbelastninga på dei mest utsette områda.

 

Gode beite krev investeringar

På dei fleste gardsbruk vil tilrettelegging for beitedrift krevje både arbeid og investeringar. Men god beitedrift har potensial til stor gevinst både ved lågare kraftfôrkostnader, og lågare totale grovfôrkostnader. 

Opparbeiding av driftsvegar vil truleg vere den største investeringa. Derfor er det viktig å lage til gode løysingar som både dyra og røktarane er godt nøyde med. Legg vinn på å utforme varige løysingar med minst mogeleg vedlikehaldsbehov. 

 

Planlegg områda for inn- og utgang av beitearealet

  1. Om mogleg; legg inngang og utgang på høge (tørre) område i terrenget.
  2. Om mogleg; legg til rette for å hindre at overflatevatn renn inn på området.
  3. Sørg for godt drenerande trakksterk masse i ei vifte ved inngang-/utgangsområdet. Derosm ein ikkje har tilgang på slike massar sjølv, kan det vere aktuelt til dømes å opprette kontakt med entreprenørar i området for avtale om mottak av undergrunnsmassar av rett kvalitet. Vi ser no at det mange stader i landet her etterspurnad etter massedeponi. 
  4. Dersom dette ikkje er mogleg kan det vere aktuelt å vurdere å modifisere dette området
    1. matte av drenerande grov flis i tjukne på minst 20 cm. Her kan nemnast at det i Sverige er gjennomført forsøk med bark. Det fungerte ikkje. Det er viktig at flisa er så grov at vatnet drenerer ned gjennom matta. Det er lite erfaring med bruk av grov flis til slikt formål. Truleg må det skiftast ut etter nokre sesongar. 
    2. Perforerte armert matte/duk der gras kan vekse gjennom. Duken vil då verke som eit armerande "flytedekke" over det mjukare matjordlaget under. I svenske forsøk har slik matte gjeve svært godt resultat (Vallkonferens 2017), men denne løysinga er nok lite aktuell på grunn av prisen 
    3. I svenske forsøk er det også utprøvd eit knust steinmaterial "Paddex" som kittar seg godt saman og dannar ei sterk overflate. Førebelse resultat (to beitesesonger) med bruk av dette materialet er lovande (Vallkonferens 2017). Men også dette materialet har ein relativt høg pris.