Fornying av etablert eng med direkte isåing

25.04.2017 (Oppdatert: 28.04.2017)

Etter kvart som enga blir eldre vil kulturgraset gå ut, og villgras, kveke og anna ugras kjem inn som erstatning. Dermed går avlingsnivået ned. Forsøk viser at avlinga kan bli redusert med 10-20 prosent pr. engår dersom enga ikkje blir fornya.

Våtsåingsmetode – frø blandes med husdyrgjødsel. FOTO: Kyrre Vastveit, Agromiljø

Skrevet av: 
Geir Paulsen, avdelingssjef såvarer i FKRA, geir.paulsen@fkra.no

Artikkelen er første gang publisert i Buskap nr. 3 - 2017.

 

Ingenting kan erstatte plogen ved fornying av eng. Tradisjonelt gjenlegg er likevel dyrt og arbeidskrevjande, og for å halda oppe avling og kvalitet etter kvart som enga blir eldre, har mange prøvd seg med ein eller annan form for direktesåing i etablert eng. 

Direktesåing, eller vedlikehaldssåing som ofte det ofte blir kalla, vil alltid vera meir usikkert enn eit normalt gjenlegg, det kan bli både suksess og fiasko. I prosjektet «Planmessig vedlikehaldssåing med våtsåingsmetoden» ved NIBIO Særheim fann ein for eksempel på enkelte felt ein avlingsauke på 150-200 kg tørrstoff (ts) per dekar, medan resultat frå andre felt i same serien viste ingen meiravling. 

 

Vêrforholda er avgjerande

Både forsøk og erfaringar viser at forholda under og etter såinga er svært viktige, ofte er forholda viktigare enn utstyret som blir brukt. I utlandet er det mykje brukt med oversåing/breispreiing av frøet, til dømes med kunstgjødselspreiar. Dette er den billigaste og enklaste metoden, men også den mest usikre. For å sikre best resultat er det anbefalt å beite den gamle enga/beitet så langt ned som mogleg, gjerne bruke sand i blanding med frøet og passe på at frøet kjem i kontakt med overflata. Beiting/ trakking, helst med sau, har god effekt. Her i landet har breispreiing av kvitkløverfrø på beite på seinvinteren/ tidleg vår, blitt praktisert med hell. Også innblanding av frø i husdyrgjødselvogn før spreiing på beite tidleg om våren har vore vellukka. 

Men resultatet er svært avhengig av lite konkurranse frå eksisterande gras, og vertilhøva. «Du er heldig om 10 prosent av frøa etablerer seg», er erfaringane med oversåing i til dømes New Zealand. Erfaringane her heime er stort sett dei same, og ein eller anna form for labb, skål, skjer eller tinde som lagar eit spor med bar jord som frøet kan spira i, gir oftast best resultat. Enga bør ha ein del opne bare flekker for at frøet skal etablera seg. I gammal eng med tett grassvor er det ofte nyttelaust å få etablert nytt gras utan brakking med glyfosat eller ei form for jordarbeiding. 

 

Suksessfaktorene

Dei viktigaste faktorane for å lukkast med direktesåing er: 

  • At frøet kjem i kontakt med jorda
  • Nok råme i jorda
  • Nok lys til dei nye småplantene

«Hjälpsåddens abc är tillgång på fukt, ljus och värme» er erfaringane frå Sverige. 

 

Bruk raigras eller raigrasblanding

Det har vist seg lettare å etablere raigras enn timotei. Timotei konkurrerer dårlegare med det etablerte graset. Til dømes fann ein i eit forsøk ved NIBIO Fureneset liten eller ingen avlingsauke etter i-såing med timotei, medan raigras og raudkløver gav avlingsutslag på 17-24 prosent. 

Avpussing letta etablering av dei sådde artane, særleg timotei. Det blir også her understreka at det er vanskeleg å oppnå gode resultat av direktesåing på gamal eng med tjukk svor.

 

Ser resultatet året etter

I eit forsøk med våtsåing på Bodin gård i Bodø var tilslaget av raudkløver svært bra. Det vart påpeikt at dei som vel å satse på direktesåing i etablert eng ikkje bør ha altfor store forventningar første året. «Det er faktisk først året etter såing at du får full effekt og synlig bevis på at metoden virkelig fungerer» var forskar Birger Volden si erfaring etter forsøket. 

 

Best tidleg om våren?

Såing så tidleg som råd om våren har ofte vore rådet for vedlikehaldssåing. På den tida er det oftast nok råme, og jorda er såpass mjuk at det ofte er råd å laga ei stripe med jord sjølv med ein vanleg såmaskin, slik at frøet kjem i kontakt med jord. 

I utlandet har ein også hatt gode erfaringar med såing etter slått i august/september, og nå blir dette utprøvd også her i landet. Såing rett etter andreslått ser ut for å gje fin oppspiring. På denne tida er grasveksten mindre, og konkurransen frå eksisterande gras er ikkje så stor. Beiting kan redusera konkurransen ytterligare. Kløver bør i-såast på våren, seinast etter første slått. 

 

Sprøyting når forholda er vanskelege

I Norge har vi hatt gode erfaringar med direktesåing etter sprøyting med glyfosat, til dømes når graset har vakse opp etter 2.slått. Det visna graset må pussast av, aktuell såmetode er anten direkte i svoren eller eventuelt i kombinasjon med skålharv, vanleg harv eller rotorharv. I forsøk på Finnøy blei det våtsådd med timotei-/engsvingelblanding på denne måten, og resultatet vart svært bra. 

 

Eittårig/toårig raigras til direktesåing

Eittårig og toårig raigras er endå meir konkurransedyktig ved direktesåing enn fleirårig, for eksempel har 50/50 eittårig/toårig gitt godt resultat. Men også her viser det seg at etableringa går seinare enn i eit tradisjonelt såbed, og resultatet av såinga gjer seg kanskje ikkje gjeldande før på tredje slåtten. Men ved milde vintrar der toårig raigras overvintrar, vil dette få ein tidleg start våren etter, og ofte dominera enga. Dersom dette blir gjentatt nokre år etter kvarandre, kan ein oppnå at ein stor del av kveke og ugras er borte, og enga bli opnare med mykje bar jord. Enga er nå godt eigna for direktesåing. I slike tilfelle vil det også vera aktuelt å prøva med ei tradisjonell timoteiblanding. 

Ser vi på spiringa og småplantefasen kvar for seg, viser det seg at det i første fase er svært viktig med nok råme og god jordkontakt for at frøet skal spira og rotfesta seg. Når frøet først har spirt, er det viktigaste at dei nye spirene får nok lys. Forsøk viser at på dette stadiet er konkurransen om lys viktigare enn konkurranse om vatn og næring. 

 

Større valfridom

Praktiske erfaringar viser at eittårig/ toårig raigras til direktesåing gjer at det er råd å utvida området for fleirårig raigras. Dette fordi ein då alltid kan reparera enga om våren, dersom det viser seg at raigraset går ut på grunn av vinterskade. Ei erfaring frå våren 2013, då det var stor utgang av gras, viste at ei lett overflatebehandling av enga med sloddtrommel, og våtsåing etterpå, gav godt tilslag og avlingsmengde om lag som eit normalår. 

Både norske og utanlandske erfaringar viser at forholda under såing er heilt avgjerande. Eit svært viktig kriterium for å vurdera om vedlikehaldssåing kan gå godt, er kor tett grassvoren er. Dette er nå tema for eit nytt prosjekt i NIBIO, der ein mellom anna tar i bruk ny fototeknologi og drone for å kunne karakterisera grassvoren. 

 

Utstyr

Det er mange måtar å så på. Mange brukar ein vanleg såmaskin med rulleskjer eller ein labbmaskin med full stramming på labbane. Det viktige er at ein klarar å lage eit spor i bakken slik at frøet kjem i kontakt med jord. Utstyr med luftassistert breispreiing av frø, kombinert med langfingerharv og eventuelt ein trommel, er mykje brukt i Noreg i dag. Elles finst der også fleire spesialsåmaskinar for direktesåing, både med fast skjer og rulleskjer. Den nyaste utviklinga er våtsåing der frøet blir blanda med husdyrgjødsel i stripespreiing. 

 

Positivt for klimagasser?

Redusert jordarbeiding i grovfôrdyrkinga kan ha positive sider i høve til klimagassar fordi mindre pløying gir betre forhold for lagring av karbon i jorda. På myrjord vil mindre pløying også gi redusert tap av CO2. Lite jordarbeiding kan gje gode forhold for oppbygging av jordaggregat, noko som gjev betre dreneringsforhold og jorda blir betre i stand til å halda på næringsstoff. Mindre jordarbeiding gjev også gode forhold for meitemark og annan biologisk aktivitet i jorda.