Korleis bli endå betre med jordarbeidinga?

21.09.2017 ,  Aslak Botten

Jan Erik Lisjordet har vore følgt opp i fleire artiklar i Buskap blant anna fordi han er ein flink bonde og produserer eit rimeleg fôr (nr. 4 side 30 og nr. 6 side 23). Men i denne artikkelen fordi han stadig forsøker å bli betre.

ILLUSTRASJONSFOTO: Morten Berntsen

Skrevet av: Aslak Botten, rådgiver økonomi NLR Østafjells
Artikkelen er første gang publisert i Buskap nr. 6 – 2017

 

Jan Erik Lisjordet køyrer i dag eit tradisjonelt jordarbeidingssystem med plog, slodd, harv tromling, såing og tromling. Finns det betre alternativ? 

Det vart vurdert tre moglegheiter: 

  • Fortsetje med dagens system
  • Kjøpe mulitimaskin med sloddeplanke, skålharv og pakkevals
  • Kjøpe jordfres å køyre etter plogen for å knuse meir torv som såbedsharva og slodden har lett for å dra opp

 

Litt om jordarbeidingsreiskap

Plogen: Legg grunnlaget for såbedet. Det er vanskeleg å rette opp att ujamnheiter frå dårleg pløgsle. «God pløgsle er gull verdt» 

Tindereiskap som S-og C-tindeharv, moldar husdyrgjødsla dårleg inn i jorda, og dreg opp mykje stein. Men dei lagar jamne såbed. 

Rullande reiskap for eksempel med skåler moldar og planerer godt samstundes som dei dreg opp mindre stein og planterestar. 

Jordfresen bearbeidar jorda mykje, dreg opp lite stein og torv men har avgrensa planereringsevne. 

Ei maskin som kan gjere fleire arbeidsoperasjonar kan spare bonden for arbeidstimar.

 

Dagens drift

Jan Erik brukar i dag om lag 57 timar totalt i våronna. Mykje av tida går bort til slodding og harving kombinert med steinplukking kor han i dag brukar svært mykje tid. Jan Erik sloddar i snitt fire gonger før han syns såbedet er planert godt nok. Samstundes med sloddinga plukkar han stein som slodden dreg opp for hand. Etterpå vert det harva to gonger. Harvinga dreg også opp stein og torv. 

Harving kan i mange tilfelle reduserast i grasproduksjon. Gras skal såast grunt. Så harving slik som kornbøndene tenkjer, er for grasbønder av mindre verdi. Unntaket er viss ein absolutt må molde inn husdyrgjødsel. 

 

Skålharvalternativet

Ved å selje slodd og såbedsharv og heller kjøpe skålharv med sloddeplanke og pakkevals og køyre over arealet to gonger vil timetalet i våronna reduserast med 12 timar (nesten to arbeidsdagar). 

Den nye maskina gjer i praksis framleis to sloddingar, to harvingar og to pakkingar. Husdyrgjødsla kan moldast ned før og etter pløying. Skålharva er den beste harvtypen til å molde ned husdyrgjødsel slik at fleksibiliteten med bruk av husdyrgjødsel og moglegheitene til å molde den ned er betre enn før. I følgje testar Jan Erik har gjort skal den nye metoden gje like godt såbed som den gamle. Men er det lønnsamt å kjøpe ny maskin? 

Tabell 2 syner at med to gonger køyring med «skålharv metoden» er arbeidstid og kostnader vesentleg redusert. Også tre gonger overkøyring med skålharva er mykje betre enn dagens system. 

Totalt sett sparer Jan Erik om lag 10-12 arbeidstimar og 7 000 kr som han heller kan bruke med kona, borna eller andre syslar. – Viss eg brukar ein dag ekstra på familien kan eg likevel køyre leigekøyring med skålharva slik at mitt eiget gras vert endå rimelegare, smiler jan Erik. 

Usikkerheita ligg i kor mykje jobb Jan Erik faktisk sparer i høve til steinplukking. 

 

Fresalternativet

I fresalternativet er lagt opp til ei fresing, to gonger slodding og ingen harving. Dette reduserer arbeidsbehovet med 10 timar. 

Det er truleg godt nok med ei til to gonger god slodding etter fresen for å lage godt såbed. Husdyrgjødsla kan moldast ned både før pløying og i pløgsla før fresing. Utfordringa for Jan Erik er at kapasiteten på fresen er låg. Jan Erik har god arrondering på jorda si og greier å nytte kapasiteten på maskinene sine godt. Men for dei med små teigar og bratte jorder med dårleg arrondering fres vere eit godt alternativ. Fresalternativet kan redusere behovet for slodding og harving slik at det vert betre enn dagens situasjon. 

 

Tabell 1: Tre alternativer for jordarbeidingssystem

Dagens (tradisjonell) Skålharv Fres
Plog Plog Plog
 

3 meter skålharv med sloddeplanke og pakkevals

2-3 overkøyringar

8 km/t arbeidshastigheit

3 meter fres

1 køyring for å knuse torv

3 km/t arbeidshastigheit

Slodde 3-4 gonger inklusiv manuell steinplukking   Slodding 2 gonger
Harving 2 gonger    
Såing Såing Såing
Tromling Tromling Tromling

 

Tabell 2: Syner totalkostnaden, kr/dekar og pr. FEm for ulike jordarbeidingsmetodar for attlegget i attleggsåret. Kr/FEm er prisen pr. FEm i attlegget berre for attleggsåret. Engåra vert ikkje belasta for jordarbeidinga. 

Gjenlegg   Sum gjenlegg Pløying Jordarbeiding Steinfjerning Arbeidstimer i alt

Dekar 35 35 35 35 35    

Plog-slodd-harv

kr totalt 78 258 13 483 20 199 0 57 timar totalt
kr/dekar 2 236 385 577 0 1,64 t/dekar
kr/FEm 11,18 1,93 2,89 0,00    

Plog-skålharv 2 gonger

kr totalt 70 914 13 483 12 855 0 43 timar totalt
kr/dekar 2 026 385 367 0 1,22 dekar
kr/FEm 10,13 1,93 1,84 0,00    

Plog-skålharv 3 gonger
kr totalt 73 452 13 483 15 391 0 45 timar totalt
kr/dekar 2 099 385 440 0 1,29 t/dekar
kr/FEm 10,49 1,93 2,20 0,00    
Plog-fres-slodd-harv kr totalt 79 147 13 483 21 088 0 47 timar totalt
  kr/dekar 2 261 385 603 0 1,34 t/dekar
  kr/FEm 11,31 1,93 3,01 0,00