Kvalitetsutvikling i haustbeite

02.06.2014 (Oppdatert: 03.02.2017)

Norsk Landbruksrådgiving i samarbeid med Bioforsk har over to haustar gjennomført prøveuttak i beite som har vore gjenvekst etter andre- eller førsteslått. Intensivt beitt og godt gjødsla fleirårig raigras heldt høg energi- og råproteinkonsentrasjon og låg andel ufordøyeleg NDF utover heile ettersommaren og hausten.

Foto: Astrid Johansen, Bioforsk Kvithamar.

Timoteidominerte beite hadde berre unntaksvis tilsvarande kvalitet, men med god nitrogenforsyning og kort veksttid mellom føregåande slått og beitestart, kunne ein ligge godt over 0,90 FEm/kg TS og under 15 prosent ufordøyeleg NDF av total NDF i fleire veker utover hausten, også i slik beitegrøde.

> Les meir om resultata i vedlagde rapport

Tekst: Anne Kjersti Bakken, Bioforsk Kvithamar
Foto: Astrid Johansen, Bioforsk Kvithamar

 

 



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.