Avlingsregistreringar i eng

07.06.2017 (Oppdatert: 07.06.2017)

Kjennskap til avlingsnivået i eng er viktig for driftsplanlegging, men også for vurderingar over behovet for fornying på ulike skifte og behov for andre tiltak for å auke avlingane på skifte som gir låg avling.

FOTO: Morten Berntsen

Skrevet av:
Tor Lunnan og Marit Jørgensen, begge forskere ved NIBIO fôr og husdyr

Artikkelen er første gang publisert i Buskap nr. 3 – 2017.

 

Måling av avling i rundballar på skifter i fjellbygdene, Møre og Romsdal og Nord-Norge viser større avlingar enn det som blir rapportert i avlingsstatistikken. Avlingane held seg godt oppe med aukande engalder, men det er litt større nedgang i fjellbygdene enn i Møre og Romsdal og Nord-Norge. 

 

Enklare å måle avlingane med rundballar

I den praktiske drifta blir ikkje engavlingane registrert, sjølv om dei fleste brukarar har litt peiling på avlingsnivået på ulike skifte. Med rundballemetoden har det vorte enklare å måle avlingane. Det er enkelt å telje ballar og arealet på ulike skifte er godt registrert på kart. Problemet er å finne tørrstoffinnhald og vekt på ballane, for her er det store variasjonar. Vekta per rundball er ikkje noko godt mål for avling utan å vita tørrstoffinnhaldet. Tunge ballar har gjerne meir vatn og kan innehalde mindre enn lettare, meir fortørka ballar. Prøvetaking og veging er arbeidssamt, men i framtida kan dette bli enklare dersom dette blir registrert med utstyr på rundballepressene. Slikt utstyr er under utprøving i dag. Så langt er det uvisst i kor grad det kjem i praktisk bruk. For å få meir kunnskap om avlingsnivå og avlingsvariasjonar på praktisk drivne engskifte har vi no fått nye tal gjennom to forskingsprosjekt – «Agronomi i fjell-landbruket» og «Remote sensing» – i samarbeid mellom forsøksvertar, lokale einingar i Norsk landbruksrådgjeving og NIBIO. I tillegg til avlingstala har vi sett på botanisk samansetjing på skifta, og dette blir tema for ein seinare artikkel.

 

Fallande tendens frå sør til nord

Avlingane er registrert gjennom teljing, veging og prøvetaking av rundballar. Prøvene frå ballane er vidare analysert for fôrkvalitet ved NIR-laboratoriet på Løken. Gjennomsnittlege avlingar i ulike distrikt er vist i tabell 1. Det er ulikt tal skifte i ulike slåttar, slik at sumavlinga ikkje stemmer med enkeltslåttane. Tala for fjellbygdene i Sør-Noreg og frå Lierne kjem frå sesongane 2014-2015, medan tala frå Møre og Romsdal og Nord-Noreg kjem frå 2016. Med unnatak for Oppdal, der det er mest sauebruk, er det stort sett mjølkeproduksjonsbruk som er undersøkte. Avlingsnivået viser ikkje uventa ein fallande tendens frå sør til nord, men tala frå Finnmark (Tana) ligg på høgde med tala frå Lierne, Vesterålen og Sør-Troms. I Finnmark er det stort sett hausta berre ein sein slått, og vi ser at stor avling har gått på bekostning av fôrverdien med låg energiverdi og lågt proteininnhald. Omvendt ser vi at bruka i Møre og Romsdal har hausta førsteslåtten tidleg og prioritert kvalitet, men avlingsnivået her ligg ikkje så høgt som i fjellbygdene i Sør-Norge. Det var mykje gjenvekst i Møre og Romsdal på seinhausten som ikkje vart utnytta. 

 

Tabell 1: Gjennomsnittleg avling (kg tørrstoff (ts)/dekar), energiverdi (FEm/kg tørrstoff) og råproteininnhald (prosent av tørrstoff) i ulike distrikt. 

 
Avling, kg ts/dekar

FEm/kg ts

Protein, prosent av ts

  1. slått 2. slått Sum 1. slått 2. slått 1. slått 2. slått
Valdres 440 320 770 0,82 0,82 13,0 12,9
Ottadalen 500 400 920 0,88 0,86 15,1 15,9
Nord-Østerdal 480 330 820 0,88 0,84 13,2 12,7
Oppdal 470 330 830 0,78 0,84 12,8 13,7
Lierne 320 240 590 0,82 0,86 12,4 14,1
Møre og Romsdal 350 330 710 0,90 0,84 14,1 14,7
Vesterålen 390 180 500 0,83 0,90 12,4 12,8
Sør-Troms 510 330 690 0,80 0,93 11,7 14,1
Finnmark 540 220 560 0,72 0,91 10,8 14,6

 

Engalder og avlingsnivå

Engalder er av dei viktigaste faktorane som verkar inn på avlingsnivået. Med aukande alder endrar plantebestanden seg med nedgang for sådde artar som timotei og engsvingel og auke for andre artar som til dømes engrapp, engkvein, kveke og tofrøblada ugras. Vi har gruppert skifta etter alder (tabell 2), og dette gav litt ulike utslag i ulike landsdelar. I fjellbygdene var det klar avlingsnedgang frå den yngste enga til gruppa 4.-6. års eng, og vidare litt nedgang til eldre eng. Det meste av nedgangen kom i andreslåtten. I Møre og Romsdal var det små forskjellar mellom aldersgruppene, men også her størst andreslått i den yngste enga. I Nord-Norge var det ingen avlingsnedgang dei seks første åra, men med ein nedgang for eldre eng. Her må ein leggje til at det var få veldig gamle enger med i denne granskinga; i den eldste gruppa var det overvekt av eng med 7-10 års alder. Det er store avlingsvariasjonar i alle aldersgrupper, slik at det finst både dårlege førsteårsenger etter mislukka gjenlegg og gode 10 år gamle enger med produktiv grasbestand. For å gje gode råd om omlegging av eng i distrikt med einsidig grasdyrking, treng ein derfor god kunnskap om dei ulike skifta på den enkelte gard. Ein må også rekne inn meirkostnader og tap av avling i attleggsåret. 

 

Tabell 2: Gjennomsnittsavlinger (kg tørrstoff/dekar) i eng av ulik alder i fjellbygdene, Møre og Romsdal og Nord-Noreg.

  1.-3. års eng 4.-6. års eng 7 år og eldre
Fjellbygdene 865 753 676
Møre og Romsdal 729 709 696
Nord-Norge 593 628 526

 

Høgare avlingsnivå enn i statistikken

Avlingsnivået i denne granskinga ligg høgt i forhold til avlingsstatistikken i eng. I fjellbygdene, som har det største talgrunnlaget her, ligg ein rundt 50 prosent over tala frå Statistisk sentralbyrå i same område. Vi har målt avlingane i surfôrmasse på same måte som det blir gjort i avlingsstatistikken, slik at her er det eit stort sprik som er vanskeleg å forklare. Noko kan skuldast at våre tal kjem frå aktive brukarar i landbruksrådgjevinga, men det er ikkje plukka ut spesielt gode skifte og engene er representative for desse brukarane. I praksis blir noko engareal drive meir ekstensivt med svak gjødsling, og vi har lite økologisk engareal med, som kunne trekke noko ned. Mykje bruk av eng som beite trekkjer også ned avlingane. Omvendt kan avlingstala i statistikken også vera for låge. Desse byggjer på opplysningar frå utvalsteljing der rundballeavling blir temmeleg usikkert bestemt. Mellom anna blir det brukt ein fast tørrstoffprosent for kvart fylke, og dersom det blir fortørka sterkare i dag enn tala Statistisk sentralbyrå bruker, blir avlingane systematisk undervurderte. 

 

Avlinga stig med aukande tørrstoffinnhald

Med alle tørrstoffmålingane har vi fått eit stort materiale over innhald i rundballar. Figur 1 viser at avlinga i rundballar stig mykje med aukande tørrstoffinnhald. Det er likevel variasjon rundt linja i figuren som skuldast ulik pakkingsgrad, pressetyper og køyreteknikk ved pressinga. Det var stor variasjon i tørrstoffinnhaldet i alle distrikt. Dei våtaste ballane kom mest frå gjenvekstslåttar i august/september, da vêret ofte vanskeleggjer fortørking. I fjellbygdene var gjennomsnittleg ballevekt i førsteslåtten 780 kg (32,5 prosent tørrstoff), i andreslåtten 840 kg (29,7 prosent tørrstoff). Dette gav ei gjennomsnittleg avling på 240 kg tørrstoff eller 200 FEm per rundball. 

 

Vidare arbeid

Vi går vidare med dette materiale ved å undersøke kva faktorar som kan forklare den store variasjonen i avling mellom ulike skifte. Her blir variablar som til dømes engalder, botanisk samansetjing, gjødsling, husdyrgjødselbruk, jordfaktorar (dreneringsgrad, pH, jordprøver), høgd over havet og køyreavstand sett nærare på.