Ny versjon av Grovfôrmodellen

30.04.2011 (Oppdatert: 03.02.2017) Oddbjørn Kval-Engstad

Ny versjon av Grovfôrmodellen med fleire klimastasjonar, høve til å bruke klimanormalar og innlegging av vatning er klar for 2011-sesongen.

Av Anne Kjersti Bakken, Bioforsk Midt-Norge

Ein revidert versjon av Grovfôrmodellen ligg no ute på VIPS (http://www.vips-landbruk.no/models/mo1001s.jsp). I tillegg til at likningane for kvalitetsutvikling i gjenvekst er noko endra, er det lagt til fleire klimastasjonar. Vestlandet skal såleis vere betre dekt enn før. Sidan ein manglar registreringar for globalstråling på nokre av dei nye stasjonane og temperaturen til dels blir logga inne i bestand av frukttre, er datagrunnlaget litt dårlegare enn vi kunne ønske oss.

Vi håpar at årets utgave taklar hol i datasetta og sein utsetjing av flyttbare stasjonar på ein betre måte enn før. Det er no også muleg å la kunstig vatning påverke vasshushaldet, og for eit utval stasjonar er det laga til "klimanormalar" for perioden 1995-2010. Avling- og kvalitetsutvikling i "normalår" kan såleis ligge som bakgrunn for køyringar på enkeltår.  Ein kan også køyre modellen mot klimadata for 2009 og 2010. Det vil variere mellom stasjonar om slike data er tilgjengelege.

I vekstsesongen 2011 vil Bioforsk gjennomføre eit nytt testopplegg i gjenvekst i samarbeid med Norsk Landbruksrådgiving, men vi håpar at modellen er interessant å bruke både i vårvekst og gjenvekst utanfor organisert testing også.



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.