Husdyrgjødsel og jordarbeiding - verknad på utslepp av klimagassar

27.10.2010 (Oppdatert: 03.02.2017) ,  Oddbjørn Kval-Engstad

Med Lars Nesheim, Bioforsk Midt-Norge, som prosjektleiar, er det laga ei utgreiing for SLF med føremål å lage ei samanstilling av forsøksresultat, erfaringar og klimaeffektar for tiltak innanfor bruk av husdyrgjødsel og jordarbeiding til eng og åker. Det er lagt vekt på tiltak som er lite granska i Norge, og som påverkar klimagassane lystgass og metan. Utgreiinga omtalar tiltak som kan redusere klimagassutsleppa frå landbruket i vesentleg grad.

Illustrasjonsbilete: Val av artar og sortar kan vera avgjerande for kor varig grasmarka kan verte.

Den offisielle klimagassrekneskapen i Norge syner eit utslepp frå landbruket på 7 millionar tonn CO2-ekvivalentar. Det er muleg å redusere dette tapet ved å behandle ein del av husdyrgjødsla i biogassanlegg og ved å leggje om til optimal spreieteknikk for biorest frå biogassanlegg og for vanleg husdyrgjødsel. Det er også eit stort potensiale for å minke tap av klimagassar ved å gå over til andre dyrkingsmetodar, som til dømes meir langvarig eng, særleg på organisk jord. Innanfor kvart av emna husdyrgjødsel og jordarbeiding til eng og åker er det sett opp kva behov det er for ny kunnskap. Vi har til dømes for dårleg fagleg grunnlag for å setje opp gode estimat på kor stort tapet av klimagassar er ved ulik drift. Vi saknar også kunnskap om korleis ulike dritsmåtar og tiltak påverkar utsleppa. Dette er ikkje minst viktig for å kunne gi god rettleiing til næringsliv og forvaltning. I utgreiinga har vi også foreslått konkrete opplegg for demonstrasjons- og pilotprosjekt.

Les/last ned heile utgreiinga (pdf, 0,3 MB), publisert i serien Bioforsk Rapport. Skriven av Lars Nesheim - Bioforsk Midt-Norge, Oddbjørn Kval-Engstad - Norsk Landbruksrådgiving/Bioforsk og Kjell Vastveit - Agromiljø AS.