Fôring av lam

11.06.2004 (Oppdatert: 03.02.2017) ,  Oddbjørn Kval-Engstad

Lamma henter mesteparten av fôret sitt gjennom mjølk frå mora og beite frå innmark og utmark. Når tilgangen på beite og morsmjølk er for liten til at vi oppnår den tilveksten på lamma som vi ynskjer, er det aktuelt å supplere med anna mjølkefôr og kraftfôr. Prisforskjellen mellom Kalvegodt og kraftfôr er stor (10-12 kr pr FEm.) Ein bør difor bruke mest mogleg kraftfôr, grovfôr og beite og minst mogleg mjølkefôr i oppdrettet av kopplam for å få økonomi i denne produksjonen. På hausten etter sanking er det meir og meir vanleg å sluttfôre lam som ikkje er slaktemogne med beite og/eller kraftfôr.

Bilete: Støttefôring av lam om våren

Her får du gode råd om fôring av lam om våren, både som kopplam og om du ynskjer å støttefôre lamma medan dei går saman med mora.

Du finn også stoff om korleis du skal sluttfôre lam som ikkje er slaktemogne ved sanking. Vil du veta meir om fôring av lam; besøk medlemsportalen til Gilde Norsk Kjøtt http://www.medlem.gilde.no. Her har sau sine eigne heimesider med mykje godt fagstoff. Du kan også kontakte rådgjevarane til Gilde Norsk Kjøtt.

Av spesialrådgjevar Finn Avdem, Norsk Kjøtt

Vi har tre situasjonar der det er snakk om spesiell fôring av lam:

  • Oppdrett av kopplam om våren/sommaren
  • Tilleggsfôring av lam om våren (krypfôring)
  • Framfôring av lam som ikkje er slaktemogne om hausten

Utvikling av fordøyelseskanalen til lammet

Ved fødselen er lammet nærast å rekne som eit einmaga dyr, med relativt stor løpemage og lita vom. Lammet må difor få tid til å utvikla vomma og den mikrobielle fordøyelsen som gjer at lammet greier å nytte fiber-delen av grovfôr og kraftfôr som fôr. I starten er difor lammet avhengig av å få høgverdig næringsemne som morsmjølk eller mjølkeerstatning for å få nok næring. Lammet må dessutan alltid få rikeleg med råmjølk så raskt som mogleg og seinast innan 4-5 timar etter fødselen på grunn av at råmjølka inneheld immunstoff som lammet er avhengig av. Evna til å ta opp immunstoff frå råmjølka avtek raskt etter fødselen.

Figur 1. Utvikling av vomma

Utviklinga av drøvtyggjarmagen skjer gradvis og blir påverka av kva fôr ein gjev lammet. Tidleg tilgang på kraftfôr eller ungt beitegras gjer at vomgjæringa kjem i gang. Dei flyktige syrene som er produktet av vomgjæringa, stimulerer utviklinga av dei såkalla vompapillane og veksten av vomma. Vompapillane er viktige for at vomveggen skal kunne suge opp dei flyktige syrene som er viktige næringsemne for dyret. Lamma kan gjerne få høy eller godt surfôr, det verkar godt diettisk.

Dersom eit lam berre får tilgang på mjølk og mjølkeerstatning, vil utviklinga av vomma bli hemma. Vi bør difor stimulerer til ei tidleg utvikling av vomma. Lammet vil da utvikle seg til å bli ein drøvtyggjar alt ved 3-4 vekers alder og kunne nytte grovfôr, kraftfôr og beite som fôr. Vomma vil vera fullt utvikla etter ca 8 veker.

Kopplam

Kopplam er lam som blir tekne frå mora i ung alder og fôra fram på mjølk, kraftfôr, grovfôr og beite.

Fyrst må kopplammet få rikeleg tilgang på råmjølk frå sau før ein går over til Kalvegodt. Som før nemnt,  vert mjølkefôring dyrt og ein bør avvenne tidleg. For å få til det, er det viktig at kopplamma får tilgang på kraftfôr så tidleg som råd i tillegg til Kalvegodt. I starten vil lamma ta til seg svært lite kraftfôr. Ein bør difor skifte ut kraftfôret kvar dag, elles blir kraftfôret fuktig, surt og lite smakeleg. Dei fyrste 3-4 vekene skal kopplamma ha fri tilgang på bakteriologisk syrna Kalvegodt.

Deretter bør ein avgrense tilgangen på mjølkeerstatning til 1-1,5 liter pr dag fordelt på eit eller to mål. Lamma vil då auke kraftfôropptaket fordi vomma blir meir utvikla. Pass på at lamma får tilgang på friskt vatn frå drikkekar eller bytte når dei byrjar å ete kraftfôr.  Ein kan avvenne lamma heilt frå mjølkefôr når lamma er ca 6 veker gamle (vekt 12 - 15 kg) dersom dei er godt i gang med å eta kraftfôr. Sørg for god vasstilførsel !

Før avvenning bør ein bruke eit kraftfôrslag som er tilpassa unge drøvtyggjarar, f.eks FORMEL Kalv. Ein bør unngå å skifte kraftfôr i samband med avvenning. Ein bør difor fortsetja med kalvekraftfôr til lammet er ca 8 veker (15-20 kg) og lammet blir slept på beite. Etter dette er fleire kraftfôrslag aktuelle. FORMEL Fiber høver godt ved sterk fôring da dette kraftfôrslaget spesielt er tilpassa drøvtyggjarar med høg andel kraftfôr i rasjonen. FORMEL Sau er meir proteinrikt, men her må ein passe på at lammet elles får nok struktur i fôrrasjonen da denne kraftfôrtypen ikkje inneheld spesielt mykje fiber, dvs at lamma i tillegg må få grovfôr av god kvalitet med litt struktur.

Etter avvenning må ein rekne med at lamma byrjar å ta større mengder med kraftfôr. Ein kan da avpasse kraftfôrmengda etter kva tilvekst ein ynskjer og kva tilgang ein har på grovfôr og beite. Har du mykje gode sommarbeiter du ynskjer å bruke, kan det vera aktuelt å avgrensa kraftfôrrasjonen til f.eks 0,5-0,6 kg pr dag. Da vil lamma vil ta meir beitegras og du får ei billegare fôring. Ein må da dele kraftfôrrasjonen i minimum to mål om dagen. Har du avgrensa med gode beiter og du ynskjer høg tilvekst, er appetitt-fôring med kraftfôr frå ein kraftfôrautomat aktuelt. Appetittfôring krev og mindre arbeid da du ikkje treng å fylle etter  med kraftfôr kvar dag. Det er likevel viktig å passe på at automaten ikkje går tom da lamma har lett for å forete seg ved påfylling av nytt kraftfôr.

Skal kopplamma bli gode beitedyr, bør dei gå saman med ei eller to vaksne søyer med eller utan lam alt medan dei er inne. Søyene skal sleppast saman med kopplamma på beite for å lære dei god beiteadferd. 

Syrning av kalvegodt

Bruk 2,5 kg Kalvegodt til 10 liter vatn. Rør ut Kalvegodt-pulveret i lunka vatn (40-50 oC). Bruk ca. halve vassmengda under ut-røringa, det gjer det lettare å unngå klumpar. Når pulveret er rørt godt ut, fyller du på kaldt/lunka vatn, slik at temperaturen på den ferdige mjølka blir ca. 30 oC. Ved blanding av store mengder på ein gong kan ein bruke ein saktegående elektrisk drill med røreutstyr for maling. Sett deretter til 1-2 % skumma kulturmjølk. Det er særs viktig at syrningskulturen ikkje blir tilsett når mjølka har høgare temperatur enn 30-35 oC. Ved høgare temperatur vil syrningsbakteriane i kulturmjølka bli drept og Kalvegodt-mjølka blir blåsur i staden. Syrningsprosessen tek 2-4 dagar avhengig av temperaturen. La mjølka stå på ein lun plass ved ca. 25-30 oC. Rør om dagleg. Når mjølka har fått en jamn og glatt konsistens, skal du setja den på ein kjøleg stad. Da vil syrningsprosessen bli hemma og ein unngår at mjølka skil seg.

Støttefôring om våren

Med støttefôring av lam meiner vi lam som går saman med søya, men får tilgang på kraftfôr i tillegg til morsmjølk, grovfôr og beite.

Ein bør ha som mål at tilveksten på alle lam skal vera mellom 350 og 400 g/dag frå fødsel til vårveging. Søyer med tre lam og åringar med to lam har ofte for lite mjølk til at lamma får tilfredsstillande tilvekst. Høg tilvekst om våren gjev betre tilvekst på sommarbeite og betre kjøtfylde på lamma. Fleire lam vil difor vera slaktemogne tidleg på hausten og oppnå betre klassifisering og pris. Også for søyene vil støttefôring vera gunstig fordi lamma ikkje går så hardt på juret slik at det blir jurbetennelse. Arbeidsmessig og etisk er dette eit godt alternativ til å fôre fram "overskotslam" som kopplam fordi lamma heile tida går saman med søya.

Støttefôring er spesielt gunstig dersom våren er sein og ein får lang innefôring og knapt med vårbeite. Når våren er tidleg, kan det likevel vera aktuelt å støttefôre for å sikre seg at alle lam er i god vekst og stand når dei blir slepte på utmarksbeite.  Ein kan da halde søyer med tre eller fleire lam og åringar med to lam heime litt lengre enn resten av flokken.

For å lykkast med støttefôring er det også her viktig at lamma får tidleg tilgang på kraftfôr. I innefôringstida bør ein difor lage seg eit lammegjømme der lamma får tilgang på kraftfôr og høy av god kvalitet. I den fyrste tida bør ein skifte ut kraftfôret kvar dag slik at kraftfôret alltid er ferskt og smakeleg. Fyrst ved 3-4 vekers alder vil lamma byrje å ta større mengder med kraftfôr.   

Søyer med lam som skal ha støttefôring må få eit beite for seg sjølve. Kraftfôrautomaten bør plasserast på ein stad der søyene passerer ofte, helst på ein naturleg kvileplass. Dette er ofte ein varm, tørr og solrik plass. Automaten bør ha justerbare eteåpningar mot fleire kantar og den bør vera utforma slik at lamma ikkje forureinar kraftfôret.

Kraftfôr som skal brukast bør vera smakeleg og proteinrikt. FORMEL Kalv eller FORMEL Sau vil difor høve godt. I praktisk utprøving med støttefôring til trillinglam med to veker innefôring og ca 1 månad vårbeite har ein oppnådd dette resultatet:

Tabell 1. Verknad av støttefôring på tilvekst om våren og haustvekt

 

Tilvekst fødsel/vårvekt g/dag

Haustvekt kg 20/9

Kraftfôrforbruk, kg pr lam

Med støttefôring

397

54

7,5

Utan støttefôring

318

46

Alle lamma som fekk støttefôring var slaktemogne ved haustveging, medan lamma som ikkje fekk støttefôring måtte fôrast utover hausten for å bli slaktemogne.

Framfôring av lam som ikkje er slaktemogne om hausten

Det vil alltid vera ein del lam som ikkje har ynska vekt og hold ved vanleg slaktetid om hausten. Desse bør ein fôre vidare for å oppnå betre vekt, klassifisering og pris på lammet. Kva framfôringsalternativ ein bør satse på, varierer med kva tilvekst ein ynskjer og kva fôrgrunnlag ein har.  Har ein rikeleg med gode håbeite og/eller grønnfôrvekster som raps og raigras er det godt mogleg å få til bra tilvekst utan bruk av kraftfôr:

Tabell 2: Forventa tilvekst på ulike haustbeite

Beitetype

Forventa tilvekst g/dag

Godt håbeite

250-270

Raigras

350-370

Raps + hå

380-400

Dersom ein ikkje har rikeleg tilgang på slikt beite, er framfôring der ein gjev kraftfôr i tillegg til grovfôr/beite eit godt alternativ. Ein kan styre tilveksten med kor mykje kraftfôr ein gjev. Mange ynskjer ei rask framfôring for å vera kvitt framfôringslamma før livsauen skal i hus. Fare for brunstsmak på verlam, lågt fôrforbruk pr kg kjøtt og betre slaktekvalitet talar også for ei rask framfôring. Ynskje om å levera lam utanom sesong til spesielle varestraumar, gjer det aktuelt med ein styrt tilvekst på lam som ikkje er slaktemogne ved sanking. Ein kan bruke fylgjande tabell som utgangspunkt for kraftfôrtildelinga i framfôringsperioden ved ynskje om forskjellig tilvekst.

Tabell 3: Forventa tilvekst ved ulike mengder ved kraftfôr ved sluttfôring av lam

Planlagt tilvekst g/dag

Kraftfôr kg/dag

Grovfôr

100 g/dag

0,2 kg

Godt grovfôr etter appetitt dvs velberga fôr hausta ved byrjande skyting

200 g/dag

0,6 kg

300 g/dag*)

0,9 kg

400 g/dag eller meir*)

Etter appetitt frå kraftfôrautomat

*) Det er viktig å fylgje med på at lamma ikkje blir for feite ved  intensiv framfôring

Ved intensiv framfôring av lam vil FORMEL Fiber vera det kraftfôrslaget som høver best. Andre kraftfôrslag kan også brukast, men da må ein i tillegg ha eit godt grovfôr og syte for ei forsiktig overgangsfôring. Ved meir ekstensiv framfôring av lam kan ein bruke same slags kraftfôr som resten av flokken, gjerne FORMEL Sau.

Bilete: Lam på intensiv sluttfôring inne på kraftfôr frå kraftfôrautomat og godt surfôr

 

Dette er viktig når du skal sluttfôre lam:

Innvortes parasittar

Dersom du har problem med innvortes parasittar på utmarksbeite, bør lamma bli behandla før du byrjar å fôre på lamma om hausten. Spør veterinæren om råd.

Pulpanyre

Sjukdommen pulpanyre skuldast giftstoff frå ei ein bestemt type bakterie. Bakteriane finst også i tarmen hjå friske dyr, men vil oppformere seg når dyret får særs god næringstilførsel, gjerne i samband med omlegging av fôringa ved at fôr som ikkje er melta passerer vomma og over i løypemagen. Lam som blir sett på store kraftfôrrasjonar, kan difor vera utsett for pulpanyre. Drøft evt. vaksinering med veterinæren. Dersom ein vaksinerer søyene på våren og lamma får rikeleg med råmjølk, skal lamma vera beskytta mot pulpanyre i 2-3 månader. Det bør difor ikkje vera nødvendig å vaksinere kopplam. Dersom søya ikkje er vaksinert, bør kopplamma bli vaksinert 1. gong ved 2 vekers og 2. gong ved 6-8 vekers alder. Lam som blir sett på kraftig håbeite om hausten kan vera utsett for pulpanyre. Får dei kraftfôr/grønnfôr i tillegg, er risikoen enda større. Desse bør difor bli vaksinerte så snart som råd. Ein har ikkje verknad av vaksinen før etter ca 14 dagar. Ein bør difor starte gradvis med kraftfôret  og vente ca 14 dagar før ein er oppe i full kraftfôrrasjon.  Dette forebygger både mot appetittsvikt og pulpanyre.

Urinstein

Urinstein er ei særs smertefull tilstand hjå lam. Båe kjønn er utsette, men særleg hjå verlam kan det føre til blokkering av urinstraumen, store smerter ved vasslatinga og i verste fall urinforgiftning med dødeleg utgang. Urinstein oppstår dersom det er ubalanse i mineralforsyninga. Eit viktig førebyggande tiltak er å syte for at fôrrasjonen har høgt kalsium/fosfor -forhold dvs 2:1. Ein bør difor vera ekstra merksam på mineralforsyninga når ein bruker kalsiumfattige fôrvarer som bygg, havre og avfallsbrød. Kraftfôrblandingane FORMEL Fiber og FORMEL Biff har gunstig kalsium/fosfor- innhald. Eit anna førebyggande tiltak er å stimulere til høgt vassinntak. Ein må difor syte for at lamma har tilgang på saltslikkestein og rikeleg med vatn av god kvalitet.

Sur vomgjæring (acidose)

Sur vomgjæring (acidose) oppstår dersom det er for mykje lett fordøyelege næringsstoff i rasjonen. Acidose fører til appetittsvikt hjå lammet. Førebyggande tiltak er å syte for gradvis opptrapping av kraftfôrrasjonen over eit par veker og dele kraftfôret opp i minimum to rasjonar. Ved appetittfôring med kraftfôr er det mindre risiko for acidose fordi lamma vil ta opp mindre mengder kraftfôr om gongen.

Koparforgifting

Koparforgiftning er mest vanleg i innlandet, og intensivt fôra lam er meir utsett enn meir ekstensivt fôra dyr. Ein bør difor unngå koparhaldige mineralblandingar og saltslikkesteinar når ein er redd for koparforgiftning.