Beiting i det multifunksjonelle landbruket

19.03.2004 (Oppdatert: 03.02.2017) Oddbjørn Kval-Engstad

Det er færre beitande husdyr i utmarka no enn tidlegare og det er ei av årsakene til den kraftige attgroinga mange stader. I tillegg til at kulturlandskapet vert mindre ope fører attgroinga til tap av biologisk mangfald.

Av Lars Nesheim, Bioforsk Midt-Norge Kvithamar

Sidan om lag 1990 har forskingsmiljøa vore opptatte av korleis beiting verkar på kulturlandskapet, og det er gjennomført fleire forskingsprogram i regi av Noregs forskingsråd der beiting har vore eitt av fleire forskingstema. Men det står mange utfordringar att, utfordringar som må møtast med tverrfagleg forsking, og ved at ein ser bruken av utmark og innmark i samanheng. Eit utval oppnemnt av Planteforsk, Institutt for husdyrfag NLH (IHF) og Norsk institutt for landbruksøkonomisk forskning (NILF) la i 2002 fram ei utgreiing om forskingsbehovet innan beiting med storfe og småfe på inn- og utmark (Nesheim et al. 2002). Det vart lagt mest vekt på fagområde, der Planteforsk, IHF og NILF anten er eller ønskjer å vere viktige aktørar.
 
I dette innlegget er det gjort greie for bakgrunnen for forskingsbehovet og fire prioriterte forskingstema er presenterte.
 


Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.