Lupin, vikke, ert og bønne som grønfôr - produksjonspotensiale og kvalitet

01.04.2002 (Oppdatert: 03.02.2017) Oddbjørn Kval-Engstad

Det vil for mange mjølkeprodusentar vere eit mål å dyrke meir av fôrproteinet til dyra på eigen gard. Ei rådgjerd kan vere å auke kløverinnhaldet i enga og hauste denne tidlegare enn det som hittil har vore vanleg. Ein kan også dyrke andre vekstar med høgare innhald av protein enn gras og kløver

Erter til grønfôr vert litt brukt i Norge, gjerne i blanding med korn og andre eittårige vekstar. I den seinare tida er det kome fram spørsmål om det kan vere andre grønfôrvekstar som også kan nyttast for å auke produksjonen av protein. I Wales har ein oppnådd avlingar på om lag 800 kg tørrstoff per daa av kvit lupin, med eit råproteininnhald rundt 22 % i ensilert materiale. I Danmark har gul lupin i heilsæd fått eit visst omfang. Våren 2001 etablerte vi nokre feltforsøk med erter, vikker, lupinar og åkerbønne for å undersøkje avlingspotensiale og kvalitet til desse vekstane under ulike dyrkingsvilkår. Eitt viktig spørsmål var om desse vekstane kunne produsere større proteinavling enn gras/kløvereng.

Av Lars Nesheim og Anne Kjersti Bakken, Bioforsk Kvithamar

Materiale og metodar

'Nelly' kvit lupin (Lupinus albus), 'Prima' (Pr) og 'Borweta' (Bor) blå lupin (L. angustifolius), 'Juno' gul lupin (L. luteus), 'Julia' (Jul) og 'Bohatyr' (Bo) erter (Pisum sativum), 'Nitra' (Ni) fôrvikke (Vicia sativa) og 'Aurora' åkerbønne (V. faba) vart sådd i reinbestand i 7 forsøksfelt i Buskerud, Vestfold, Telemark, Rogaland, Møre og Romsdal og Nord-Trøndelag. Såmengda for høvesvis lupin, erter, vikke og bønne var 15, 15, 10 og 20 kg frø per daa. I jordoverflata vart det blanda inn Rhizobium-kulturar (ein type for lupin og ein annan type for erter/ bønne/ vikke) straks før såing. Frå 0 til 3 kg mineralsk N per daa vart tilført frå blaut storfegjødsel eller mineralgjødsel. P, K og S vart tilført i mengder opp til 3, 10 og 5 kg per daa. Felta som ein presenterer resultat frå, vart hausta som heilsæd frå 9 til 14 veker etter såing.

In vitro fordøyelegheit av tørka prøvar av dei ulike vekstane vart analysert etter inkubering i 48 timar i ANKOM DAISY II på Planteforsk Vågønes. Verdiane vart korrigerte etter kjend samanheng mellom in vitro og in vivo fordøyelegheit hos fire grasstandardar. Innhald av aske, Kjeldahl N, NDF, vassløyselege karbohydrat, P, K, S, Mg, Ca, Na, Zn, Fe og Mn og bufferkapasiteten i tørka prøvar vart analysert med våtkjemiske metodar på Planteforsk Holt. Råproteininnhaldet er utrekna som Kjeldahl N x 6,25 og fôreiningskonsentrasjon etter Lunnan og Marum (1994).

Resultat og diskusjon

Tal for avling og kvalitet av dei ulike belgvekstane er presenterte berre for eitt av felta (Tabell 1 og 2). Dette inneheldt minst ugras, hadde lengst veksttid og jamnt over dei høgaste avlingane for alle vekstane. Erter og åkerbønne ga høgast avlingar både når det gjaldt tørrstoff, fôreiningar og råprotein, og avlingane låg over det ein får frå ei middels eng i distriktet. Lupinane voks nokså dårleg i alle felt, og både eit lågt proteininnhald og visuelle observasjonar indikerer at N-fikseringa i rotknollar hadde vore låg. Tilslaget for erter varierte mellom felta og var svært dårleg i nokre, enten på grunn av sjukdom eller at fuglar hadde ete frøa. I dei fleste felta ga fôrvikke minst like høge og kvalitativt gode avlingar som åkerbønne når veksttida fram til hausting ikkje var lenger enn 12 veker. Det gode tilslaget av bønne i feltet som er framstilt i Tabell 1, var eineståande. Avlingar av vikke i denne forsøksserien var omtrent som, og for erter noko lågare enn, i forsøksserien til Lunnan (2000).

Tabell 1. Avlingar av tørrstoff, fôreiningar og råprotein, samt netto utbytte av N (hausta N - N tilført som gjødsel), av belgvekstar dyrka i reinbestand og hausta til grønfôr på Planteforsk Kvithamar. Veksttida var 14 veker (1237 døgn°, basetemperatur 0°C) etter såing.

Belgvekst

Tørrstoffavling

(kg daa -1)

FEm-avling

(daa-1)

Råproteinavling

(kg daa -1)

N-utbytte

(kg daa-1)

Gul lupin

258

224

 34

 2,3

Blå lupin (Pr)

283

249

 47

 4,4

Blå lupin (Bor)

254

213

 35

 2,5

Kvit lupin

315

277

 25

 0,9

Ert (Jul)

723

723

136

18,7

Ert (Bo)

682

662

127

17,2

Vikke (Ni)

412

391

 83

10,2

Åkerbønne

788

678

135

18,4

Om ein samanliknar kvaliteten på belgvekstane (Tabell 2) med kvaliteten på middels seint hausta kløverhaldig grovfôr (Heje 1998), er verken råproteininnhaldet eller in vitro fordøyelegheit vesenleg høgare. Kvaliteten og nedbrytingsprofilen på proteinet veit ein lite om. Denne er avgjerande for korvidt "heimeproduksjon" av protein med eittårig belgvekstdyrking er ein meir rekningssvarande strategi enn å dyrke kløver i fleirårig eng. I følgje den danske fôrtabellen (Fodermiddeltabel 2000) har proteinfraksjonen i frisk heilsæd av raudkløver ein noko høgare AAT-verdi enn tilsvarande fraksjon i både bønne og lupin. Dette fordi nedbrytingsgraden av kløverproteinet er lågare i vomma og høgare i tarmen. I tillegg kjem at total fordøyelegheit av det organiske stoffet er vesentleg lågare hos lupinane enn hos kløveren. Når ensileringseigenskapane heller ikkje er så gode (Tabell 3), synest dei utprøvde vekstane ikkje ha noko stort potensiale som høgverdige proteinkjelder. Det er imidlertid liten tvil om at nitrogenutbyttet i avlinga i høve til kva som er tilført i gjødsel, er høgt (Tabell 1), og vesentleg høgare enn i tradisjonell engdyrking (Lunnan2000, Fystro 2001, Lunnan pers. oppl.).

Tabell 2. Innhald av råprotein, NDF og fôreiningar i tørrstoff og in vitro fordøyelegheit av tørrstoff av belgvekstar dyrka i reinbestand og hausta til grønfôr på Planteforsk Kvithamar.

Belgvekst

Råprotein (%)

NDF (%)

FEm (kg -1)

In vitro ford. (%)

Gul lupin

13,0

41

0,87

73,1

Blå lupin (Pr)

16,5

39

0,88

72,9

Blå lupin (Bor)

13,8

40

0,84

71,2

Kvit lupin

 7,9

42

0,88

73,8

Ert (Jul)

18,8

37

1,00

78,2

Ert (Bo)

18,6

33

0,97

74,8

Vikke (Ni)

20,1

34

0,95

74,7

Åkerbønne

17,1

42

0,86

69,0

Tabell 3. Tørrstoffinnhald og vassløyselege karbohydrat og bufferkapasitet i tørrstoffet hos belgvekstar dyrka i reinbestand og hausta til grønfôr på Planteforsk Kvithamar. Fermentabilitetskoeffisienten er utrekna som: TS (%) + 8 ´ [vassl.karb.] / bufferkapasitet (Pahlow et al. 2000)

Belgvekst

Tørrrstoff-innhald

(%)

Vassløyselege karbohydrat

(% av TS)

Buffer-kapasitet (mekv 100 g-1)

Fermentabilitets-

koeffisient

Gul lupin

13,8

14,0

50

16

Blå lupin (Pr)

12,3

16,1

57

15

Blå lupin (Bor)

13,4

15,2

61

15

Kvit lupin

16,6

24,1

37

22

Ert (Jul)

17,1

18,8

40

21

Ert (Bo)

20,0

23,0

34

25

Vikke (Ni)

22,0

18,2

44

25

Åkerbønne

14,9

17,3

38

19

Mineralinnhaldet i dei utprøvde grønfôrvekstane (Tabell 4) kan vere gunstig for drøvtyggarar samanlikna med mineralinnhaldet ein vanlegvis har i grasbasert grovfôr (Bakken 1999). Svovelinnhaldet var rett nok lågt, men den relativt låge konsentrasjonen av K i høve til Ca, Mg, samt ein høg konsentrasjon av Na kan vere gunstig. At konsentrasjonen av dei fleste minerala var høgare i lupinane enn i dei andre belgvekstane, kan likså gjerne ha samanheng med lågare produksjon og dermed mindre fortynning, som med artsspesifikke opptakseigenskapar.

Tabell 4. Innhald av mineral i belgvekstar dyrka i reinbestand og hausta til grønfôr. Verdiane er gitt som % av tørrstoff for P, K, S, Mg, Ca og Na og som ppm i tørrstoff for Zn, Fe og Mn. LSMEANS for seks felt i Sør-Norge oppgitt. Det var sikre skilnader (p<0.001) mellom artar for innhaldet av alle mineral med unnatak for Fe.

Belgvekst

P

K

S

Mg

Ca

Na

Zn

Fe

Mn

Gul lupin

0,35

2,4

0,18

0,22

0,78

0,33

41

155

140

Blå lupin (Pr)

0,34

2,2

0,20

0,26

1,32

0,23

28

169

131

Blå lupin (Bor)

0,35

2,1

0,20

0,27

1,44

0,24

32

182

144

Kvit lupin

0,27

2,2

0,13

0,16

0,71

0,27

20

118

428

Ert (Jul)

0,27

1,7

0,09

0,18

0,85

0,19

17

101

 22

Ert (Bo)

0,25

1,5

0,08

0,15

0,70

0,18

16

104

 17

Vikke (Ni)

0,32

2,0

0,12

0,21

1,06

0,27

24

105

 50

Åkerbønne

0,27

1,9

0,09

0,18

0,80

0,33

22

118

 41

Referansar

Bakken, A. K., 1999. Høgt molybdeninnhald i grovfôret som årsak til kopparmangel hos drøvtyggarar - eit marginalt eller for lite påakta problem ? Planteforsk Rapport, 09/99.

Fodermiddeltabel, 2000. Sammensætning og foderværdi av fodermidler til kvæg. Rapport nr. 91. Landbrugets Rådgivningscenter, Landskontoret for kvæg.

Fystro, G., 2001. Tilpassa N-gjødsling til eng. Grønn Forskning, 5 (4), 73-80.

Heje, K. K., 1998. Håndbok for jordbruket. M. Strand (red.). Landbruksforlaget.

Lunnan, T., 2000. Ertersortar til grønfôr. Grønn Forskning, 4 (2), 285-288.

Lunnan, T., 2000. Innhald av belgvekstar - kva er optimal avling, fôrkvalitet og N-fiksering ? Korleis oppnå eit optimalt innhald ? Grønn Forskning, 4 (5), 98-102.

Lunnan, T. og Marum, P., 1994. Timoteisorter for høgereliggende strøk på Østlandet. Utslag for nitrogengjødsling på avling og kvalitet. Norsk Landbruksforsking, 8, 305-314.

Pahlow, G., Rammer, C., Tuori, M. and Wilkins, R., 2000. LEGSIL: Ensiling of established and novel legumes in Germany, Sweden and Finland. Grassland Science in Europe, 5, 56-58.
 



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.