
Stråfattig italiensk raigras sådd i blanding med korn kan gi velgjæra vinterfôr med høg næringsverdi dersom det vert hausta til rett tid under gunstige haustingsforhold. Samtidig gir gjenveksten av raigraset næringsrike, vekstkraftige beite utover hausten. Det viser ei undersøking gjennomført av Planteforsk på oppdrag frå Gilde Norsk Kjøtt.
Av Astrid Johansen, Bioforsk Midt-Norge Kvithamar, og Tor Lunnan, Bioforsk Øst Løken
Undersøkinga vart gjennomført ved Planteforsk-einingane Løken i Valdres, Fureneset i Sunnfjord og Kvithamar i Nord-Trøndelag. Ein sådde 4 kg italiensk raigras og 6-8 kg korn (både bygg, havre og vårkveite) samt 0,5 kg perserkløver per dekar i første del av juni. To ulike såmåtar vart prøvd; blanda såing og delt såing med korn sådd i striper frå tredjekvar labb. Førsteslåtten vart hausta på to ulike tidspunkt; ved begynnande skyting av havre (7-9 veker etter såing) og to veker seinare. På Løken vart fôret fortørka i nærmare eitt døgn med opphaldsvêr og deretter konservert i små forsøks-siloar med tilsetting av GrasAAT Pluss. Det vart gjødsla med 10 kg N om våren, seinare med 6 kg N etter førsteslåtten og 3-4 kg N etter andreslåtten.
I ytre Sunnfjord og på flatbygdene i Trøndelag er vekstsesongen lenger enn i Valdres. Dette gjorde at ein kunne hauste gjenveksten to gonger på Kvithamar og Fureneset, men berre ein gong på Løken. Størst totalavling vart likevel oppnådd på Løken der førsteslåtten var størst, sjå figur 1. Dette kjem mykje av at utviklinga av kornet går seinare ved lågare temperaturar slik at kornavlinga ved skyting blir større. Førsteslåtten hausta ved begynnande skyting av havre utgjorde 55-65 % av totalavlinga, derav 40-60 % korn på Løken og Fureneset. Lågare totalavling på Kvithamar enn på Fureneset og Løken skuldast både at det var lågare såmengd av korn ved stripesåing (2,7 kg) og at det var mykje åkerugras. I korndyrkingsområda kan ein sprøyte mot ugras i grønfôrfelt, men av omsyn til perserkløveren var det ikkje gjort her. På den andre sida gjorde perserkløveren svært lite av seg på alle felta. Med svakare gjødsling ville ein truleg fått betre tilslag av kløveren.
For totalavlinga var effekten av haustetid marginal ved at større tilvekst etter tidleg hausting vog opp for større avling i førsteslåtten ved sein hausting på Løken og Fureneset. På Kvithamar der ugraset utgjorde ein stor del av avlinga på eit tidleg stadium vann ein derimot mykje i avling ved å utsette haustetidspunktet for førsteslåtten. Blanda såing gav høgare avling i førsteslåtten enn stripesåing, men gjenveksten var størst etter stripesåing. Val av kornart hadde også lite å seie for avlinga, men kornandelen var lågare i kveite enn i bygg og havre. Konklusjonen er derfor at såmåte, kornart og haustetid har lite å seie for totalavlinga, men at haustetidspunktet har mykje å seie for fordelinga av avlinga mellom vinterfôr og beite. Dette har størst tyding der veksetida er stutt og i slike høve kan det vere ein fordel med tidlegare såing dersom ein ønskjer å få mest mogleg haustbeite.
Figur 1. Avling av italiensk raigras sådd i blanding med korn og perserkløver på tre norske lokalitetar 2004, og hausta ved to ulike haustetider. Gjennomsnitt av to såmåtar og tre kornslag.
Kvaliteten på fôret var påverka både av utviklingsstadium og botanisk samansetjing. Hausting ved begynnande skyting gav høgare næringsverdi enn seinare hausting, sjå tabell 1. Analysane viste at surfôr frå første haustetid var velgjæra sjølv om innhaldet av etanol var litt høgt. I surfôret som var hausta to veker seinare var imidlertid innhaldet av etanol langt over grensa for det ein reknar som god surfôrkvalitet. Så langt har ein ikkje funne noko enkel forklaring på dette. Sjølv om ein har få haldepunkt på at høgt innhald av etanol verkar negativt på fôropptaket hjå drøvtyggjarar, blir likevel konklusjonen frå desse undersøkingane at ein bør hauste blandingar av raigras og korn før/rundt begynnande skyting av kornet. Dette gir høgast næringsverdi og best gjæringskvalitet på vinterfôret, og dessutan mest gjenvekst til haustbeite for sluttfôring av lam.
Tabell 1. Næringsverdi av italiensk raigras i blanding med korn ved to haustetider, samt gjæringskvalitet i ferdig surfôr. Resultat frå Løken. Gjennomsnitt av to såmåtar og tre kornslag.
Kvalitet ved slått |
Kvalitet av ferdig surfôr etter fortørking |
|||||||
Haustetid |
TS % |
Råprotein % av TS |
NDF % av TS |
FEm, per kg TS |
TS, % |
pH |
Etanol, % av TS |
NH3-N, % av total N |
Ved begynnande skyting |
14,3 |
17,5 |
48,1 |
0,93 |
25,5 |
4,78 |
0,42 |
12,0 |
To veker seinare |
13,9 |
14,9 |
51,7 |
0,85 |
26,6 |
4,28 |
3,33 |
12,6 |
Stripesåing og låg såmengd av kornet gav meir raigras i høve til korn i avlinga og dermed også høgare næringsverdi. Stripesåing kan gjere det lettare å styre mot eit bestemt blandingsforhold mellom korn og raigras, men førebels har ein ikkje grunnlag for å fastslå kva blandingsforhold som er optimalt. Kornarten ser ut til å ha lite å seie både for avling og kvalitet. Havre kan likevel vere å føretrekkje framfor bygg, mellom anna fordi havre skyt seinare enn bygg og gir større avlingar. Snerp frå bygg kan dessutan vere eit problem i sauehaldet, særleg ved sein hausting.
Kvaliteten av gjenveksten var høg heilt fram mot vekstavslutning. Ved siste slått i midten av oktober på Kvithamar og Fureneset inneheldt fôret 21-23 % råprotein, i underkant av 40 % NDF og over 1 FEm per kg TS. Gode overvintringsforhold gjorde dessutan at raigraset gav gode avlingar også i 2005 på Kvithamar.
Tabell 2 syner variable kostnader ved produksjon av ei blanding med raigras og korn med og utan bruk av sauemøkk på vårgjødslinga. Kostnader for pressing og pakking av rundballar er ikkje inkludert. Det er teke utgangspunkt i prisar per desember.
Tabell 2. Variable kostnader av fôret, gitt totalavling à 600 kg TS, derav 60 % i førsteslåtten.
|
Med 2 tonn sauemøkk |
Utan sauemøkk |
Kalksalpeter, kr per dekar |
24,0 |
|
Fullgjødsel 21-4-10, kr per dekar |
|
130,0 |
Frø (ekskl. perserkløver), kr per dekar |
104,0 |
104,0 |
Ensileringsmiddel, kr per dekar |
130,0 |
130,0 |
Pris per dekar, kr |
258,0 |
364,0 |
Pris per kg TS, kr |
0,43 |
0,61 |
Pris per FEm, kr |
0,45 |
0,63 |
Gilde Norsk Kjøtt og Planteforsk vil fylgje opp resultata frå desse undersøkingane med beiteforsøk hausten 2005 og fôringsforsøk med rundballesurfôr av italiensk raigras i blanding med havre i tida omkring lamming våren 2006. Føremålet er å undersøkje om den høge kvaliteten som det ser ut til å vere muleg å oppnå, også gjev positive utslag på fôropptak, tilvekst og slaktekvalitet på lam. Det vil også bli gjennomført undersøkingar for å fastslå kva som er det optimale blandingsforholdet mellom raigras og korn hausta ved begynnande skyting.
Ferdig surfôr av korn/raigras