Potensial for dyrking av fôrmais i Noreg

03.03.2005 (Oppdatert: 03.02.2017) Oddbjørn Kval-Engstad

Forsøk viser at dyrking av fôrmais i Trøndelag og på Jæren er eit risikoforetak med dagens sortsmateriale.

Av Anne Kjersti Bakken, Lars Nesheim,  Astrid Johansen og Thorbjørn Wikmark - Bioforsk Midt-Norge Kvithamar og Olav Harbo - Bioforsk Vest Særheim

Ulike sortar av fôrmais vart i åra 2002-2004 dyrka i forsøk på Jæren og ved Trondheimsfjorden i Nord-Trøndelag. I to av åra vart plastdekke frå våren av lagt inn som forsøksfaktor. På grunnlag av oppnådd avlingsmengde og kvalitet, vêrdata for forsøksåra og for tiårsperioden 1995-2004 på desse lokalitetane og for Tjølling i Vestfold og Ås i Akershus, vart potensialet og risikoen for avlingssvikt ved fôrmaisdyrking drøfta. Konklusjonen vart at fôrmaisproduksjon i Trøndelag og på Jæren er eit risikoforetak, også dersom ein legg inn bruk av plastdekke frå våren av. Truleg var åra 1997 og 2002 dei to einaste i tiårsperioden 1995-2004 at ein kunne ha oppnådd store avlingar med god nok kvalitet. Tjølling i Vestfold var den sikraste lokaliteten av dei fire ein såg på, men også her var mange av somrane i tiårsperioden truleg for dårlege for det aktuelle sortsmaterialet, også med bruk av plast.

Les/last ned heile artikkelen frå Bioforsk sine nettsider.

 



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.