Beite og grovfôr - sjølve grunnlaget for saueproduksjonen

13.02.2000 (Oppdatert: 03.02.2017) Oddbjørn Kval-Engstad

Tilgang på nok innmarksbeite av god kvalitet om våren er ofte ein flaskehals på sauebruka. Også om hausten er det behov for gode innmarksbeite. Ved val av driftsopplegg bør omsynet til å skaffe nok vårbeite og haustbeite telje meir enn å produsere vinterfôr med veldig god kvalitet.

Det vil normalt vere lønsamt å sørge for optimal tilvekst på lamma om våren og heller kjøpe grovfôr til vinterfôr, om det er nødvendig. Søyene kan klare seg med grovfôr med middels kvalitet om vinteren, med unnatak for perioden rundt lamming. Ein må såleis ha moglegheiter til å produsere grovfôr av eng- og grønfôrvekstar med ulik kvalitet. Det kan ein oppnå ved å skjerme deler av garden, eller leigejord, mot beiting, og leggje vekt på dyrke grovfôr med ønska kvalitet på slike areal.

Av Lars Nesheim, Bioforsk Midt-Norge Kvithamar, og Jørgen Todnem, Bioforsk Øst Løken

Innleiing

Grovfôr utgjer meir enn 90% av årsfôret i saueproduksjonen. Av dette er 20-25% vinterfôr i form av høy og surfôr og 65-70% er beitegras tatt opp på inn- og utmarksbeite. Kor mykje beiteopptaket på innmarka utgjer høve til opptaket i utmarks- og fjellbeite, kan variere mykje med driftsopplegget og med tilhøva elles. Men i alle tilfelle har utnyttinga av innmarka stor innverknad på lønsemda i sauehaldet. Og ei av dei viktigaste utfordringane for sauebrukarane no er å betre lønsemda. Det ligg truleg visse moglegheiter i ei betre utnytting av dei ressursane ein har tilgang på, som kan gi mindre kostnader. Men ein må vere varsam med å setje søkjelyset berre på kostnadsreduksjonar, det er skilnaden mellom inntekter og kostnader som er avgjerande. Den nye landbruksmeldinga gir signal om strukturrasjonaliseringar i mjølkeproduksjonen. Også i sauehaldet kan det verte nødvendig med omstillingar, som kan medføre større produksjon på færre bruk og såleis gjere det mogleg å auke innteninga.

Tidlegare på dette møtet er det gjort greie for kva krav sauene set til kvaliteten av grovfôret i vinterperioden (Lind og Nordang 2000). Litt forenkla kan ein seie at sauene klarer seg godt med grovfôr med middels kvalitet, med unnatak for perioden før og rundt lamming. Vidare veit ein at rikeleg tilgang på godt vårbeite og haustbeite er avgjerande for tilveksten og slaktevekta på lamma, og at mange bruk har problem med å få nok vårbeite. Beiting på innmarka vil gi mindre avling i førsteslåtten, og dermed mindre vinterfôr. Det er såleis ei utfordring å få til ein bruk av innmarka som både gir nok beite og vinterfôr med tilstrekkeleg god nok kvalitet.

I dette innlegget vil vi drøfte korleis driftstiltak som bruk av kort- eller langvarig grasmark, omfang av vår- og haustbeiting av innmarka, val av haustetidspunkt og bruk av grønfôrvekstar vil påverke moglegheitene til å skaffe nok fôr til sauebuskapen. Dei ulike tiltaka vert drøfta ut i frå eit overordna mål om å betre lønsemda i saueproduksjonen.

 

Utnytting av innmarksbeite om våren

 

Verdien av godt vårbeite

Kvaliteten av vårbeite kan vere avgjerande for tilveksten hjå lamma, både om våren og seinare på fjellbeite. I forsøk på Planteforsk Sæter fagsenter, Kvikne, vaks lamma vel 300 gram per dag på godt vårbeite medan lam som gjekk på dårlegare beite la på seg berre det halve i vårbeiteperioden (tabell 1). Godt vårbeite var i dette tilfellet ny timotei/engsvingeleng med ei plantehøgd på 5-6 cm. Dårleg beite var kulturbeite med innslag av finnskjegg. Kulturbeitet var kome kortare i utvikling enn slåttenga. Skilnaden i tilvekst på lamma skuldast såleis ein kombinasjon av ulik tilgang på fôr og forskjell i fôrkvalitet. Lamma som hadde dårlegast utgangspunkt ved fjellsendinga la på seg mindre også på fjellbeite, og om hausten vart resultatet av slakteklassifiseringa dårlegare. Andre norske beiteforsøk har også vist at tilveksten på tvillinglam kan vere på godt over 300 gram per dag om våren.

Tabell 1. Tilvekst og slakteklassifisering hjå lam ved godt eller dårleg vårbeite (Bekken 1992).

Beitetype

Tilvekst lam, g/dag

Slakteklassifisering, %-vis fordeling

 

Vårbeite 14 dagar

Fjellbeite 90 dagar

*E

*

I

II

"Godt" vårbeite

332

283

11

37

52

0

"Dårleg" vårbeite

177

269

3

20

64

13

 

Kva krav må ein setje til vårbeitet og korleis skal ein leggje opp drifta for å oppnå ein tilvekst på 3-400 gram per dag på lamma om våren?

Krav til beitet

Grasmarka bør vere tett og bladrik og innehalde ei blanding av grasartar, urter og eventuelt belgvekstar. Kva artar og sortar ein bør bruke ved etablering av grasmark som skal nyttast både til slått og beite, vil ein nemne noko om i avsnittet om dyrking av vinterfôr.

Plantesetnaden må vere i god vekst når dyra vert sleppt på beite. Det inneber at beitet må gjødslast om lag ved vekststart, det vil seie når graset byrjar å verte grønt. Høveleg mengd nitrogen vil vere mellom 3 og 7 kg per dekar. I ein viss grad kan ein nytte gjødslingsstyrken til å regulere veksten etter kor mykje beitegras ein har behov for. Men ved sterk gjødsling aukar faren for at ein ikkje klarer å tilpasse beitetrykket til tilveksten og graset vert trakka ned og vraka. Beiteopptaket er også mindre ved sterk gjødsling. Ein bør unngå å spreie husdyrgjødsel på grasmark som skal beitast.

Driftsopplegg

Ein bør planleggje tidspunkt for lamminga slik at beita er i god vekst (plantehøgd på 5-6 cm) når det høver å sleppe ut dyra. I fjellbygdene er det gunstig å sleppe ut søyer og lam når lamma er 12-14 dagar gamle, medan ein ikkje treng å vente meir enn 5-6 dagar i låglandet. Lamming rundt forventa vekststart på beita, eller ei lita veke før, vil såleis passe godt. I år med kaldt vêr etter lamming, og såleis dårleg vekst på graset, bør ein vente med å sleppe ut dyra. Ein føresetnad er at ein har nok vinterfôr. Det kan også vere aktuelt med støttefôring ute på beitet, både med surfôr og kraftfôr.

Ei søye med to lam har eit fôrbehov på 2,5-3,0 fôreiningar (FEm) per dag i vårbeiteperioden, ved ein forventa tilvekst per lam på om lag 300 gram. Kor stort beiteareal som er nødvendig per søye er vanskeleg å talfeste. På godt beite kan arealbehovet vere 0,5-0,7 dekar for ei søye med to lam i to veker, på dårlegare beite kan det vere behov for dobbelt så stort areal. Beitetrykket bør vere så sterkt at plantehøgda vert halde på 5-6 cm i beiteperioden. Om beitet seinare skal haustast til surfôr eller høy, bør beitetida ikkje vere lenger enn 2-3 veker.

 

Haustbeiting av eng og grønfôrvekstar

 

Behovet for haustbeite på innmark vil ofte avhenge mykje av kor tunge lamma er når dei kjem frå utmarka. Ved slakting bør levandevekta hjå lamma vere minst 45 kg. I åra 1995-1997 var det berre om lag 30% av lamma ved Sæter fagsenter som vog meir enn 45 kg ved sanking (Todnem 1998). Heile 15-20% av lamma var lettare enn 35 kg. Desse tala illustrerer at ein stor del av dyra vanlegvis har behov for ein beiteperiode på innmark.

Etter sanking bør ein dele opp flokken i grupper etter kva behov dei har for beite utover hausten. Forslag til ei slik inndeling er vist nedanfor:

1. Vaksne søyer

  • Søyer som skal utrangerast. Desse bør leverast til slakt rett etter nedsanking
  • Livsau. Om dei har normalt hold, vil dei greie seg med beite av middels kvalitet (håbeite, kulturbeite)

2. Gimrar

  • Gimrar. Vil ofte ha behov for svært godt beite fram til innsetjing (godt håbeite + fôrraps, raigras)

3. Lam

  • Store lam. Lam som veg over 45 kg ved sanking bør leverast til slakting så raskt som råd
  • Livlam. Har behov for svært godt beite (godt håbeite + fôrraps, raigras). Om dei skal parast, bør dei klippast og setjast inn når beitet ikkje lenger er svært godt
  • Slaktelam, 36-44 kg. Desse bør også ha svært godt beite (godt håbeite + fôrraps, raigras). I denne gruppa kan det vere aktuelt med plukkslakting, etter vekt og hold, til dømes kvar 10. dag.
  • Slaktelam, <= 35 kg. Desse lamma treng minst seks veker på svært godt beite før dei er slaktemogne. Om ein ikkje har tilgang på godt beite i så lang tid, må dyra fôrast opp inne. Klipping av slike lette lam tidleg i september, og utslepp på beite etter nokre dagar inne er også aktuelt. Dette har gitt gode resultat i praksis.

I tabell 2 er det vist tal frå registreringar (1995) og forsøk (1996-97) med ulike typar haustbeite på Sæter fagsenter (Todnem 1998). Samanlikninga i 1995 er ikkje heilt reell, då eit stort tal lam på hå- og rapsbeite vart samanlikna med ei mindre gruppe i forsøk som gjekk på raigrasbeite.

Tabell 2. Tilvekst og auke i levande vekt hjå dalalam ved beiting av gjenvekst på eng (hå) og grønfôrbeite på Sæter fagsenter (Todnem 1998).

 

Haust 1995

Haust 1996

Haust 1997

Hå + raps

(ikkje forsøk)

Raigras

Hå + raps

Hå + raps

Tal lam

222

32

24

24

24

24

Beitetid, dagar

21

22

24

24

31

31

Nedsankingsvekt, kg

41,5

42,3

40,3

39,8

40,5

40,7

Tilvekst, g/dag

304

363

271

418

257

378

Auke i levande vekt, kg

6,6

7,0

6,5

10,4

8,0

11,7

 

Tilgang på håbeite og fôrraps gav svært høg tilvekst, rundt 400 gram per dag. Også håbeite gav god vektauke i dette tilfellet. Men i og med at enga har liten tilvekst utover hausten og fordi sterk beiting kan verke uheldig på grasplantene, vil det normalt vere behov for eit visst areal med grønfôrbeite for å oppnå god slaktekvalitet og tilfredsstillande hold på livdyra. Dei mest aktuelle grønfôrvekstane til haustbeite er dei korsblomstra artane fôrraps og grønfôrnepe, og eitt- og toårig raigras. Tilveksten til lamma er noko betre på rapsbeite enn på raigrasbeite. Grønfôrnepe høver best til vaksne dyr.

Fôrraps gir god avling til beite etter 60-70 vekstdøgn, men vert ikkje utvaksen før etter 100-120 døgn. Dersom beitet skal vere klart til midt i september, vil det såleis passe å så fôrraps etter vårbeitinga, eller etter første slått. Jorda må ikkje vere vassjuk. Om ein reknar med beiting vel to månader etter såing, bør ein ikkje gjødsle sterkare enn 10-12 kg nitrogen per dekar. Utnyttinga vert best ved stripebeiting. Til beite for eitt lam i ein månad må ein så minst 0,1 dekar raps. Beitedyra må alltid ha tilgang på minst like stort areal med håbeite i tillegg til grønfôret.

Toårig raigras (italiensk) er bladrikt og set nesten ikkje stenglar i såingsåret, medan eittårig raigras (Westerwoldsk) skyt etter 50-60 vekstdøgn. Desse to formene av raigras har såleis ulik bruksmåte. Det finst også sortar som er ei mellomform, med ei viss mengd stenglar i såingsåret. Det toårige raigraset høver godt til fleire gongers beiting, i reinbestand er det normalt for blautt til ensilering. Det kan høve å blande toårig raigras saman med havre eller bygg som vert hausta til surfôr, raigraset kan gi god gjenvekst til beite. Det eittårige raigraset eignar seg betre til ensilering, men gjenveksten passar godt til haustbeite. Gjødslinga til raigras kan vere noko sterkare enn til eng, men for god tilgang på nitrogen kan verke uheldig på fôrkvaliteten. Lam som treng svært godt beite må ha minst 0,2 dekar raigrasbeite om beitinga skal vare i ein månad. Tilsvarande arealkrav på håbeite kan liggje rundt 0,3 dekar.

 

Ulike typar grasmark og grønfôr til vinterfôr

 

Grasmark som vert nytta både til beite og slått

Vår- og haustbeiting er ei hard påkjenning for engvekstane. Ved etablering av grasmark til beite og slått bør ein nytte ei allsidig frøblanding med timotei, engsvingel, engrapp og kløver. Timotei og engsvingel toler beiting dårlegare enn engrapp, men dei etablerer seg raskt og gir avling med god kvalitet. Dersom ein ønskjer at grasmarka skal liggje lenge, kan ein auke delen av engrapp og også ta med engkvein og raudsvingel i frøblandinga. På sauebruk, der det som oftast er lite open åker og såleis ikkje er nødvendig med eit fast omløp, kan det mange stader liggje godt til rette for å ha ein stor del langvarig eng. Kortvarig eng kan gi noko høgare avling, men toler vanlegvis beiting dårlegare enn eldre eng. Det er kostbart å fornye grasmarka. Dersom ein klarer å halde oppe produksjonen (summen av beiteopptak på vår- og haustbeite og hausta avling) og fôrkvaliteten, kan driftsopplegg med mykje langvarig grasmark vere lønsamt.

Vårbeiting med sau på innmarka vil redusere avlingsmengda i førsteslåtten. Kor stor reduksjonen vert, er mellom anna avhengig av kor lenge dyra går på beitet og ikkje minst av kor hardt nedbeita grasmarka vert. I forsøk har ein funne 20-50% avlingsnedgang etter 1-3 vekers beiting (Nesheim 1995). Ved å ta omsyn til beiteopptaket, er det reelle avlingstapet mindre. Ein kan redusere avlingsnedgangen ved å utsetje tidspunktet for førsteslåtten, med til dømes ti dagar etter to vekers beiting. Ei slik utsetjing treng ikkje medføre dårlegare fôrkvalitet i førsteslåtten, fordi eng som vert beita vil ha meir blad og mindre stenglar enn ei ubeita eng, og blada har betre fôrverdi enn stenglane.

Beiting med sau over fleire år vil endre den botaniske samansetninga i grasmarka. Det vert mindre av timotei og engsvingel og meir av artar som engrapp og engkvein. Innhaldet av tofrøblada artar, som ofte vert kalla ugras, kan også auke, men ved god tilpassing av beitetrykket treng det ikkje vere tilfelle (Pestalozzi 1987). Artar som er vanlege i langvarig grasmark, og i eng som vert beita, kan vere vanskelegare å ensilere enn timotei og engsvingel, fordi bufferkapasiteten er høgare. Om det er mykje engrapp og engkvein i grasmarka, kan det såleis vere fornuftig å bruke noko meir ensileringsmiddel for å sikre ein rask nedgang i pH.

Ved val av haustetidspunkt for 1. slått etter vårbeiting må ein ta omsyn til fleire moment:

  • Plantene må få vekse opp att etter vårbeitinga
  • Om ein skal hauste to slåttar i tillegg til beiting vår og haust, må førsteslåtten takast tidlegare enn om det berre skal vere ein slått. Men slik intensiv drift høver berre der det er lang vekstsesong
  • Kor stort er behovet for håbeite? Ein svært sein førsteslått, eller ein andreslått, kan gi for lite gjenvekst til beitestart i september. 
  • Krav til fôrkvalitet. Søyene har normalt ikkje behov for surfôr med meir enn middels kvalitet i store delar av vintersesongen. Det inneber at ein kan ta mest omsyn til å få dekka behovet for vår- og haustbeite, og leggje mindre vekt på haustetidspunktet for første- og eventuelt andreslåtten.

Gjødsling før beiting om våren er alt nemnt. Erfaring og forsøk har vist at ein har lite att for å gjødsle sterkare enn med 10-12 kg nitrogen til førsteslåtten. I og med at ein alt har gjødsla om våren før beiting, og fordi avlingspotensialet på beita grasmark kan vere litt lågare enn på ung ubeita eng, bør ein normalt ikkje gjødsle sterkare enn 8-10 kg nitrogen per dekar. Etter førsteslåtten kan det høve å tilføre 3-5 kg nitrogen.

Grasmark berre til slått

Om det er praktisk mogleg bør ein gjerde inn eit visst areal av garden som ikkje skal beitast. Til dømes attlegg og ny eng bør skjermast. Dersom ein har tilgang på leigejord, kan det passe å nytte den jorda berre til slått. På slike areal kan ein velje haustetidspunkt ut i frå ei avveging mellom kor stor total fôrmengd ein har behov for og kva fôrkvalitet ein ønskjer. Eit slikt driftsopplegg vil gjere det enklare å produsere grovfôr med ulik kvalitet. Særleg i tida før og etter lamming, har søyene behov for godt grovfôr som kan gi eit høgt fôropptak.

Grønfôrvekstar til vinterfôr

Korngrønfôr med eit visst innslag av fôrraps eller raigras kan gi store avlingar ved èin hausting. Særleg i år med vinterskader på grasmarka kan det vere aktuelt å så slike vekstar for å sikre forsyninga av vinterfôr. Etter forsøk med sauer på Tjøtta konkluderte Våbenø og Hole (1984) med at surfôr av bygg-fôrraps hausta ved gulmogning kan nyttast som einaste grovfôr til sau. Fôr som vart hausta ei veke etter skyting av byggen vart blautt, og fôropptaket vart lite. Bygg-fôrraps hadde ingen uheldige verknader på helse og trivsel hos dyra, men det vart ein del snerp i ulla. Ved bruk av havre i staden for bygg kan ein unngå problem med snerp.

Eitt anna alternativ kan vere å så havre og raigras i blanding, til dømes 12 kg havre og 3 kg raigras per dekar. Fôret bør haustast 2-4 veker etter skyting, fortørkast for å unngå problem med varmgang og ensilerast i rundballar. Etter haustinga vil raigraset gi ein gjenvekst som kan beitast.

 

Referert litteratur

Bekken, A. 1992. Godt og dårleg vårbeite i relasjon til slaktevekt og slaktekvalitet. Husdyrforsøksmøtet 1992. Faginfo SFFL nr. 13, s. 205-208.

Lind, V. og L. Nordang, 2000. Fôr søyer etter holdet. Lam2000. Rasjonelt sauehald for framtida. Haugesund 12.-13. februar 2000.

Nesheim, L. 1995. Verknad av ulike driftsmåtar på botanisk samansetning, varigheit og kvalitet i grasmark. Faginfo nr.6, s. 76-82.

Pestalozzi, M. 1987. Virkning av sauebeiting på avling og sammensetning av eng. Norsk landbruksforskning 1(2): 91-96.

Todnem, J. 1998. Høstbeite til sau. Notat fra Planteforsk Sæter fagsenter. 4 sider.

Todnem, J. 1999. Grovfôrdyrking tilpasset saueholdet. Lammekjøtt 99. Norsk Kjøtt, s. 78-80.

Våbenø, A. W. og J. R. Hole, 1984. Surfôr av bygg-fôrraps til sau. Husdyrforsøksmøtet 1984. Aktuelt fra SFFL nr. 3, s. 103-108.



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.