Våtsåing av eng- og åkervekstar

08.09.2010 (Oppdatert: 03.02.2017) ,  Oddbjørn Kval-Engstad

Firmaet Agromiljø AS har utvikla ein metode for å blande frø og husdyrgjødsel i samband med spreiing av gjødsla med stripespreiar eller nedfellar. Metoden vert kalla våtsåing. I eit treårig brukarstyrt prosjekt har ein samanlikna våtsåing av eng- og åkervekstar med tradisjonelle metodar for etablering av grasmark og åker. Prosjektet er gjennomført av Bioforsk Midt-Norge i samarbeid med fleire lokale einingar av Norsk Landbruksrådgiving.

Bilete: Ringleiar Jostein Skretting viser veg ved anlegg av forsøksfelt på Tretten i Gudbrandsdal. Foto: Oddbjørn Kval-Engstad

Frå konklusjon i rapport med Lars Nesheim, Bioforsk Midt-Norge, som hovudforfattar :

Våtsåing av bygg gav tilfredsstillande avling i tre forsøk på Jæren. På grunn av forsøksfeil var det vanskeleg å samanlikne ulike metodar. Våtsåing av haustkveite i pløgd jord i Midt-Norge gav like godt resultat som såing med vanleg såmaskin, med minst ein operasjon mindre. Våtsåing av raps i Sverige har gitt lovande resultat.

Det var stor variasjon mellom dei ulike forsøksfelta med omsyn til kor vellukka fornying og vedlikehaldssåing etter ulike metodar i grasmark har vore. Såing same dag som brakking om hausten var vanlegvis mislukka. Våtsåing har stort sett gitt like gode resultat som andre metodar. Det er større sjanse for å få til god etablering av gras og kløver på brakka areal enn der det eksisterande plantedekket ikkje vert fjerna. Under praktisk prøving har det vist seg at vedlikehaldssåing vert mest vellukka i relativt ung eng der grassvoren ikkje er vorte særleg tjukk.

I forsøka i Gudbrandsdalen gav nedfelling av gjødsla ikkje noko betre fôrkvalitet i rundballar enn breispreiing. Men begge metodane gav om lag same kjemiske kvalitet som bruk av mineralgjødsel. I eitt av to år var den hygieniske kvaliteten av fôret betre der det ikkje vart spreidd husdyrgjødsel.

Det var ikkje lagt opp til registrering av skade ved bruk av nedfellar, men det vart observert at torva vart lausare der det vart brukt nedfellar. Det kan skuldast at avstanden mellom skivene på nedfellaren berre var 15 cm. Det er mest vanleg med ein avstand på 25-30 cm.

I fleire tilfelle har bruk av vanleg såmaskin gitt vel så godt resultat som våtsåing. Men ved våtsåing kan ein spreie husdyrgjødsel og så frø i éin operasjon. Og det kan i mange tilfelle vere ein fordel.

Les/last ned heile rapporten: Bioforsk Rapport