Husdyrgjødsel må brukast med fornuft på grasmark

30.04.2003 (Oppdatert: 03.02.2017) Oddbjørn Kval-Engstad

Husdyrgjødsel kan spreiast på eng utan at det går ut over fôrkvaliteten, så framt gjødsla vert spreidd i moderate mengder tidleg om våren eller rett etter slått. Vêrforholda under og etter spreiing har innverknad både på fôrkvalitet og på tap av nitrogen.

Av Astrid Johansen og Lars Nesheim, Bioforsk Midt-Norge Kvithamar

Bakgrunn og mål

 

Det er eit mål for norsk landbruk å utnytte lokale ressursar og minimere tapa av næringsstoff til miljøet

Husdyrgjødsel har vore, og er stadig ein verdifull ressurs i grovfôrbasert husdyrproduksjon.

Likevel er ofte utnyttinga av næringsstoffa låg, spesielt for nitrogen. Det skyldast i stor grad at mykje av nitrogenet vert tapt ved avrenning i grøfte- og overflatevatn, eller ved utslepp til luft. Med omsyn til det siste er fordamping av ammoniakk rekna som den viktigaste tapskjelda. Utrekningar har synt at ammoniakkutsleppa frå husdyrgjødsel har auka i Norge dei siste ti-åra.

Tilførsel av næringsemne og mikroorganismar frå husdyrgjødsel kan påverke grovfôrkvaliteten

Høgt opptak av grovfôr med høg næringsverdi og med framifrå hygienisk kvalitet er viktig for  økonomien i grovfôrbaserte husdyrproduksjonar. Næringsverdien og ensileringseigenskapane til graset er avhengig mellom anna av gjødslingsstyrkenog ved bruk av husdyrgjødsel kan det vere vanskeleg å halde god kontroll med denne. Husdyrgjødsel er også ei kjelde for mikroorganismar som ein veit er problematiske for å oppnå eit vellukka ensileringsresultat, til dømes smørsyrebakteriar. Desse bakteriane er anaerobe sporedannarar, og overførte til mjølk kan bakteriane utløyse uheldige gjæringsprosessar ved framstilling av ost (Figur 1). Mjølkeleverandørane får trekk i prisen ved påvising av anaerobe sporar i mjølka. Det er difor viktig å kjenna til om bruk av husdyrgjødsel aukar risikoen for å få sporar i mjølka og  om det kan auke risikoen for overføring av sjukdomsframkallande organismar til fôret, til dømes Listeria monocytogenes

Kan nye tekniske løysingar og spreiemetodar redusere tapa?

Den tradisjonelle metoden å spreie blautgjødsel på, har vore overflatespreiing med ulike typar tankvogner med bladspreiar, der gjødsla kjem ut høgt over bakken under stort trykk og med stor grad av forstøving. Metoden har mange ulemper, til dømes ujamn fordeling av gjødsla og stort nitrogentap når vêret gir gode vilkår for fordamping, sviskadar og risiko for at gjødselrestar følgjer avlinga ved innhausting. Det vert no marknadsført fleire nye typar spreieutstyr for husdyrgjødsel, som varierer svært i mykje i pris, kapasitet og vekt. Den tekniske utviklinga har avdekka fylgjande behov:

  • Behov for å undersøkje samanhengar mellom type spreieutstyr og utnytting av næringsstoffa i gjødsla, og risiko for å påverke den hygieniske kvaliteten av avlinga
  • Behov for å undersøkje korleis spreietilhøva verkar på utnyttinga av næringsstoffa

Mål for prosjektet

  1. Opplegg for spreiing av husdyrgjødsel under ulike tilhøve som sikrar optimal utnytting av næringsstoffa, og som er driftssikre, fleksible og kostnadseffektive
  2. Spreiemetodar for husdyrgjødsel på grasmark som hindrar eller reduserer negative verknader på fôrkvalitet og ensileringsresultat

Resultat

 

Det er vanskeleg å dosere N nøyaktig når ein brukar husdyrgjødsel

Ein kjenner sjeldan eller aldri den nøyaktige samansetjinga av husdyrgjødsla ved spreiing, og den varierar gjerne frå spreiinga startar og til ho er avslutta. Dette gjer at det i praksis kan vere svært vanskeleg å treffe den planlagde gjødselstyrken, sjølv med utstyr som gjer det lett å kontrollere spreiemengda. Feilen aukar naturlegvis di større mengd med husdyrgjødsel som vert spreidd i høve til mineralgjødsel. 

Det bør regne godt mellom gjødselspreiing og grashausting, men…

Bruk av husdyrgjødsel medfører større risiko for smørsyregjæring i surfôret samanlikna med mineralgjødsel. Dette kan eit stykke på veg henge saman med at gjødselrestar og dermed sporar av smørsyrebakteriar kan fylgje med graset inn i siloen ved hausting. Auka gjødselstyrke, og dermed uheldig innverknad på ensileringseigenskapane til graset, som fylgje av at husdyrgjødsla har sterkare gjødselverknad enn venta, kan også vere ein del av forklaringa. Likevel er risikoen liten dersom det regnar godt mellom gjødselspreiing og grashausting og ein bruker moderate mengder (inntil 3 tonn blaut storfegjødsel eller 1 tonn sauegjødsel) med gjødsel. På den andre sida kan store nedbørmengder og vått gras ved hausting gje vanskelege ensileringsforhold og dermed auka risiko for smørsyregjæring, spesielt etter at det er spreidd store mengder husdyrgjødsel (Figur 2). I nedbørrike område er det likevel liten fare med å bruke husdyrgjødsel på eng, dersom ein spreier moderate mengder. Det er ikkje grunnlag for å rå gardbrukarar i nedbørfattige strok til ikkje å bruke husdyrgjødsel på enga. Det viktigaste tiltaket for å minske risikoen er å redusere mengdene og å spreie gjødsla så snart det er lagleg å køyre på enga om våren, eller umiddelbart etter slått. Det er viktig å understreke at ei rekke andre faktorar har langt større innverknad på fôrkvaliteten enn bruk av husdyrgjødsel på enga. 

Vassinnblanding og stripespreiing aukar N-utnyttinga

Med å tilsette vatn i gjødsla aukar gjødselverknaden (nitrogen) og tapa av ammoniakk til luft vert redusert i høve til om ein bruker tørrare gjødsel. Effekten av vassinnblanding er størst når tørrstoffinnhaldet i gjødsla er høgt (>7%). Dersom ein tar omsyn til gjødselverknaden har vassinnblanding liten eller ingen effekt på fôrkvaliteten.

Det er ingen skilnad mellom stripespreiing og breispreiing med omsyn til fôrkvalitet når vassinnbladinga er den same ved to spreiemetodane. I andre land har ein vist at fôrkvaliteten vert best og ammoniakktapa minst når gjødsla vert nedfelt i jorda. Både ved stripespreiing og ulike metodar for nedfelling må vassinnhaldet i gjødsla vere høgt for at utstyret skal fungere problemfritt. Såleis har ein ofte gjødsel med større gjødselverknad og mindre tap av ammoniakk til luft med andre spreiemetodar enn tradisjonell breispreiing. Det er framleis noko uklart korleis vêrtilhøva under spreiing påverkar tapa av ammoniakk til luft, og korleis fordampinga av ammoniakk vert endra over tid i høve til gjødslingstidspunktet.

Bruk ensileringsmiddel ved konservering av husdyrgjødsla gras

Bruk av konserveringsmiddel som gjev ei rask senking av pH er ei god og billeg forsikring mot feilgjæring av surfôret. Ettersom bruk av husdyrgjødsel i somme høve kan ha negativ innverknad på ensileringseigenskapane til graset, rår ein derfor til å bruke konserveringsmiddel på gras som vert hausta frå eng tilført husdyrgjødsel. Dette vert spesielt viktig ved små nedbørsmengder mellom gjødsling og spreiing og under vanskelege innhaustingsforhold.  På den andre sida ser det ikkje ut til at bruk av konserveringsmiddel har innverknad på innhaldet av anaerobe sporar i det ferdig gjæra fôret. Såleis kan godt konservert surfôr innehalde relativt store mengder anaerobe sporar. Dette er imidlertid uavhengig av gjødslingspraksis og ensileringsmetode.

 

 





Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.