Tidspunkt for hausting, tal haustingar og driftsmåte på avlingsmengd og avlingskvalitet i eng

18.01.2010 (Oppdatert: 03.02.2017) Oddbjørn Kval-Engstad

Ulike haustetidspunkt, slåttesystem og stubbhøgd og drift av langvarig eng. Drøfta av Lars Nesheim.

Av Lars Nesheim, Planteforsk Kvithamar forskingssenter

Haustetidspunkt. Avlinga aukar jamt med utsett haustetid for førsteslåtten fram mot begynnande blomstring av timotei. Ein sein slått gir mindre tid til gjenvekst og såleis lågare avling i andreslåtten. Oftast vil sein førsteslått gi størst totalavling. Men kvaliteten av avlinga vert dårlegare ved utsett hausting. Fôreiningskonsentrasjonen og innhaldet av protein minkar, og nedgangen er særleg stor i varmt vêr. Innhaldet av sukker er derimot meir avhengig av vêrtilhøva ved hausting enn av utviklingsstadiet. Det er mest sukker i graset ved hausting om ettermiddag/kveld i solrikt vêr. Selmer-Olsen (1991) har gitt eit oversyn over norske og nordiske mjølkekuforsøk med fôr hausta til ulik tid. Elles vil eg vise til artiklar av Nordang (1993) og Bonesmo (1999).

Normal tilråding for haustetid for siloslått er frå skyting til ei veke etter skyting av timotei. På bruk med lite fôrgrunnlag kan ein hauste seinare for å oppnå ei større avlingsmengd med dårlegare kvalitet slik at ein kan fôre dyra etter appetitt. Der det er rikeleg arealtilgang kan det heller vere lønsamt å hauste rundt skyting for å få god kvalitet av fôret. Driftsopplegget kan også verke inn, på sauebruk må drifta av innmarka først og fremst rettast inn på å skaffe nok beite med god kvalitet vår og haust, medan på bruk med mjølkeproduksjon må ein leggje mest vekt på å skaffe vinterfôr som gir høgt grovfôropptak. I tillegg til forholdet mellom haustetid, avlingsmengd og fôrkvalitet, må ein også ta omsyn til korleis haustetida verkar på overvintringsevna, og til skilnader mellom artar. Hausting av førsteslåtten før eller rundt skyting av timotei kan auke risikoen for overvintringsskader. Eng som har ein viss del raudkløver kan haustast litt seinare enn rein graseng, fordi kvaliteten held seg betre oppe i kløver enn i gras. Der engrapp er dominerande art kan det vere høveleg å ta førsteslåtten 1-2 veker før normal haustetid for timoteieng, av omsyn til fôrkvaliteten (engrapp er tidleg) og for å utnytte den gode gjenvekstevna til engrappen.

Ved fastsetjing av haustetidspunkt for ein eventuell andreslått, må ein først og fremst ta omsyn til overvintringa av engvekstane. Ein bør hauste så tidleg at plantane klarar å fylle opp att reservelagra sine før vekstsesongen tek slutt.

Slåttesystem med og utan beiting. Kor mange haustingar (slåttar og/eller avbeitingar) ein skal velje vil mellom anna vere avhengig av lengd av vekstsesongen, haustetidspunkt for førsteslått, eventuell kombinasjon av slått og beiting og risiko for vinterskader. På Vestlandet vil valet normalt stå mellom to eller tre slåttar. Men omsyn til avlingsmengd og overvintring kan innebere at det er lønsamt å berre ta ein slått også i enkelte distrikt på Vestlandet, om ein kombinerer med beiting.

Beiting med sau om våren vil normalt gi mindre avling i førsteslåtten i høve til ubeita eng. I beiteforsøk har ein funne avlingsnedgang mellom 15 og 50% (Nesheim 1995). Når ein tek omsyn til fôropptaket til beitedyra vil det reelle avlingstapet truleg ligge mellom 5 og 20%. I eit driftsopplegg med to veker sauebeiting om våren bør ein utsetje førsteslåtten med om lag 10 dagar, for å redusere avlingstapet mest muleg. Ei slik utsetjing vil ikkje føre til dårlegare fôrkvalitet, mest fordi beitinga gir ein større del blad i bestandet samanlikna med eng som berre vert slått.

Ei lett beiting med storfe i gjenveksten etter ein eller to slåttar treng ikkje verke negativt. I forsøk på Tjøtta gav 2-4 dagars beiting med storfe etter to slåttar ein avlingsauke på om lag 10% i forhold til to slåttar utan beiting. Sjølv etter sju års beiting i forsøk på Tjøtta, Bodø og Tromsø gav enga som hadde vore beita om lag like stor produksjon som ubeita ruter. Desse forsøksresultata syner at det er muleg å styre beitinga slik at skadene vert små. Men i praksis ser ein ofte at eng vert fort øydelagd av beiting. Det skuldast delvis feil opplegg, med for hard beiting til ugunstig tidspunkt og at det vert beita på areal som ikkje høver til det, til dømes på grunn av dårleg drenering.

Beiting i tillegg til 1-2 slåttar vil påverke den botaniske samansetninga i enga. Endringane vil sjølvsagt vere avhengige av kor lenge beitinga går føre og kor gode tilhøva er. Under relativt gunstige forhold på Tjøtta gav sauebeiting noko lågare innhald av timotei og engsvingel og meir engrapp og vassarve enn dei andre haustesystema.

Stubbhøgd Ei stubbhøgd på 10 cm vil vere gunstig for gjenveksten og overvintringsevna til engvekstane, men noko av avlinga vert då ståande att på jordet. Lågare stubbing, til dømes 5 cm, vil gi mindre avlingstap, men særleg timotei og hundegras kan då gå fortare ut. Dersom overflata er særs jamn kan ein stille haustereiskapen lågare enn om det er ujamt. Ein må unngå at deler av enga vert snaubarbert. Svært låg stubbing kan gi forureining av fôret ved at jord og gjødselrestar vert soge opp frå overflata. I dei fleste tilfelle bør stubbhøgda vere ein stad mellom 5 og 10 cm.

Drift av langvarig eng Driftsopplegget i ei grasmark må alltid tilpassast dei artane som dominerer i bestandet. I ein viss grad kan ein bruke driftsmåten til å styre den botaniske samansetninga i ein ønskjeleg retning. Til dømes kan hyppig og tidleg hausting auke innhaldet av engsvingel i høve til timotei, og beiting kan gi større innhald av engrapp. Langvarig eng har ofte meir engrapp og tofrøblada urter enn ny eng. Desse artane er tidlegare enn timotei, og det vil difor normalt passe best å hauste den varige enga først.

Avlingsnivået vil ofte vere litt lågare på langvarig eng enn på ny eng med produktive artar som timotei, engsvingel og raudkløver. Ein bør difor redusere gjødslingsstyrken noko. I eit driftsopplegg utan fast omløp må ein fornye den enga som er dårlegast, utan omsyn til engalder. Ofte kan ei fireårig eng vere meir sundkøyrd og øydelagd enn ei eng som ikkje er fornya på 15 år. I og med at avlingskvaliteten kan vere like god i eldre som i ny eng, vil det i eit slikt tilfelle vere mest lønsamt å pløye opp den yngste enga.



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.