Verknad av nitrogengjødsel på bestand, avling og fôrkvalitet i timoteieng

01.04.2000 (Oppdatert: 03.02.2017) Oddbjørn Kval-Engstad

For å få stor grasavling, er det nødvendig å tilføre jorda gjødsel, det vil seie næringsstoff som plantene treng, og som det oftast er for lite av i vanleg matjord. Nitrogen er det næringsstoffet som vert rekna for å vere viktigast for vegetativ vekst og proteinoppbygging. Plantene tek det opp i form av nitrat og ammonium oppløyst i jordvatnet.

Av Steinar Bø og Lars Nesheim, Planteforsk Kvithamar.

 

Nitrogen vert lett ført ut av matjorda med sigevatnet. Dette gjer det aktuelt å tilføre nitrogengjødsla i fleire omgangar, eller auke mengda i regnrike år. Vidare kan det tenkjast at delt gjødsling om våren aukar proteininnhaldet i graset. Innføringa av nytt system for energi- og proteinvurdering i 1993 sette søkjelys på verdien av å produsere heimeavla fôr med høveleg innhald av protein. Det vart også ønskjeleg å vurdere vanleg gjødselpraksis i forhold til nye normer. Humus inneheld organisk bunde nitrogen. Men fordi omforming til plantetilgjengeleg nitrogen er usikker, er det vanskeleg å vite kva vekt det skal leggast på moldinnhaldet i samband med gjødselplanlegging. Aukande kostnader, til dømes miljøavgift på mineralgjødsel, gjorde det også viktig med optimal bruk av nitrogen ut over i 90-åra. I den samanheng var det også viktig å finne verdien av nitrogenet i blaut storfegjødsel. For miljøet er det viktig at nitrogenet ikkje kjem på avvegar.

For å sjå på slike forhold ved nitrogengjødsling til eng, særleg med omsyn til avling og kvalitet, gjennomførte forsøksringane i Møre og Romsdal nokre forsøk i 1992. I samråd med forsøksringane vart planen noko endra og ført vidare av Planteforsk Kvithamar forskingssenter.

På timoteieng i Nordland, Midt-Norge, på Vestlandet og Nord-Austlandet vart nitrogenmengder frå 0 til 29 kg per dekar prøvde på 28 forsøksfelt i åra 1993-96. Dei fleste felta vart hausta i to år. På 25 felt vart det tatt avlingsprøver, oftast i to år og av både første og andre slått. Fôrkvaliteten vart analysert etter NIR-metoden. Ved anlegg var det i middel 90 % dekking av timotei på felta. Både dekkinga om våren, prosenten av timotei ved hausting og avlinga minka klart frå første til andre engår. Avlingsforskjell-lane i første slått var ikkje tydelege mellom regionar, men avlinga i andre slått var minst i Nordland og størst i Midt-Norge. Avlinga mellom felta varierte mykje meir enn mellom N-mengdene. Mange felt hadde større avling enn 600 kg tørrstoff per dekar i første slått på ruter som ikkje fekk N-gjødsel om våren. I middel for felta auka avlinga opp til 29 kg N per dekar, men auken var liten ut over 9 kg N om våren og 8 kg etter første slått, særleg på eng som gav stor avling ved svak gjødsling. Deling av gjødsla om våren og etter første slått auka ikkje avlinga. Nitrogenet verka best første engåret. Det var tendensar til forskjellar i verknad av nitrogenet på avlingsmengda mellom regionar. Glødetapet, pH og innhald av syreløyseleg kalium i jorda var svakt positivt korrelert med avlingsmengda, men utslaga var ikkje statistisk sikre. Stigande mengd nitrogen om våren auka innhaldet av protein i første slåtten heilt opp til største N-mengd. For fiber (NDF) og oske var innhaldet lågare utan N-gjødsling og der det var tilført 5 kg nitrogen enn på ledd gjødsla med 9 kg eller meir. Meltegraden og innhaldet av vassløyseleg karbohydrat (sukker) var høgast på ugjødsla eller svakt gjødsla ledd. Deling av gjødsla om våren auka proteininnhaldet i første slåtten. Elles kunne det ikkje påvisast at deling av gjødsla førte til betre fôrkvalitet verken i første eller andre slått.

Les/last ned heile rapporten i Planteforsk Rapport 21/2000



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.