Avling og bestand av frøblandingar med kløver

01.04.2002 (Oppdatert: 03.02.2017) Oddbjørn Kval-Engstad

Etter verdiprøving og godkjenning i 1989, var det interesse for å prøve dei nye kløversortane ‘Kolpo’ og ‘Nordi’ i større omfang. I rettleiingsprøvinga ønskte ein å samanlikne sortane i blanding med meir grasfrø på vanlege gardar, og gjerne i marginale områder. Her finn du omtale av felt som gjekk i 1991-1996.

Av Steinar Bø og Lars Nesheim, Planteforsk Kvithamar

Ut gjennom 1980-åra førte aukande prisar på nitrogengjødsel til større interesse for dyrking av kløver. I tillegg til å kunne redusere gjødselkostnaden gir kløver eit mineral- og proteinrikt fôr, som kan gjere det muleg å bruke mindre og/eller billigare kraftfôr. I økologisk jordbruk, som begynte å få eit visst omfang i den tida, er kløver i enga ein føresetnad for tilfredsstillande avlingar. Det er også kjent at kløverrøtene kan gi betre jordstruktur.

Etter verdiprøving og godkjenning i 1989, var det interesse for å prøve dei nye kløversortane 'Kolpo' og 'Nordi' i større omfang. I verdiprøvinga var sortane prøvde i reinbestand eller i ei blanding med opptil halvdelen timoteifrø. Dei fleste felta låg på forsøksstasjonar (Bø 1996). I rettleiingsprøvinga ønskte ein å samanlikne sortane i blanding med meir grasfrø på vanlege gardar, og gjerne i marginale områder. Forsøksplanen vart også laga slik at feltvertane og tilsette i forsøksringane kunne få meir generell innsikt i kløverdyrking. Derfor vart felta lagt ut med ruter med og utan dekkvekst, og det vart gitt rettleiing om korleis reduksjon av N-mengdene skulle gjennomførast. Planteforsk Kvithamar tilbydde i perioden 1991-1994 forsøksringar felta som det blir gjort greie for her.

Les/last ned heile artikkelen til Grønn Forskning 38/2002



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.