Rettleingsprøving i italiensk raigras og raisvingel

01.04.2003 (Oppdatert: 03.02.2017) Oddbjørn Kval-Engstad

Det er stor interesse for satsing på grasartar som toler intensiv drift og gir høg kvalitet. Krysningar av raigras og svingel har gitt oss ein ny grasart til fôr, raisvingel. Italiensk raigras har større avlingskapasitet enn fleirårig, men overvintringsevna er dårlegare og arten blir stort sett berre brukt som eittårig hos oss. Her finn du omtale av to forsøksseriar under rettleiingsprøvinga.

Av Tor Lunnan, Planteforsk Løken og Lars Nesheim, Planteforsk Kvithamar

 

Det er stor interesse for satsing på grasartar som toler intensiv drift og gir høg kvalitet. I kyststrøka gir fleirårig raigras godt resultat både når det gjeld avling og kvalitet, men overvintringa er usikker innover i landet og i kalde vintrar. Krysningar av raigras og svingel har gitt oss ein ny grasart til fôr, raisvingel. Håpet er at sortsmateriale av raisvingel vil vera meir hardført enn raigras slik at dyrkingsområdet blir større enn for raigras (Østrem 2002). I åra 1996 og 1997 vart det lagt ut om lag 30 forsøksfelt for å undersøke om raisvingelsortane 'Paulita' og 'Prior' var meir produktive og vinterherdige enn dei mest nytta sortane av fleirårig raigras (Nesheim & Brønstad 2000). Ei blanding med timotei og engsvingel vart nytta som målestokk, og i tillegg var raigrassortane 'Tove' og 'Einar' med. I første engår gav både raisvingel og raigras større avling enn engsvingel, medan i tredje engår var dekkinga om våren og avlingsmengda til raisvingel og raigras klart dårlegare enn det blandinga av timotei og engsvingel oppnådde Med omsyn til kvalitet var det mindre vassløyselege karbohydrat og meir fiber i engsvingel og timotei enn i raisvingel og raigras, men det var ingen store kvalitetsskilnader mellom dei to sistnemnde artane. Konklusjonen av forsøksserien var at raisvingelsortane 'Paulita' og 'Prior' verken var meir vintersterke, gav høgare avling eller betre kvalitet enn marknadssortar av fleirårig raigras. Det er difor ingen grunn til å tilrå bruk av desse to sortane i staden for fleirårig raigras. Men no er betre sorter tilgjengelige, og desse no under utprøving.

Raigras er ei formrik slekt. Italiensk raigras har større avlingskapasitet enn fleirårig, men overvintringsevna er dårlegare og arten blir stort sett berre brukt som eittårig hos oss. Krysningar mellom italiensk- og fleirårig raigras blir kalla hybridraigras. Sorten 'Polly', som står på sortslista, er av hybridtypen. Westerwoldsk raigras (Lolium multiflorum Lam. alternativum) blir rekna som reint eittårig, og er kome fram etter utval av strårike typar i italiensk raigras.

I såingsåret har italiensk raigras høg kvalitet med spesielt høgt sukkerinnhald og høg energiverdi. Mange har erfart at italiensk raigras kan overvintre etter milde vintrar, det gjeld både brukt som grønfôrvekst og som fangvekst i kornåker. Som underkultur i kornåker er haustbeiting av raigras aktuelt mange stader, og her blir både fleirårig- og italiensk raigras brukt. I Møre og Romsdal er italiensk raigras brukt som toårig vekst til intensiv beiting med godt resultat (Mo 2000). Andre året er utviklinga hos italiensk raigras lik fleirårig med sterk stråutvikling frå våren. For å sjå om ulik dyrkingsteknikk i såingsåret verkar inn på overvintringsevna hos sortar av italiensk raigras, har vi kjørt to forsøksseriar i forsøksringane under rettleiingsprøvinga.

Les/last ned heile artikkelen i Grønn Kunnskap 7(3) 2003, frå Bioforsk sine nettsider.



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.