Arter og sorter til eng og beite

01.04.2005 (Oppdatert: 03.02.2017) Oddbjørn Kval-Engstad

I dei seinare åra er det vorte større interesse for beiting med storfe på innmark. I dette innlegget vert det vist resultat frå ein avslutta forsøksserie med frøblandingar til beite, og foreløpige resultat frå ein pågåande serie med sortar av engsvingel og engrapp.

Av Lars Nesheim, Planteforsk Kvithamar forskingssenter

 

Planteforsk har i lang tid gjennomført ulike prøvingar av plantesortar. I samband med omlegging av systemet for verdiprøving for nokre år sidan, vart det oppretta ei ordning som går ut på at Planteforsk gjennomfører rettleiingsprøving av sortar av visse planteartar på oppdrag frå Statens Landbruksforvalting. Innsatsområdet Grovfôr har ansvar for prøving av grovfôrvekstar. Føremålet med vår rettleiingsprøving er å klarleggje avlingsnivå, kvalitet, overvintring og avlingsstabilitet til artar og sortar til eng og beite, samt dyrkingsverdien til sortar av grønfôrvekstar. Med auka krav til kostnadsreduksjon er det viktig å bruke artar og sortar som er best mogleg tilpassa lokale veksetilhøve, og resultat frå ei omfattande prøving i viktige jordbruksdistrikt vil gjere det enklare å velje rett sortsmateriale.

I rettleiingsprøvinga av grovfôrvekstar har Planteforsk eit svært omfattande samarbeid med Landbrukets forsøksringar. I 2003 vart det i rettleiingsprøvinga gjennomført om lag 180 feltforsøk i forsøksringar over heile landet i regi av innsatsområdet Grovfôr. Prøvinga har omfatta sortar av alle dei viktigaste artane i eng og beite, og sortar av raigras, erter, bygg og havre til grønfôr.

I dei seinare åra er det vorte større interesse for beiting med storfe på innmark. For å kunne ha høgtytande mjølkekyr ute på beite er ein avhengig av planteartar som toler beiting og som kan gi ein jamn tilgang av beitefôr med god kvalitet gjennom heile beitesesongen. I andre land vert fleirårig raigras mykje nytta i beite, men overvintringsevna er som oftast for dårleg under våre veksetilhøve. I dette innlegget vert det vist resultat frå ein avslutta forsøksserie med frøblandingar til beite, og foreløpige resultat frå ein pågåande serie med sortar av engsvingel og engrapp. I den siste serien er det både slåtte- og beiteregime (simulert beiting) på same felta, slik at ein direkte kan samanlikne verknader av haustesystem på produksjon og kvalitet.

Les/last ned heile artikkelen i Grønn Kunnskap 9(3) 2005, frå Bioforsk sine nettsider.



 



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.