Kvitkløver som beitevekst til mjølkekyr

18.01.2010 (Oppdatert: 03.02.2017) Oddbjørn Kval-Engstad

I ei ny undersøking av mjølkeproduksjon på beite med høgt innslag av kvitkløver har Planteforsk og UMB funne at det er lite å vinne med omsyn til beiteopptak og mjølkeproduksjon med å tildele store beiteareal. I gjennomsnitt 15 kg TS, eller om lag 0,08-0,1dekar per ku per dag er tilstrekkeleg for ei vårkalvande besetning som får kraftfôr i tillegg til beite.

Undersøkinga tyder også på at drøvtyggjarane ikkje greier å utnytte det næringsrike, kløverhaldige beitet så godt som forventa. Sjølv om ein ikkje fann det rekningssvarande å gje 7-8 kg kraftfôr gjennom heile beitesesongen, kan ein ikkje avvise at det i somme høve kan vere rett å gje meir kraftfôr enn 3-4 kg.

Astrid Johansen, Bioforsk Midt-Norge Kvithamar

Mats Höglind, Bioforsk Vest Særheim

Torstein Garmo, Institutt for husdyr- og akvakulturvitenskap, UMB

 

BAKGRUNN OG MÅL

Kvitkløver har fram til i dag vore lite utnytta i eng- og beitedrift her i landet. For å møte mjølkeprodusentane sitt behov for kunnskap om korleis dei skal legge forholda til rette for å utnytte kvitkløveren sitt potensiale best mogleg var det fleire problemstillingar som trong avklaring. Dette galdt mellom anna retningsgjevande tal for avling og vekstrytme under ulike dyrkingsvilkår, fôrplanlegging i høve til moderne formiddelvurdringssystem og råd om avbeitingsstrategiar og tildeling av kraftfôr på beite ved varierande tilgang på beiteareal.

RESULTAT

Dyrkingsvilkåra avgjer val av kløversort

Til liks med det ein tidlegare har funne ved maskinell hausting, gav nye norske kvitkløversortar ('Snowy' og 'Norstar') dyrka i blanding med gras, om lag same avling under beitedrift som den danske sorten Milkanova, både på Jæren og i Trøndelag. På Jæren konkurrererte likevel den mest nordlege sorten Norstar ikkje uventa, noko dårlegare med graset samanlikna med dei andre sortane. I dei par første beiterundane om våren var det så godt som berre blad i kløveravlinga av alle tre sortane. At dei norske sortane er meir småvokse og har mindre bladareal enn 'Milkanova' såg ikkje ut til å ha negativ innverknad på avbeitinga. Derimot såg det ut til at avbeitinga var noko dårlegare i periodar med rik blomstring hjå kløveren, samanlikna med periodar med lite eller inkje blomstring. I Trøndelag kom dette mest til uttrykk for 'Milkanova' der blomar og blomestilkar utgjorde så mykje som 61% av kløveravlinga i juli. Dette bør likevel ikkje vere avgjerande for valet av kløversort til storfebeite ettersom skilnadene i avbeiting mellom sortane jamt over var små. I område med gode overvintringsforhold kan ein såleis bruke både 'Milkanova' og 'Snowy' til storfebeite med godt og årssikkert resultat, medan 'Norstar' i første rekke er aktuell i område med strengare veksevilkår.

Gode avlingar utan ekstra tilførsel av nitrogen

Reduserte gjødselkostnader har vore eitt av fleire argument for å utnytte kvitkløver som beitevekst. Både på Jæren og i Trøndelag oppnådde ein i desse forsøka beiteavlingar på om lag 550 kg TS per dekar totalt over fire til fem beiterundar utan tilførsel av nitrogen. Jamt over var det større forskjellar i avling mellom beiterundane med, enn utan tilførsel av nitrogen. I Trøndelag, der det var mykje kløver i beitet (>50 %) og mindre konkurransesterke grasartar (engrapp, timotei, engssvingel) var det små eller ingen uslag av N-gjødsling verken med omsyn til totalavling eller kløveravling. Dette viser at tilførsel av nitrogen i moderate mengder ikkje behøver å påverke kløverinnhaldet nemneverdig i eng eller beite som vert hausta eller beita ofte og der kløveren er godt etablert. På Jæren, der det kløveren utgjorde ein mindre del av avlinga (26 % i ugjødsla ruter) gav 15 kg N om lag 250 kg TS meiravling, som fylgje av større grasavling. Sein såing og bruk av et mer konkurransekraftig gras (raigras) bidro til den lavere kløverandelen på Jæren. Der kløveren er mindre godt etablert vil nitrogengjødsling svekke kløverbestandet. Kløverandelen som vart oppnådd under beiting står ikkje attende for det ein har oppnådd under hyppig slått i andre forsøk. Det er såleis lite som tyder på at skiftebeiting med storfe i seg sjølv har vesentleg innverknad på kløveren sitt avlingspotensial og varigheit.

Rask nedbryting og passasje i meltingskanalen

Eit betydeleg tal prøver av beitegrøde med varierande andel kløver og frå ulike delar av beitesesongen er samla inn og analysert, i hovudsak ved brukt av NIRS-metoden. Attåt er det gjort undersøking av nedbrytinga av næringsstoffa i vomma og vomfysiologiske studiar hjå mjølkekyr på beite. Kvitkløver har eit noko høgare innhald av råprotein og potensielt nedbrytbart råprotein samanlikna med gras, og i særleg grad engrapp. Dette resulterer i høgare PBV i kvitkløver, men om lag den same AAT-verdien som i beitegras. Kvitkløver inneheld berre om lag halvparten så mykje NDF som gras og dessutan er nedbrytingsfarten av NDF raskare i kløver enn i gras.

Kvaliteten av beitebestandet varierte såleis i betydeleg grad med innhaldet av kløver (Figur 1). Det vart også vist at kvaliteten av beitegrøda varierte med andelen blomar og blomestilkar i avlinga i det kvaliteten av desse plantedelane er vesentleg dårlegare enn av kløverblada.

Figur 1. Samanheng mellom andel kløver og estimert næringsverdi i avlinga

Vomfysiologiske undersøkingar viste imidlertid at kløverhaldig beitegrøde vart svært raskt brote ned i vomma, og at pH i vomma var låg (<5,8) i store delar av døgnet. Mykje tyder også på at næringsstoffa frå den kløverhaldige beitegrøda passerer fordøyelseskanalen svært raskt (Figur 2). Den høge passasjefarten gir på den eine sida rom for høgt fôropptak. På den andre sida vert fôret oftast ikkje fullt utnytta ved rask nedbryting, låg pH og rask passasje. Resultata kan såleis indikere at den eigentlege næringsverdien av beitegrøda med kløver er lågare enn den som vert målt med laboratoriemetodar. 

Figur 2. Vomnedbryting av tørrstoff i kløverhaldig beite 

 

Samanhengen mellom beitetilbod og beiteopptak - om lag som for grasbeite.

På bakgrunn av at mange forsøk har vist at innslag av kløver verkar positivt på beiteopptaket og dermed også mjølkeavdråtten, var ein usikker på om ein ville få tilsvarande respons av auka beitetilbod på kløverhaldige beite som på grasbeite.  Samanstillingar av datamateriale frå forsøk på reine grasbeite har synt at beiteopptaket aukar kurvlineært med stigande beitetilbod. Resultata frå dette prosjektet viser at responsen er kurvlineær også på kløverhaldige beite. Ved å doble tilbodet frå 10-12 kg TS gjennom å auke arealtilgangen, auka såleis tørrstoffopptaket med berre 2-3 kg (Figur 3). På same tid var det store forskjellar mellom kyr med omsyn til beiteopptak. Faktorar utanom beitetilbodet som påverka beiteopptaket var dyra si vekt, tidspunkt i laktasjonen og laktasjonsnummer (positiv samanheng) og kraftfôrtildelinga (negativ samanheng). Ein god del av variasjonen kunne ein likevel ikkje forklare, verken av beitetilbodet eller dei andre nemnte faktorane.

Ved dei lågaste beitetilboda (>12 kg TS) vart om lag 90 % av avlinga utnytta av dyra, medan utnyttingsgraden var under 60% når beitetilbodet vart dobla til 24 kg TS.

Figur 3. Samanheng mellom beitetilbod og beiteopptak

 

Stor beitetilgang gir lite ekstra mjølk - men kan påverke feittsyresamansetjinga

Ei dobling av beitetilbodet ut over 12 kg TS gav små eller ingen utslag på mjølkeavdrått (Figur 4), feitt og proteininnhald. I nokre høve vart likevel feittinnhaldet redusert og feittsyresamansetjinga endra, mellom anna slik at innhaldet av vaccensyre (C18:1 t-11), alfa-linolensyre (C18:3 n-3) og EPA (C20:5 n-3) auka når beitetilbodet auka. Desse funna har betydeleg interesse med omsyn til den ernæringsmessige kvaliteten av mjølk produsert på beite, og korleis ein kan styre produksjonen slik at kvaliteten på mjølka vert optimal frå eit helsemessig synspunkt.

Kraftfôr = forsikring

I produksjonsforsøk gjennom heile, eller store delar av beitesesongen kunne ein ikkje vise at det var rekningssvarande å auke kraftfôrtildelinga frå 3-4 til 7-8 kg, sjølv om største kraftfôrmengd gav noko høgare avdrått og protein-% i mjølka (Figur 4). På den andre sida såg det ut til at tildeling av kraftfôr med høgt innhald av fiber (havre og betefiber) hadde gunstig effekt både på ytinga og mjølkekvaliteten samanlikna med tildeling av eit meir ordinært kraftfôr (Formel 40). I eit ombytingsforsøk med fire kyr oppnådde ein dessutan betydeleg høgare avdrått (+5 kg EKM) i ein periode då dyra fekk 7 kg kraftfôr samanlikna med ein annan periode då tildelinga av kraftfôr var 3 kg. Samtidig målte ein reduserte ammoniakk-konsentrasjonar i vomma og lågare ureainnhald i mjølka. Ein kan derfor ikkje avvise at det i somme høve kan vere gunstig å tildele meir enn 3-4 kg kraftfôr til høgtytande mjølkekyr på (kvitkløver)beite, og at både innhald og kvalitet av fiber i kraftfôret kan ha innverknad på mjølkeproduksjonen. Dess lågare kraftfôrtildelinga er, di større vert kravet til dagleg kontroll og oppfylging av beitevekst og avbeitingsgrad for sikre at kyrne får nok fôr. Tildeling av kraftfôr er såleis ei god forsikring mot svingingar i beitekvalitet og tilgang. På den andre sida har ein indikasjonar på at innhaldet av CLA i mjølka vert redusert når kraftfôrtildelinga aukar.

Figur 4. Effekt av beitetilbod og kraftfôrtildeling på mjølkeproduksjon. Resultat frå to produksjonsforsøk. (EKM=energikorrigert mjølk)

 

 

Praktiske råd

Som regel vil 15 kg TS/ku/dag være eit tilstrekkeleg beitetilbod dersom ein ønskjer eit godt beiteopptak i kombinasjon med moderat bruk av kraftfôr og god utnytting av arealet til besetningar med vårkalving. Dette svarar til om lag 0,08-0,10 dekar per ku per dag ved ei komprimert beitehøgde på om lag 15 cm (150-200 kg ts/daa). Forventa beiteopptak ved ei gjennomsnittleg yting på 25 kg mjølk og tildeling av 3-4 kg kraftfôr vil med det tilrådde beitetilbodet være omlag12 kg TS. Utnyttingsgraden av beitet vil dermed vere om lag 70-80 %. Utan kraftfôr kan ein rekne om lag 1-2 kg høgare beiteopptak. Ein kan heller ikkje sjå bort i frå at kyr som ikkje får kraftfôr, eller får kraftfôr spesielt tilpassa beitekvaliteten, kan svare positivt på beitetilbod > 15 kg, men for å kunne seie noko sikkert om dette er det naudsynt med supplerande forsøk. Lønsemda ved å gje høgare beitetilbod vil avhenge av fleire forhold, mellom anna arealtilgangen på garden, om restavlinga kan beitast av dyr med lågare næringskrav og av prisforholdet mellom kraftfôr og beitegrøde. Økonomiske kalkylar på den enkelte garden bør derfor leggjast til grunn før ein tar sikte på å gje høgare beitetilbod enn 15 kg TS per ku per dag.

NYTTEVERDI OG BRUK AV RESULTATA

Det har ikkje vore gjennomført omfattande studiar knytte til mjølkeproduksjon på innmarksbeite sidan sist på 60-talet her i landet. Sidan den gongen har avdråttsevna hjå dyrka auka og samstundes har ein fått nytt sortsmateriale og dyrkingspraksis for eng- og beitevekstar som gir eit anna avlingspotensiale enn tidlegare. I tillegg krev moderne formiddelvurderingssystem andre, og meir omfattande undersøkingar for fastsetting av næringsverdien av fôret samanlikna med tradisjonelle målemetodar. Det har såleis vore stort behov for å få fram ny kunnskap på dette området, slik at ressursane på kvar enkelt gard kan utnyttast på beste måte og gje grunnlag for rekningssvarande mjølkeproduksjon på beite.

Sjølv om ein i dette prosjektet har hatt særleg fokus på bruk og utnytting av kvitkløver som beitevekst, er oppnådde resultat svært relevante for intensiv mjølkeproduksjon på beite generelt. På bakgrunn av resultata som her er presentert har ein grunnlag for å gje konkrete råd både om val av kvitkløversortar og om høveleg og rekningssvarande beitetilbod og kraftfôrtildeling. Prosjektet har dessutan bidrege til å skaffe fram datamateriale for berekning av næringsverdien av kløverhaldig beitegrøde i høve til moderne fôrmiddelvurderingssystem for drøvtyggjarar og auka kunnskapen om kvaliteten av og variasjonar i kvaliteten av kløverhaldig innmarksbeite generelt.

ANNA RELEVANT INFORMASJON

Prosjektet har vore leia av Planteforsk, med Institutt for akvakultur og husdyrvitenskap, UMB som samarbeidspart. Felleskjøpet Fôrutvikling har også bidrege økonomisk til gjennomføringa av eitt av forsøka. Dessutan har fleire av forsøka vore gjennomførte ved regionale landbruksskular og hjå private gardbrukarar. Dette har bidrege til auka fokus og spreiing av kunnskap om beitedrift generelt, og kløverhaldige beite spesielt.  



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.