Strandrøyr som energivekst i Norge ?

17.02.2007 (Oppdatert: 03.02.2017) Oddbjørn Kval-Engstad

I våre naboland Finland og Sverige er det stor interesse for å dyrke strandrøyr på jordbruksjord til råstoff for pellets og brikettar. Er det også aktuelt hjå oss?

Av Lars Nesheim, Bioforsk Midt-Norge

På Bioforsk sitt Plantemøte i Sarpsborg den 7. februar sa landbruks- og matminister Terje Riis-Johansen at bioenergi er eit område som han prioriterar høgt. Han oppfordra alle aktørar om å arbeide i saman for å finne praktiske løysingar for korleis bioenergi kan bidra til å løyse utfordringane med omsyn til energi og miljø. Statsråden peika først og fremst på ressursane i skogen, men viste også til eit stort uutnytta potensial for leveranse av råvarer til bioenergi frå jordbruket, i form av halm, oljevekstar i vekstskifte og biogass frå husdyrgjødsel. Han var derimot betenkt på å ta i bruk store jordbruksareal til dyrking av bioenergivekstar. I våre naboland Finland og Sverige er det stor interesse for å dyrke strandrøyr på jordbruksjord til råstoff for pellets og brikettar. Er det også aktuelt hjå oss?

Strandrøyr er ein grasart som trivs godt på litt fuktig jord, men arten er også tørkesterk på grunn av eit omfattande system med jordstenglar. Han passar best til langvarig eng. Interessa for strandrøyr til fôr har variert mykje, særleg etter år med mykje vinterskadar på timotei- og engsvingeleng har det vorte sådd ein del strandrøyr i kyststroka. Den norske sorten 'Lara' er i handel.
I Finland og Sverige er bruken av bioenergi mykje større enn i Norge, og det er til dels sterk konkurranse om råstoff for til dømes pelletsproduksjon. Det er såleis interesse for å nytte andre råstoff enn sagflis og kutterspon til pellets og brikettar. Sidan i åttiåra har det vore arbeidd med å utnytte strandrøyr til biobrensel, og rundt 1990 vart det utvikla eit haustesystem der ein let graset stå uhausta til våren. Det vert då tørka naturleg, og ein kan presse det i firkant- eller rundballar, og lage pellets eller brikettar direkte utan vidare tørking. I Sverige vert det no dyrka strandrøyr til råstoff for bioenergi på 10.-20.000 dekar jordbruksjord, medan omfanget i Finland er om lag 100.000 dekar.
Sidan 2004 har Bioforsk Midt-Norge Kvithamar hatt dyrkingsforsøk med strandrøyr på Mære landbruksskole (nær Steinkjer). Eit flatt myrareal på 5 dekar vart sådd i juni 2004 med fire ulike sortar av strandrøyr. Det er lagt opp til samanlikning av verknaden av husdyrgjødsel og Fullgjødsel. Hausting i april 2006 gav tørrstoffavlingar på 6-700 kg per dekar, og det ligg om lag på same nivå som det som er rapportert frå Sverige og Finland. Men innhaldet av vatn ved hausting var om lag 30 % og det er for høgt om ein skal unngå kunstig tørking. Ved forsøk i Agder har ein oppnådd om lag same avlingsnivå som på Mære, men innhaldet av vatn har vore mykje lågare.
Hausten 2006 fekk NORUT Teknologi i Narvik innvilga eit Interreg-prosjekt som er kalla "Kretsløpsbasert bioenergi i kaldt klima". Svenske partnerar er Arvidsjaur kommune, Glommers Miljöenergi AB og Gabbro AB, medan Bioforsk Nord og Bioforsk Midt-Norge skal vere ansvarlege for dyrkingsforsøk med strandrøyr. Ein skal spesielt undersøkje korleis oskeinnhaldet varierer med jordart og gjødsling, kva brennverdi ein kan oppnå og korleis ein skal leggje opp produksjonen slik at strandrøyr til biobrensel kan verte økonomisk lønsam.
Det kan hende at det er langt fram til at strandrøyr kan verte eit viktig biobrensel i Norge, i og med at tilgangen på "billig" råstoff frå skogen enno er god. Men alt no er det aktuelt å dyrke strandrøyr til spesielle føremål, til dømes i randsoner til forureina vassdrag. Ved å hauste strandrøyret ei gong per år kan ein redusere innhaldet av fosfor i jorda, og dermed bidra til mindre forureining. Utfordringa vert å få til lønsame system for dyrking og transport til pellets- eller brikettproduksjonsanlegg.


Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.