Biogass i Stortingets spørjetime

18.02.2007 (Oppdatert: 03.02.2017) Oddbjørn Kval-Engstad

I spørjetimen i Stortinget vart landbruks- og matministeren spurd om kva han vil gjere for å få etablert fleire biogassanlegg på norske gardar. Statsråd Terje Riis Johansen peika på at biogass frå husdyrgjødsel og matavfall er ei høgverdig energiform som kan utnyttast til elektrisk straum, drivstoff og varme.

Det er få gardsanlegg i Norge, og statsråden sa at han i første omgang er opptatt av å legge til rette for etablering av pilotanlegg for biogass. Bioenergiprogrammet til Innovasjon Norge er eitt verkemiddel i den samanheng. Regjeringa vil også vurdere rammevilkåra for slike anlegg framover, og sjå på kva som er nødvendig for å sikre at samfunnsøkonomisk lønsame prosjekt vert realiserte.

Av Lars Nesheim, Bioforsk Midt-Norge

Biogass vert danna når organisk materiale vert brote ned utan tilgang på oksygen. Gassen består av om lag 60 % metan og 40 % karbondioksid (CO2), og kan utnyttast til produksjon av elektrisk straum og til drivstoff. Ved å brenne biogass i eit dieselaggregat kopla opp mot ein generator, eller i ein gassturbin, kan ein produsere straum (40 %) og varme (60 %). Ved å fjerne CO2-innhaldet, kan ein nytte biogassen til drivstoff for bilar. Dette er vorte vanleg i Sverige.
Gassutbyttet er avhengig av energiinnhaldet i råstoffet som ein blandar inn i reaktoren. Blaut storfegjødsel kan gi eit gassutbytte på 20-25 m3 per tonn gjødsel. Det tilsvarar om lag 140 kWh per tonn. Svinegjødsel gir noko høgare gassutbytte. Gassutbyttet av matavfall og energivekstar som ensilert gras og mais kan ligge rundt 150 m3 per tonn, eller 900 kWh.
Ved lagring og spreiing av husdyrgjødsel vert dei stert verkande klimagassane metan og lystgass frigjorde til atmosfæren. Ved omsetning av gjødsla i eit biogassanlegg vert desse utsleppa sterkt reduserte. Lågutslepputvalet har peika på oppsamling av metan som eitt verkemiddel for å redusere utsleppa av klimagassar, og SFT har karakterisert innføring av biogass i landbruket som eit av dei mest kostnadseffektive tiltaka mot klimagassutslepp. I dag står landbruket for om lag 9 % av klimagassutsleppa. Ved å ta i bruk biogassteknologi kan landbruket redusere sine utslepp med meir enn 50 % på gardsnivå.
Avgassa husdyrgjødsel er lettare å spreie jamt enn ubehandla gjødsel fordi ho er meir homogen. Det skuldast at ein stor del av tørrstoffet vert brote ned. Men det aukar risikoen for ammoniakktap fordi flytelaget på lagertanken vert tynnare. Forbetra spreieeigenskapar vil derimot minske risikoen for tap av nitrogen fordi gjødsla vil trenge raskare ned i jorda. Avgassing av husdyrgjødsel i eit biogassanlegg vil også gi mindre luktplager i samband med spreiing av gjødsla.

I Danmark og Sverige vart det etablert mange biogassanlegg frå om lag 1990. Myndigheitene gav gode rammevilkår med prisgaranti for levert elektrisk straum. Dette førte til at det vart bygd om lag 60 gardsanlegg og 20 fellesanlegg i Danmark. I stort sett alle anlegga var råstoffet ei blanding av husdyrgjødsel og ulike typar matavfall og anna organisk avfall. Energivekstar som ensilert gras og mais er til no lite nytta som råstoff til biogassproduksjon i Danmark. Utbygging av nye biogassanlegg i Danmark har nesten stoppa heilt opp fordi rammevilkåra og straumprisen er blitt mindre gunstig.
 
I Tyskland er derimot rammevilkåra svært gunstige for produksjon av grøn energi frå biomasse. Garantiprisen per kilowattime ligg mellom 90 og 150 øre. Tal biogassanlegg på tyske gardar er no kome opp i om lag 3.000. Middels storleik av nye anlegg har auka mykje dei siste åra, frå 75 kW i 2000 til 350 kW i 2003. Det er vanleg å nytte ei blanding av husdyrgjødsel og energivekstar som råstoff. Anlegget som det er bilde av i denne artikkelen nyttar gjødsel frå om lag 150 kyr med ungdyr samt ensilert mais og bygg. Kvar dag vert det tilført 10 tonn husdyrgjødsel, 2 tonn ensilert mais og 150 kg byggkjerner til reaktoren. Dette gir nok gass til ein dieselmotor på 48 kW.
Det er få biogassanlegg i drift på norske gardsbruk. Nokre er under planlegging og bygging. Per i dag er rammevilkåra ikkje tilstrekkelege for å oppnå lønsemd. Regjeringa har laga ei støtteordning som gir 10 øre per kilowattime produsert på biomasse. Men dette er ikkje nok, eit pristilskott på toppen av Nord-pool svingingane gir ikkje tilstrekkeleg sikkerheit for stabile prisar. Eitt alternativ er å innføre garantiprisar på elkraftleveranse, slik det er i Tyskland. Det kan føre til at det vert bygd fleire biogassanlegg på norske gardsbruk, og regjeringa vil såleis med relativt små midlar oppnå ein større el-produksjon frå miljøvenleg biomasse samstundes som klimagassutsleppa frå landbruket vert mindre.


Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.