Veteranen Grindstad i duell med nykommaren Ragnar

28.07.2007 (Oppdatert: 03.02.2017) Oddbjørn Kval-Engstad

Grindstad har vore den dominerande timoteisorten i Sør-Norge og delar av Sverige i mannsaldrar. Swalöf Weibull har no tru på at deira nye sort Ragnar vil danke ut Grindstad fordi han har betre fôrkvalitet. Dei rapporterer frå svenske testar at Ragnar skal ha gitt 3 kg meir mjølk per ku og dag. Ein sort med eit slikt potensial er det sjølvsagt også interesse for i Norge

Av Anne Kjersti Bakken, Bioforsk Midt-Norge

På Bioforsk Midt-Norge har vi med Ragnar i forsøk for første gongen i år. Vi har følgd han tett frå vekststart om våren fram til og med førsteslått for å finne forklaringa på at han eventuelt blir eit betre fôr enn Grindstad.

Overvintringa hadde gått bra for begge sortane, og frå våren starta utviklinga av nye blad og skudd samtidig. Frå stengelstrekkinga tok til rundt 20. mai, utvikla Grindstad seg raskare enn Ragnar. Akset på fortroppen av Grindstad-skudd såg vi omtrent to dagar før akset kom fram på dei første Ragnar-skudda.

Vi registrerte avling og kvalitet på begge 31. mai, 5. juni og 8. juni. Dette var i ei varm og solrik veke på Stjørdal med døgnmiddeltemperaturar mellom 15° og 20°C. Aldring og forveding gjekk såleis raskt, og kvaliteten fall drastisk hos begge sortane. Fôreiningskonsentrasjonen (FEm/kg) minka frå i gjennomsnitt 0,97 til 0,85 på åtte dagar. Ragnar låg ved alle tre haustetidspunkta minst 0,02 FEm/kg over Grindstad, og hadde samtidig eit lågare innhald av celleveggstoff og ufordøyeleg fiber.

Ein kan likevel ikkje slå fast at Ragnar generelt har betre fôrkvalitet enn Grindstad. Grindstad hadde denne forsommaren Ragnar sin kvalitet 2-3 dagar tidlegare, som igjen har samanheng med at han strekte strå og skaut tilsvarande tidlegare. Om ein haustar dei to sortane når deira biologiske klokke har gått like langt, ser vi ingen grunn til at den eine skal gi 3 kg meir mjølk per dag enn den andre. Den einaste prinsipielle skilnaden i veksemåte og habitus som vi har sett tendensar til så langt, er tettare skuddsetting hos Ragnar. Meir busking og tettare bestand kan både gi høgare andel av fordøyeleg stoff og betre gjenvekstevne etter slått.

Etter kvart vil vi få tal for avling og kvalitet i andre- og tredjeslått og kor godt dei to sortane toler Stjørdalsvinteren. Bioforsk og forsøksringane vil dei kommande åra også samanlikne dei to sortane i forsøksfelt over heile landet. Vinnaren i duellen er såleis enno ikkje kåra. 

Kontakt: Anne Kjersti Bakken, Bioforsk Midt-Norge, tlf 41553952
Anne.kjersti.bakken@bioforsk.no


Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.