Fôring av sau

28.09.2007 (Oppdatert: 03.02.2017) ,  Oddbjørn Kval-Engstad

Her finn du opplysningar fôrbehov og sannynleg grovfôropptak for sau gjennom vinteren. Du finn også tips og råd om praktisk fôring og holdvurdering av sau som er fasiten på om du fôrar rett.

Livskraftige lam med god fødselsvekt og søyer med mykje opplagsnæring å mjølke av etter lamming er målet med god vinterfôring. Alderen på søya, holdet ho er i, talet på foster, og om ho er i låg- eller høgdrektigheits- eller  mjølkeperioden avgjer fôringa. Søyer med likt fôrbehov bør difor bli  sett i same bingen og fôra saman. Her finn du opplysningar fôrbehov og sannynleg grovfôropptak for sau gjennom vinteren. Du finn også tips og råd om praktisk fôring og holdvurdering av sau som er fasiten på om du fôrar rett. Vil du veta meir om fôring av  sau; besøk medlemsportalen til Gilde Norsk Kjøtt http://www.medlem.nortura.no . Her har sau sine eigne heimesider med mykje godt fagstoff. Du kan også kontakte rådgjevarane til Gilde Norsk Kjøtt.

Av Finn Avdem, fagsjef sau Nortura

 

Gruppering

Grunnlaget for rett innefôring er at saueflokken er rett gruppert. Søyene må minimum bli grupperte etter alder i tre grupper:  

  • Åringar
  • To-åringar
  • Vaksne søyer

Dette er viktig fordi dei ulike søyegruppene har ulikt fôrbehov, ulik kapasitet til å ta fôr og ulik etehastigheit. Dette krev ulik mengde kraftfôr pr dag. Yngre søyer blir difor taparar i konkurransen  om grovfôret dersom dei må gå saman med eldre søyer. Dersom tilhøva ligg til rette for det, bør også vaksne søyer i dårleg hold få ein binge for seg sjølv eller bli sett saman med 2-åringane.

Norsk Kjøttsamvirke har gjennom fleire år organisert eit landsomfattande tilbod om fostertelling på sau. For å få full utnytting av fostertellinga bør også søyene ideelt bli gruppert etter talet på foster slik: 

                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                        

Kor mange grupper det er mogleg å få til i praksis, avheng sjølvsagt av kor mange bingar og fôrbrett ein har i sauefjøset.

 

Energibehov til ulike grupper

Drektigheitstida deler vi inn to periodar:

1.      Lågdrektigheitperioden er tida frå paring og fram til seks veker før lamming

2.      Høgdrektigheitsperioden er dei siste seks vekene før lamming

Energibehovet til sau måler vi i FEm (Fôreining mjølk). Energibehovet til ulike grupper søyer i lågdrektigheitsperioden er fylgjande:

Tabell 1 Dagleg energibehov til ulike grupper sau i lågdregtigheitsperioden (Norsk kvit sau)

Gruppe sau

Vedlikehald

Tilvekst / haldoppbygging *)

Sum

1-åringar

0,6 Fem

0,4 FEm

1,0 FEm

2-åringar

0,8 Fem

0,2 FEm

1,0 FEm

Vaksne dårleg hold

0,9 Fem

0,1 FEm

1,0 FEm

Vaksne i normalt hold

0,9 Fem

0,9 FEm

*) Fôrbehovet til 1 kg tilvekst varierer frå 2,5-3 FEm hjå dyr frå ½ til 1 år, til 3-5 FEm for eldre dyr. For eldre søyer er det stort sett snakk om feitt-tilvekst og dette er energikravjande.

 

Vi ser at alle grupper dyr har eit energibehov tilsvarande ca 1 FEm pr dag.

I høgdrektigheitsperioden byrjar fosterveksten verkeleg å krevje energi frå søya. 70 % av fosterveksten går føre seg i denne perioden. Tabell 2 syner energibehovet til fostervekst. Dette må vi ta omsyn til i fôringa dersom ikkje søya skal tape all opplagsnæringa før lamming.

Tabell 2: Energibehov til fosterproduksjon dei siste seks vekene før lamming *)

Veker før lamming

Eit foster

To foster

Tre foster

6-5

0,1 FEm

0,2 FEm

0,3 FEm

4-3

0,2 FEm

0,3 FEm

0,5 FEm

2-1

0,4 FEm

0,6 FEm

0,8 FEm

*) I tillegg kjem sjølvsagt vedlikehaldsbehovet

 

Kor mykje grovfôr et sauen?

Rett fôring er avhengig av at ein er bevisst på kor mykje grovfôr sauen får. Tabell 2 syner nokre eksempel på kor mykje grovfôr som må til  for at det skal svare til 1 FEm

Tabell 3: Kg fôr pr FEm av ulike fôrslag

Haustetidspunkt *)

Grovfôrslag

Tidleg

Middels

Seint

Surfôr 1. slått direktehausta 18-22 % tørrstoff

5,8

5,9

6,3

Surfôr 1. slått litt fortørka 30 % tørrstoff

3,5

4

4,7

Surfôr 1. slått middels fortørka 45 % tørrstoff

2,4

2,7

3,2

Låvetørka høy 1. slått

1,4

1,5

1,8

Bakketørka høy 1.slått

1,5

1,6

1,9

*) Tidleg = 1-2 veker før skyting   Middels = Skyting       Seint = Blomstring

 

Fleire faktorar verkar inn på grovfôropptaket til sauen, men det viktigaste er sjølvsagt kvaliteten på grovfôret. Tidleg hausting, god gjæringskvalitet, kutting og høg tørrstoff % i surfôret vil verke positivt på fôropptaket. Ein bør difor ta seg tid til å vega grovfôretein gong iblant for å få eit bilete på kor mykje fôr sauen et. Ei variert fôring med fleire grovfôrslag er også positivt. Dersom ein i tillegg sender inn ei fôrprøve tilgrovfôranalyse, vil ein ha eit godt utgangspunkt for å vurdere grovfôrpptaket til sauen.

Dersom dette er vanskeleg å få til, kan ein ta utgangspunkt i tabell 4 som syner sannsynleg grovfôropptak i drektigheitsperioden for ulike grupper av dyr og grovfôrkvalitet:

Tabell 4: Sannsynleg grovfôropptak i FEm for ulike grupper av dyr ved ulik grovfôrkvalitet før lamming

Haustetidspunkt

Dyregruppe

1-2 veker før skyting

Skyting

Blomstring

1-åringar

0,8

0,6

0,4

2-åringar

1,2

0,7

0,5

Vaksne

1,3

0,9

0,6



Ved å bruke desse tabellane kan ein rekne ut kraftfôrbehovet til sauene i ulike perioder.

Eksempel:

I siloen ligg eit grovfôr som er hausta ved skyting og som du vurderer til å vera av middels kvalitet. Ei vaksen søye vil da kunne ta opp 0,9 FEm av dette surfôret. Du ynskjer å fôre slik at søyene går noko opp i hold, og fôrbehovet blir difor sett til 1 FEm/dag.

    Fôrbehov:                = 1 FEm

-    Grovfôropptak:        = 0,9 FEm

=   Kraftfôrbehov         = 0,1 FEm

Etter fostertelling får du melding om at søya går med trillingar. Fôrplan fram mot lamming blir som synt i tabell 5.

Tabell 5 Fôrplan fram mot lamming for ei trillingsøye som får medels tidleg hausta grovfôr

6-5 veker før lamming

4-3 veker før lamming

2-1 veker før lamming

Fôrbehov

1,3 FEm

1,5 FEm

1,8 FEm

- fôropptak

0,9 FEm

0,9 FEm

0,9 FEm

Kraftfôrbehov

0,4 FEm

0,6 FEm

0,9 FEm



Ved å fylgje ein slik fôrplan, vil ein unngå  at søya brukar av opplagsnæringa til fosterproduksjon, og lamma vil få god fødselsvekt. Dersom ein ikkje har gjennomført fostertelling, bør ein bruke holdvurdering (sjå eigen sak) som styringsverktøy når ein skal trappe opp fôringa før lamming. Særleg til åringar må ein vera varsam med sterk fôring dersom ein ikkje veit kor mange foster åringen går med, elles kan åringar få lammingsvanskar på grunn av store lam.

Målet med god fôring i drektigheits-tida er søyer i godt hold og tvillinglam med fødselsvekt på 5-5,5 kg.

 

Fôring etter lamming

Forbehovet aukar dramatisk etter lamming dersom søya skal mjølke mykje og produsere god tilvekst på lamma.

Tabell 6 Fôrbehov til mjølkeproduksjon                                             

Tal lam

Tilvekst *) g/dag/lam

FEm

1

400

1,2

2

300

1,8

2

350

2,2

3

250

2,4

3

300

2,8

*) Ein kan rekne 0,316 FEm pr 100 g lammetilvekst. I tillegg kjem vedlikehaldsbehovet (sjå tabell 1)

 

Det er ei sjeldan ein greier å få i så mykje for i søya at energibehovet kan dekkast fullt ut. Dersom søya er i godt hold og ein har innefôringsperiode på under 3 veker, kan ein tillate seg at søya mobliserer ca 0,3 - 0,5 FEm pr dag frå holdet.

Grovfôropptaket vil  gå opp etter lamming fordi fosteret ikkje lenger tek plass i bukhola og vomma vil utvide seg. Høg produksjon stimulerer også til høgt fôropptak

Tabell 7  Sannsynleg grovfôropptak i FEm pr dag etter lamming ved ulik grovfôrkvalitet:

Gruppe sau

Før skyting

Skyting

Blomstring

1-åringar

1,8

1,2

0,6

2-åringar

2,2

1,5

0,8

Vaksne

2,2

1,5

0,8



Eksempel:

Dersom ein ynskjer at ei vaksen tvilling-søye skal ha 300 g tilvekst på lamma sine og grovfôret er hausta ved skyting, kan ein rekne seg fram til kraftfôrbehovet slik:

Produksjon                  Behov i FEm

Vedlikehald:                 0,9

Mjølkeproduksjon:      1,8

Sum forbehov:                       2,7

Energikilde:                  Tilførsel i FEm

Holdmoblisering         0,4

Grovfôropptak              1,5

Sum tilførsel:                         1,9

Kraftfôrbehov i FEm:            0,8

 

Overgangsfôring appetitten til søya etter lamming

Å omstille søya frå å melte ein grovfôrbasert forrasjon i lågdrektigheitsperioden med berre 0-20 % kraftfôr, til å melte ein rasjon som består av 40-50 % kraftfôr etter lamming er ein kjempeovergang for søya. Vommikrobane som skal bryte ned fôret er spesialistar på kvar sine næringsstoff. Dei mikrobane som er spesialistar på å bryte ned lett-meltelege karbohydrat frå kraftfôret må difor få tid til å oppformere seg før lamming. Denne oppformeringa tek 7-10 dagar. Overgangsfôring før lamming er difor viktig både for å sørge tilvenne søyene til større kraftfôrmengder og å dekke fôrbehovet til fosterproduksjon. Det er viktig at ein unngår fôrskifte ellers også i samband med lamming. Kraftfôr- og grovfôrslaga ein skal bruke etter lamming skal difor også bli brukt i høgdrektigheitsperioden før lamming.

Bruk av store mengder kraftfôr fører til ein sterk vomgjæring og syreproduksjon i vomma. Søya kan difor vera utsett for å få sur vom og appetitt-svikt. Her er nokre tips for å behalde appetitten til søya:

  • Ikkje auk kraftfôret dei fyrste to dagane etter lamming, deretter ein gradvis auke av kraftfôrrasjonen- f,eks 0,2 kg pr dag til full rasjon
  • Del store kraftfôrrasjonen i mange posjonar, maks 0,5 kg pr fôring
  • Sørg for god hygiene på fôrbrett og i rundballehekkar ved å fjerne gamle fôrrestar

Søyene bør helst ikkje stå inne for lenge etter lamming da dette ofte fører til problem med jurhelse og anna sjukdom. I samband med beiteslepp bør ein også prøve å få til overgangsfôring ved å gje tilgang på grovfôr på vårbeitet og trappe gradvis ned på kraftfôr-rasjonen. Dette er lettast å få til dersom ein gjennomfører puljevis beiteslepp på vårbeite og ikkje gjev tilgang på alt vårbeitet med ein gong. Vårbeitet bør vera 5-7 cm høgt ved beiteslepp. Ei søye med to lam vil eta ca 3 kg grastørrstoff på beite. For å dekke dette fôrkravet, bør ein ha tilgjengeleg 0,7 -1 dekar (avhengig av vekstvilkår) vårbeite pr sau med to lam som skal beite i 14 dagar.

 

Protein og valg av kraftfôrslag

Behovet for protein er oppgjeve i PBV og AAt. PBV syner balansen mellom nedbrote fôrprotein til NH3 og forbruk av NH til oppbygging av mikrobeprotein i vomma. AAt syner kor mykje protein sauen må suge opp frå tarmen for å få dekt proteinbehovet sitt. Det er praktisk å vurdera proteinbehovet til sauen som AAt/FEm fordi proteininnhaldet i kraftfôr er deklarert på denne måten. Ein kan tillate seg at PBV er litt på den negative sida i den daglege rasjonen da drøvtyggjarane kan resirkulere NH3 gjennom vomvegg og spytt.

Tabell 8: Proteinbehov pr Fem til ulike produksjonar:

Periode

AAt/FEm

PBV g/dag

Vedlikehald

80g

-20 g

Tilvekst

70-100 g *)

-20 g

Fostervekst

95 g

-20 g

Mjølkeproduksjon

100 g

0

 *) Yngre dyr har størst behov for AAT da muskelvekst krev meir protein enn feittavleiring som det stort sett er snakk om på vaksne søyer

 

Dei fleste grovfôrslag inneheld ca 80-85 g AAt/FEm og dekkjer difor proteinbehovet til sauen i lågdrektigheitperioden når det stort sett dreier seg om vedlikehaldsfôring. Kraftfôret treng heller ikkje å ha høgare proteininnhald i denne tida dersom ein supplerer med kraftfôr. På grunn av ulike krav til kopparinnhald i kraftfôret til sau og storfe, kan ein ikkje bruke same kraftfôrslag til både desse dyreartane. Dei kraftfôrslaga vi da har å velje i frå Felleskjøpet er Formel sau som har 0,96Fem/ kg, 110 g AAT/FEm  og +10 g  PBV /FEm. Dette kraftfôret passar godt i høgdrektihets og lammingsperioden. I Felleskjøpet Agri har dei også laga eit kraftfôr FK-sauefor med negativ PBV og 95 g AAT/Fem. Dette kraftfôret passar godt dersom det er nødvendig å fôre med kraftfôr i lågdrektigheits-perioden. I tillegg har Felleskjøpet Formel lam med 0,90 Fem/kg 110 g AAT/Fem og +10 g PBV pr FEm. Dette er eit fiberrikt kraftfôr spesielt egna ved appetittfôring av lam på hausten.

 

Mineral og vitamin

Mangel på mineraler og vitaminer kan føre til mangelsjukdomar av ymse slag, nedsett appetitt og tilvekst. Grovfôr åleine inneheld som regel ikkje nok mineraler og vitaminer i høve til behovet til sauen. Kraftfôr er difor tilsett både vitamin og mineral for å bøte på dette. Ein bør ha som regel at alle søyer som får mindre enn  0,3 kg kraftfôr, får tilskot av ei allsidig vitamin- og  mineralblanding, 15 -25 g/dag.  I tillegg skal sauen ha tilgang på kvit saltslikkestein for å dekke behovet for salt.

 

Vatn

Vassbehovet til søyene aukar utover i drektigheitstida, særleg dersom grovfôret inneheld lite vatn. Uansett vassbehov skal alle søyer ha fri tilgang på vatn av god kvalitet. Drikkekar og drikkeniplar må difor bli sjekka og reingjort med jamne mellomrom slik at dei fungerer som dei skal !

 

Hold og fødselsvekt er fasiten!

I starten av kvar innefôringssesong bør ein vurdere grovfôrkvalitet og -mengde og leggje opp ein plan for korleis ein bør fôre sauen. Svaret på om fôrplanen fungerer slik du trur, er å fylgje med på korleis holdet på søyene utviklar seg. Dersom søya går for mykje ned i hold, må ein justere planen ved å gje meir grovfôr eller supplere med kraftfôr. Sauen betalar godt for skikkeleg fôring!

Holdvurdering:

Rygg

Ta eit godt tak bakerst på ryggen foran krysset og bak ribbbeina. Kjenn etter feittlag over ryggraden på torntappane. Torntappane bør vera mjuke og avrunda.  Bruk fingertuppane til å kjenna etter feittlag på tverrutvekstane. Desse skal også vera mjuke og godt dekt med eit feittlag.

Halerot

Ta eit godt grep rundt halerota. Det skal vera eit godt feittlag utanpå knoklane

Sida

Sett fingertuppane rett inn i sida og før desse att og fram. Ein vil da kunne vurdera muskel og feitt på ribbeina.


 

Holdvurdering ved å kjenne på tverrutvekstane og torntappane:

For den som vil gå meir systematisk til verks, finst det og eit system for holdvurdering i klasser og tilråing for kva holdklasse søyene bør vera i til ulike tider:

PERIODE

TILRÅDD HOLDKLASSE GJENNOM ÅRET

8 veker etter lamming - paring

Stigande hold opp til klasse 3,5

Paring -  lamming

Stabilt hold i klasse 3,5 -3

Lamming - 8 veker etter lamming

Maksimum nedgang i hold til klasse 2