Fôrmais i Stjørdal 2007 - tilfredsstillande avling med plastdekke

24.01.2008 (Oppdatert: 03.02.2017) Oddbjørn Kval-Engstad

Det kjem stadig nye sortar av fôrmais, og det er ei viss interesse for nye vekstar i ei tid med klimaendringar. Vi sådde difor tre sortar av fôrmais i Stjørdal den 21. mai i 2007. Bruk av plastdekke auka avlinga frå om lag 800 kg til 1 100 kg tørrstoff per dekar.

Av Lars Nesheim, Bioforsk Midt-Norge

Bilde: Maisplantar med og utan plastdekke 10 dagar etter såing. Foto: Lars Nesheim

I åra 2002 til 2004 gjennomførte Bioforsk forsøk med ulike sortar av fôrmais på Jæren og i Stjørdal. Middelavlinga varierte frå 350 kg tørrstoff i Stjørdal i 2004 til 1470 kg i Stjørdal i 2002. Særleg i 2002 var tilhøva gunstige for mais. Middeltemperaturen var godt over normalen heile sommaren, og i august var det heile fem grader varmare enn normalen for 30-års perioden 1961-1990. På grunnlag av hausteresultat i tre år og vêrdata for tiårsperioden 1995-2004, vart det konkludert med at fôrmaisproduksjon i Trøndelag og på Jæren er eit risikoforetak, sjølv om ein tek i bruk plastdekke.

Det kjem stadig nye sortar av fôrmais, og det er ei viss interesse for nye vekstar i ei tid med klimaendringar. Vi sådde difor tre sortar av fôrmais i Stjørdal den 21. mai i 2007. Jordtemperaturen var då litt over 8º C. Sortane var 'Destiny', 'Eternity' og 'Vernal', den sistnemnde var også med i forsøka i 2002-2004. Det vart lagt plastdekke på halve feltet nokre dagar etter såing. I midten av juni vart det tørt, og feltet vart vatna tre gonger fram til byrjinga av juli. Første frostnatt kom 18. september og feltet vart hausta 21. september.
Sortane 'Destiny' og 'Vernal' produserte om lag 950 kg tørrstoff per dekar, og det var 100 kg meir enn 'Eternity'. Bruk av plastdekke auka avlinga frå om lag 800 kg til 1 100 kg tørrstoff per dekar. Ein har ikkje rekna på om denne avlingsauken er stor nok til å forsvare ekstra kostnader med legging av plastdekke. Avlingsnivået for mais utan plastdekke i 2007 var berre vel 50 % av avlinga i toppåret 2002, og andelen av kolbar var langt lågare. Då var varmesummen frå såing til hausting 2 076 døgngrader, mot 1 654 døgngrader i 2007. Med unnatak av 2002 har ein kvart år samanlikna veksten med og utan plastdekke. Og i åra 2003, 2004 og 2007 var avlinga om lag lik der det vart nytta plast, med variasjon frå 1 100 til 1 150 kg tørrstoff.

Kontaktperson: Lars Nesheim, Bioforsk Midt-Norge


Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.