Vatning til eng - er det lønsamt ?

12.06.2009 (Oppdatert: 03.02.2017) ,  Oddbjørn Kval-Engstad

I fôrproduksjonen er det økonomien i husdyrproduksjonen som vert avgjerande for om tiltak i planteproduksjonen kan svara seg. Dette gjer at samanhengen mellom investeringar og driftsutgifter til vatningsanlegg og økonomisk utbyte vert tolleg innfløkte å greia ut. Større grovfôravlingar kan gi grunnlag for auka husdyrproduksjon, redusert kraftfôrinnkjøp, eller frigjering av areal til annan planteproduksjon.

Foto: Perrot.de

Av Arne Oddvar Skjelvåg, Jenny K. Heggvold og Ole Hans Baadshaug
Institutt for plante- og miljøvitenskap, UMB

I fôrproduksjonen er det økonomien i husdyrproduksjonen som vert avgjerande for om tiltak i planteproduksjonen kan svara seg. Dette gjer at samanhengen mellom investeringar og driftsutgifter til vatningsanlegg og økonomisk utbyte vert tolleg innfløkte å greia ut. Større grovfôravlingar kan gi grunnlag for auka husdyrproduksjon, redusert kraftfôrinnkjøp, eller frigjering av areal til annan planteproduksjon. Auka husdyrproduksjon kan stundom vera uaktuell på grunn av fjøsplass eller kvotar.

Størst mogleg avling får ein om ein sikrar optimal vasstilgang kontinuerleg. I praksis er det likevel uaktuelt å vatna ved for låge underskott i jorda. Som ei retningsline set ein gjerne eit underskott på 25 mm som ei grense på tørkeveik jord, 35 mm på middels tørkesterke jordartar og 40 mm på dei tørkesterke. Dersom tilgangen på vatn eller utstyr er avgrensa, og ein lyt prioritera stramt, vil ein helst ha mest att ved å vatna etter slått og eller etter gjødsling.
 
I vedlagde artikkel gjer professor Arne Oddvar Skjelvåg og medarbeidarar greie for forsøk med vatning til eng.
Les/last ned: artikkel i pdf-format.