Dyrkingspotensiale for raisvingel i Norge

18.08.2009 (Oppdatert: 03.02.2017) Oddbjørn Kval-Engstad

Raisvingel er kryssing mellom artar av raigras og svingel. Nye forsøk viser at fleire kandidatsortar frå norsk sortsutvikling kan vera både varige, gi høg avling og ha god fôrkvalitet.

Bildet viser variasjon mellom raisvingelsortar. Til venstre ein sort med stor akssetjing og til høgre ein sort som har svært få aks i gjenveksten. Foto: Liv Østrem.

Forfattarar:

Liv Østrem1), Birger Volden2) og Arild Larsen3)

1)Bioforsk Vest Fureneset, 2)Bioforsk Nord Bodø, 3)Graminor AS avd. nord, Bodø
   
Manus frå Bioforskkonferansen 2009, finnast i Bioforsk FOKUS 4(2): 218-219. Last ned pdf-fil av artikkel frå Bioforsk sine nettsider.
 
Forsøk og praktisk dyrking har vist at raisvingel har stort avlingspotensial. Sortane Paulita (italiensk raigras x engsvingel) og Felina (it. raigras x strandsvingel) er på norsk sortsliste, medan Hykor, med same foreldreartar som Felina, er tilrådd godkjent etter verdiprøving. Nye forsøk viser at fleire kandidatsortar frå norsk sortsutvikling kan vera både varige, gi høg avling og ha god fôrkvalitet.
 
Raisvingel er kryssing mellom artar av raigras og svingel. Sortane kan vera mellomformer av foreldreartane eller vera avla mot ein av dei og varierer m.o.t. overvintring, avling og vekst gjennom sesongen. Sortar med strandsvingelbakgrunn har overvintra best og gitt mest stabile avlingar over år (Hykor, Felina), medan sortar med engsvingelopphav (Paulita, Felopa) har vist stort avlingspotensial men er lite varige. Graminor har stor aktivitet m.o.t. sortsutvikling av raisvingel, med hovudvekt på kryssingar mellom engelsk raigras og engsvingel. Generelt lågare vinterstyrke i forhold til timotei og engsvingel, gjer at raisvingel veks seinare om våren og først på sommaren, men i seinare slåttar har gode raisvingelsortar høgst avling og gir oftast høgst totalavling. Den gode veksten utover ettersommaren og tidleg på hausten er ein fordel i høve til tradisjonelle sortar i timotei og engsvingel. Vidare sortsutvikling vil etter kvart gje meir vinterherdige raisvingelsortar.
 
Grovfôrkvalitet
Med aukande fokus på grovfôrkvalitet og utnyttingsgrad av fiber, vil kravet til nye sortar vera at dei skal ha høg fôrkvalitet samt at det også er ønskjeleg at sorten held denne kvaliteten lengst råd. Sortane må også vera stabile over år m.o.t. overvintring og avling. I eit NFR-prosjekt mellom UMB, Bioforsk og Graminor, vart det i 2006 etablert haustetidsforsøk i Fjaler og Bodø med markedssortar av raisvingel (Hykor, Felopa) og kandidatsortar frå Graminor. Sortane vart hausta ved tidleg (aksa så vidt synlege) og normal haustetid (aksa halvvegs ut av slira). I 2006 vart det også etablert sortsforsøk med 16 raisvingelsortar og 4 kontrollsortar (timotei, engsvingel, engelsk raigras og strandsvingel) på Hamar, i Bodø og i Fjaler.
 
Resultat
I haustetidsforsøket hadde kandidatsorten FuRs0463 og Hykor sikkert høgre sumavling over hausteregime og felt enn Grindstad timotei. Grindstad hadde høgst avling i 1. slått, medan raisvingelsortane gav høgre avling ved seinare haustingar. Grindstad hadde størst mengde stenglar ved 1. slått, medan Felopa og FuRs0357 hadde høgst stengeldel ved seinare haustingar (Tabell 1). Frå sortsforsøket viste middel over to engår og tre stader at fleire raisvingelsortar hadde sikkert høgre avling enn timotei og engsvingel. Skilnader i overvintring gav ulik sortsrangering i Nord- og Sør-Norge. Paulita, Perun og Hykor gav størst avling i sør, medan kandidatsortane FuRs9812,  FuRs0463 og FuRs0135 var best i nord.
Fenologisk utviklingsstadium vart funne ved hjelp av ”Mean Stage by Count (Bonesmo & Bakken 2005). I middel av hausteregime og felt viste Grindstad timotei ved 1. slått eit meir avansert utviklingsstadium (2,5) enn raisvingelsortane (1,7-2,0) og Fure engsvingel (1,9). I 2. slått var raisvingel komen lengre i utvikling enn timotei med utvikling på høvesvis 2,1 og 1,7 for Felopa og Grindstad. Ved seinare slåttar var skilnadene i utvikling mindre.
 
Fiberinnhald i form av NDF og UNDF (ufordøyeleg NDF) i avling (gjennomsnitt for Fjaler og Bodø) og i blad og stengel (Fjaler) for 1. og 2. slått i 2007, gitt som gjennomsnitt av tidleg og normal skyting, er vist i Tabell 2. Samanlikna med andre raisvingelsortar hadde Hykor høgt fiberinnhald og også eit svært høgt innhald av ufordøyeleg NDF, spesielt i blada. Vinteren 2008-09 vert det gjennomført fôringsforsøk med oksar ved Bioforsk Nord Bodø av ensilert fôr av Felina, Felopa og Vega timotei.  I løpet av 2009 vil ein ha resultat for i kor stor grad til dels store skilnader i fôrkvalitet påverkar kjøtproduktet.
 
Dyrkingsråd
Raisvingel gir store avlingar og må haustast tre gonger for å få tilfredsstillande fôrkvalitet (Østrem & Hamar 2005, Østrem 2007). Det er viktig med tidleg førsteslått og eit komprimert tidsrom mellom slåttane. Hykor set få aks i førsteslåtten og har rask gjenvekst som kun er blad. Fem-seks veker mellom slåttane kan vera ei rettesnor, og spesielt i gjenveksten er avlinga større enn det ein trur. Blada hjå Hykor kan lett bli over halvmeteren lange, og når blada legg seg oppå kvarandre i veksten, syner avlinga lite att i høgda. Raisvingelsortane har ofte ein open veksemåte samanlikna med andre kulturgrasartar. Dette gjer dei godt eigna til bruk i blandingar, kanskje med unntak av timotei som lett kan koma i utakt med den raske gjenveksten og dermed forsvinn raskare enn om haustetida vert tilpassa timotei.
 
Referansar
Bonesmo, H. & A.K. Bakken. 2005. Presentasjon av arbeidet med å lage prognose for avling og kvalitet hos grovfôr. Grøn kunnskap 9(4):187-194.
Østrem, L. & T. Hamar 2005. Raisvingel – rettleiingsprøving og storskalaforsøk i Sør-Norge.  Grønn kunnskap 9(5):167-172.
Østrem, L. 2007. Raisvingel og fleirårig raigras til slått og beite. Bioforsk FOKUS 2(7):21-23.
 


Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.