Storfekjøtproduksjon - fôring av oksar

05.11.2009 (Oppdatert: 03.02.2017) Oddbjørn Kval-Engstad

Grovfôr er viktig for veksande storfe. Grovfôr og beite har ein sentral plass i rasjonen til storfe i vekst. Normalt utgjer grovfôr 40-60 % av energien i rasjonen til oksar. God grovfôrkvalitet og tildeling som sikrar høgt opptak, kan spara opptil 500 FEm av kraftfôr ved framfôring av oksar frå 3 månaders alder til slakting ved 600 kg levande vekt. Næringsrikt og velberga grovfôr til moderate kostnader er derfor grunnleggjande for god økonomi i storfekjøtproduksjonen.

Av Øystein Havrevoll, Nortura SA

Behov for meir storfekjøt

Med færre mjølkekyr og jamt stigande forbruk av storfekjøt, er det behov for å utnytta  kjøtproduksjonen  på mjølkebruket betre enn i dag.  Men det vil også vera behov for fleire ammekyr enn dei knapt 60 000 kyrne det er i Noreg nå (SLF 2008).  Prognoser frå september 2009 viser at det kan bli underskot på 3400 tonn storfekjøt i 2010.

Jamn tilgang på storfekjøt heile året er viktig for å dekka behovet i butikkar.  Normalt er det minst tilgang på slakt  i perioden frå mars til august.  Men auka pris  i denne perioden fører til at fleire  produsentar styrer oksefôringa slik at dei kunna ta med seg pristillegget.  Dette er positivt og syner at bonden er marknadsretta.   Meir informasjon om storfekjøtproduksjon, leveringsvilkår og  rådgiving finn du på heimesida til Nortura: http://www.medlem.nortura.no/ eller ta kontakt med nærmaste medlemssenter.

Tiltak for å auka storfekjøtproduksjonen

Talet på fødde og livskraftige kalvar vil vera mest avgrensande for framtidig kjøtproduksjon.  Men med nåverande kutal, er det eit potensiale for fleire kalvar per årsku  ved å auka fruktbarheten og redusera kalvetapet spesielt hos ammekyr.  Fôring etter hold, planfast bruk av inseminering eller okse (ammekyr), nok råmjølk til alle kalvar og plass til alle ungdyr, er viktige tiltak for å auka produksjonen per årsku.  Sterk utrangering av kyr vil også auka kjøtproduksjonen i buskapen. Auka slaktevekter til minst 250 kg på alle oksar og minst 200 kg på kviger er også eit steg i rett lei. Men  Nortura ynskjer ikkje at dei tunge slakta skal bli endå tyngre. Det vil føra til stor variasjon i storleik og kvalitetet på stykningsdelar og filéar til butikkane.  Over 40 % av storfeslaktet kjem frå kvige, ung ku eller ku.  Dette kan vera slakt av framifrå kvalitet.  Men det krev planfast styring av produksjonen for å oppnå passe feite slakt. Det et eit stort potensiale for auka kjøtproduksjon ved å utnytta kvigereserven betre enn i dag. Ta gjerne ein kalv av kvige og slakt fleire kyr.   

Bestem bruken av kalven tidleg

Bruken av kalven må avklarast innan tre månaders alder. Tilgang på ressursar på garden og pris på slakt vil avgjera korleis kalven skal brukast.

Her er nokre aktuelle alternativ: 

  1. Livkalv til eigen rekruttering av buskapen må ha første prioritet.
  2. Sal av fôringskalv kan vera aktuelt for dei som ikkje har plass til å fôra fram oksar eller kviger til slakt.  Kalven bør veksa minst veksa 600-700 g /dag  fram til omsetting ved ca tre månaders alder. Han skal då vera avvendt frå mjølk minst to veker tidlegare.
  3. Kvalitetkalv eller mellomkalv skal ha ei slaktevekt på 100 - 140 kg ved 5-7 månaders alder. Den som vurderer å starta med produksjonen, må ta kontakt med Nortura  for å få avtale.  Kalven skal veksa spesielt godt heile tida, og han bør nesten ha fri tilgang på kraftfôr.  Produksjonen er mest aktuelt for dei som ikkje har plass til å fôra fram oksar.
  4. Framfôring av oksar til slakt er den mest vanlege produksjonsforma.  Plass i fjøset, tilgang på kalv, grovfôravling  og ønske om leveringstidspunkt vil avgjera intensiteten i produksjonen. Dersom ein ynskjer å ha høg intensitet og slaktealder på 15 månader eller yngre, bør ein fôra kalvane sterkare enn vanleg livkalvfôring alt frå 2-3 månaders alder.  
  5. Kjøtproduksjon på kviger er for lite utnytta.  Dersom ein har god plass, nok beite og god tilgang på grovfôr, er det aktuelt å fôra ein del av kvigene fram til slakt ved 20-24 månaders alder.  Det er liten grunn til å skilja mellom fôring av kviger til rekruttering og kviger til slakt. For å få fleire kalvar til å bruk i kjøtproduksjon, kan ein inseminera kviga og la ho gå med ammekalv fram til slakting ved ca 30 månaders alder. Målet er at Nortura får færre kvigeslakt, men fleire slakt av kyr som har hatt minst ein kalv.   

Slaktealder og slaktevekt bestemmer fôrstyrke

Kjøtproduksjonen må gjennomførast etter ein fastsett plan der slaktealder og slaktevekt må vurderast nøye på førehand.  Tilgang på ressursar og økonomi vil vera avgjerande for desse vala.  I nært samarbeid med bonden kan rådgivaren i Nortura  setja opp dekkingsbidrag for aktuelle driftsopplegg (produksjonsinntekter - variable kostnader). Vurdering av prisen på grovfôret er då erfaringsmessig det som krev mest diskusjon. Val av slaktevekt og slaktealder bestemmer behov for tilvekst og dermed næringsbehov som må til for å oppnå planlagt resultat.  I Tabell 1 har eg sett opp rettleiande tal for slaktevekt og slaktealder ved ulik produksjonsform og dyremateriale. Dette er gjennomsnittstal, men det er stor individuell variasjon frå dyr til dyr.

Tabell 1.  Aktuelle  levande vekter og slaktevekter for oksar

Rase

            NRF

          Lett rase

       Tung rase

Slaktealder, mnd.

14

18

14

18

14

18

Vekt ved 6 mnd. alder, kg

200

175

270

250

310

290

Vekt ved slakting, kg

540

615

490

550

590

670

Tilvekst, fødsel-slakt, g/dag

1175

1050

1060

930

1280

1150

 

Slakteprosent

52

51

54

53

56

55

Slaktevekt, kg

280

315

265

290

330

370

 

Fôrplanlegging  -  fôranalysar

Som nemnt vil val av slaktealder og slaktevekt bestemma krav til tilvekst og næringsbehov.

Det gir grunnlag for å arbeida ut ein fôrplan.  Fôrplanen kan omfatta tre delar:

  • Optimering av rasjon ut frå ønska produksjonsresultat, næringsbehov og tilgang på fôrmiddel
  • Utrekning av fôrbehov og fôrdisponering gjennom året for ei gruppe av dyr eller heile buskapen
  • Utrekning av produksjonsinntekter og fôrkostnader med dekkingsbidrag for produksjonen

Nortura optimerar rasjonar  for storfe i vekst  etter FEm-systemet frå 1993. Som eit verktøy for fôrplanlegging brukar me Samplan storfe med utrekning av fôrrasjonar, fôrdisponering og fôrøkonomi.   TINE innførte i 2009 TINE Optifor Ungdyr etter NorFor Plan. Systemet reknar nettoenergi i form av MJ, og både fôrnivå og fôrsamansetting vil virka inn på fôrverdien. Ved fôrplanlegging er det nødvendig å kjenna næringsinnhald og fordøyelsekarakteristikkar til dei fôrmidla som blir brukte.  Uttak, sending av prøver og analysar,  sjå Eurofins sine nettsider.  I samarbeid med Nortura vil TINE arrangera produsentkurs for å ta i bruk dette verktøyet til planlegging av kjøtproduksjonen på den enkelte garden.

Ta gjerne kontakt med rådgivar i Nortura eller TINE for å vurdera resultat frå fôranalysen eller for å laga ein fôrplan til veksande storfe. 

Fôrplan til oksar med ulike intensitet i produksjonen

Tilgang og kvalitet på grovfôret er nøkkel til god fôring og økonomi i produksjonen.  Hugs at oksar skal ha rikelig med godt grovfôr for å veksa godt.  Dersom ein har god tilgang på kalv, litt lite grovfôr og liten plass, kan det løna seg å fôra sterkt.  Dersom ein har liten tilgang på kalv, rikeleg med grovfôr og god plass i fjøset, kan ein bruka lengre tid slik som vist i Tabell 2.  Men då går det med ca 800-1200 FEm meir per slakt samanlikna med intensiv fôring. Ved svakare fôring kan ein derimot levera tyngre dyr utan å få overfeite slakt. I oppsettet i Tabell 2 har eg brukt lik pris på grovfôret ved ulik intensitet i produksjonen. 

I tillegg kjem fôrforbruket i kalveperioden frå fødsel til 3 månaders alder. Her går det med  300-400 l mjølk, 50-70 kg kraftfôr og totalt ca 180 FEm.  Ein må også rekna med noko fôrrestar som ikkje blir utnytta av dyret.

Tabell 2.  Fôrforbruk og økonomi  (DB 2) frå tre månaders alder til slakt ved ulike intensitet i kjøtproduksjon på oksar.  Arealtilskot er ikkje teke med i oppsettet. 

Prisar frå oktober 2009.  Distriktssone 2.  Avtaletillegg, puljetillegg. Gilde Ekstra.

Middels grovfôrkvalitet; 0,88 FEm/kg TS.   Kostnad grovfôr: kr. 1,80/FEm.

Fôrstyrke

Intensiv

Moderat

Ekstensiv

Alder ved slakting, mnd.

14

18

21

Startvekt, kg

110

100

100

Slaktevekt, kg

281

316

333

Tilvekst i gj.snitt, g/dag

1287

1128

1012

Fôrforbruk totalt, FEm

2073

2841

3414

FEm/kg slakt

7,4

9,0

10,2

Kg kraftfôr per dag, maks

4,0

3,0

2,0

Kg kraftfôr totalt

1163

1193

1058

Kr kg slakt

47,09

46,48

46,51

DB per slakt, kr

4542

6722

5093

DB per slakt og år, kr

4955

5378

3395

 

Kontroll med resultatet

Ein fôrplan er ei rettesnor i fôringa.  Kontroller hold og tilvekst med jamne mellomrom. Svarer grovfôret til forventningane?  Eller er det noko i opplegget som bør justerast?  I ei gruppe av oksar vil det alltid vera ein viss variasjon i vekst og slakteresultat.  Bruk data frå Kukontollen, Storfekjøttkontrollen og avrekninga frå Nortura aktivt til å justera opplegget  neste gong ei pulje av oksar skal fôrast fram til slakt.  Søk råd om behov. 

 

LYKKE TIL!



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.